Ord og uttrykk A - C

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk


Abærr (er/vere) Tyder at markene er snøfri. Vere abærre.

”Markjinje æ abærre no”. ”Ska tru om da bli abært dinnje vekå”?

Agne (ei) “Hamsen” på kornet - etter at den var

var sortert frå i treskjeprosessen.

Ambar (ein) Bøtteliknande kar laga av trestavar. Rundt, m/lok

og handtak. Varierande storleik - opptil om lag 10 liter. For oppbevaring av føderåd etc. Sjå “klokk”.

Andeleis D.s.s. onnorleis.
Andøve (å) Å halde båten stabilt i ro i vind/trekk, eller å ro den

i dorgefart. Om sakte symjande fugl. Og også om person - å gå/flytte seg sakte.

Ansam(e) (vere) D.s.s. å vere tidlaus. Ha det hektisk, travelt. (”Ha da ansamt”).
Anselaus/løyse (vere) Tankeløyse. Distraksjon. ”Haudelaust”.
Assa Korting for mannsnamnet Asmund.

Vi hadde ei tid fem av dei samstundes i Seljebygda og Moldefjorden: ”Assa dal” (Djubedal), ”Assa hy” (Nøstdal), ”Assa sprell” (Rasmusson Hamre) og ”Assa skrobb” (Andreasson Hamre - på ”Skrobbehaua”), og så han Asmund i Salt.

Assaløvinj Kjælenamn på Aslaug. ”Løvinj” vart og mykje

brukt. Ei av naboane: Astrid Persdtr. Berge vart til dagleg kalla ”Ass”. (”Honn Ass”). Hjå oss var nok Ass/Assa berre ei folkeleg korting for personnamn som byrjar på As.

Ata dosa Meiningslause ord eigenleg. Mor og far meinte at

Åse på Berstad kalla seg dette då ho tok til å snakke, men eg trur det kan vere babyspråk for ”Åse sine sko” (e.l).

Attaføre / atte føre (vere) Begge tyder bak.

Attaføre er å vere bak nokon. ”Gå attafør/e nokinj”. Atte føre: Bak om - forsvinne – t.d. som: ”Sola jikk atte føre-”.

Attegløyme (ei) Brukt om godt vaksne, ugifte kvinner.
Attegådde (vere) D.s.s. tett. T.d. om tette veiter og rør.

Og om personar: Dum åtferd t.d. “D’æ so attegått at ’a ligna ‘kje grisinj”.

Attelege (ei) Nysådd grasmark. Bar namnet fyrste slåtteåret.

Kanskje lenger og, for eg hugsar at kultiverte markstykke utan spesielle namn kunne verte heitande ”attelegå” i årevis. Sjå og ”lege”.

Attelete (å) Tenkje på/engste seg for noko.

“Æg atteleta so på hånå opp’å fjellja”. “Æg atteleta på klæsvaskinj so hænge ute”.

Auskjer (eit) Reiskap å ause vatn ut av båten med. Kunne vere

bøtte eller spann, men det var gjerne den spesiallaga reiskapen av tre som bar dette namnet. Truleg avleidd av “ausekjerald”?

Avreide (ei/å) D.s.s. skjennepreike. (Sjå og “reksle”/”kjylpe”).

”-- gje ’nå (el. ånå, hinnje, dei”) ei avreide”.

Avs(k)jorta (vere/verte) D.s.s. skjorteblaut, søkkvåt, sveitt, sliten.
Avøyde (å) D.s.s. å slå i hel. Spesiellt om å måtte kvitte seg

med mykje buskap.

Bánj(e) (lang a) (eit) D.s.s. barn. “Bánj”, flt.“bonnj/bonnjå” (o/å-lyd).
Barke (å) Ordet kjem kanskje av ordet bork.

1. Barke garn (fiskegarn). Impregnering. Hugsar ikkje oppskrifta, men det vart laga ein ”lake” på ulike typar av bork frå lauvtre. Når denne var ”utgått” putta ein bomullgarna oppi for nokre døgn. (Då blåstein vart tilgjengeleg i ein periode vart den nytta). 2. Liknande lake av bork var nytta i prosessen når ein laga ler av storfehuder, då kalla garving. Hudene vart lagt i slik lake ein periode for at pelsen skulle kunne skrapast av.

Barkje(inj) (ein) Farfar/farmor brukte ordet om delen av luftrøret

som ligg i halsen (strupehovudet). Mest om dyr, men og om menneske,

Barrvase (ein) Flokar av alle slag. Rot.

I overførd tyding og om mental tilstand. “Da vart bærre enj barrvase ta heile greiinje”.

Be(g)jé (å) Etter det eg kan hugse nytta farmor dette ordet i

tydinga - å måtte slutte med--. “Hannj måtte bejé heile-----”.

Beine (ei) Ei teneste. Mest brukt om ”oppgjer” av

takksamskuld.

Beire (vere) D.s.s. betre. Og brukt som ”Trøste og beire mæg”.

”Beire enn---”. Ø har ø/y lyd.

Beitel (ein) Kile av jern. D.s.s. meisel. (Ved/steinkløyvar).
Belág (eit) Fortøyingstampen i båten / færingen.

”Du får ta belaje”. (Å beleggje, setje fast i-).

Belåtinj (vere) D.s.s. å vere forsynt. ”Æg æ so væl belåtinj”.
”Ber mæg no heim atte” Etter farmor. Omlag d.s.s. “Ha’kje haurt på

makjinj”, eller “d’æ da vest’ æg ’a haurt”.

Berebåre (ei) To paralelle staurar, omlag 2 m. lange, med 5-6

bordendar (omlag 75 cm.) spikra tvers over. Høveleg å bere t.d. klippfisk el. fiskegarn på.

Beride (å) Etter farmor. Om å holde ut, makte, overleve.

“Da va so vitt dei beridde”.

Bete (ein) 1. Om mat: T.d. smørbete/fiskebete/sildebete: Ulik

mat lagd på flatbrød - med eller utan smør - gjerne med skiver av kokt potet opp på - og med meir flatbrød på toppen. 2. Om bjelkar: T.d. i låven: “Betanje”, som hjellen ligg på, og øvst i berekonstruksjonen der er ”hanebetanje”.

Bisne (å/eit) D.s.s. å følgje nyfiken med/sjå på.

Eit bisn. D.s.s. ”storhende”.

Blande (ei) Sjølvsagd tyding, men her om farfar sitt namn på

innhaldet i spannet han alltid hadde med seg i i slåttemarka. Blanding av myse/vatn eller saup/vatn.Han sveitta veldig og drakk gjerne 2-3 liter kvar økt.

Blek(e) (å/eit) Varsel/signal. Gml. kommunikasjonsform. Ei

avtala varsling. Når vi t.d. ønskte å snakke med dei på Berstad la vi eit laken godt synleg i bakkane el. på granhekken. Same ordning andre vegen. Det kunne elles tyde det ein avtala det skulle tyde. “Sjå itte blek”. ”Sjå om dei bleka”. Sjå og ”ræde”.

Blesme (å) Om sau i brunst. «Blesmesaud».

Verane “bronda”. (”Graveir”).

Blålamb (eit) Lam som ikkje voks skikkeleg og gjerne var noko

puslete og magert. Om det levde over våren trengdes det ekstra foring før hausten. Haust og vår kunne det vere “blåsykjeveir” som tok hardt på helsa til desse lamma.

Blåsegryn Vår nemning på det som no er ”Puffet hvete” o.a.

”cerials”. Den fyrste eg hugsar i heimen var: ”Gylne havrenøtter”.

Bode(anje) (ein) O/å lyd. D.s.s båe/flu. Hos oss og nytta som

spesifikt særnamn om skjera i Saltasundet.

Boffel (ein) Far sitt uttrykk - etter Ryst-Anders. Ein som er

toskete og tankelaus - i tale som i åtferd. “Boffelaktigt”.

Bokkje (ein) O/å-lyd. Stor, rørsleg kar. (Troll).

“Litt ‘a enj bokkje”. (“Enj store prylert”).

Boknasild “Torresild”. Etter tørking i 2-3 veker var den nok

boken/bokna og klar til koking. (Snaddermat). Silda var sløgd, kappa hovudet av og vrengd med skinnsida inn. Deretter tredd på stenger og hengd til tørk i låven . Sjå og ”kobbesild” og Leif sitt innlegg på Lesto.no.

Bol(e) (ein/eit) 1. O/å-lyd: Plagg. Ulloverdel - om undertøy.

2. O-lyd: “Liggeunderlag” for husdyr i båsar og “garar”. (Høyrestar/halm/lauv/sagflis/mose). Sjå “pondeprøysle”. Men og t.d. om uryddige soverom - og 3. om humle, kveps og ormebol sjølvsagt.

Bolse (å/ein) O/å-lyd. “Prate med store store bokstavar” el.

skryte. “Du må ‘kje bolse slek”. ”Enj bolsar”.

Bolstr(e) (ein) O/å-lyd. Liggeunderlag i seng. Halm-madrass.

(I bruk t.d. av farfar fram til omlag 1960). Og brukt om vattmadrassar av og til.

Bosserone (ei) O/å lyd i ”rone”. Arbeidsjakke av dongeri.
Bostyvel(e) (ein) Om ein person med “piggane” ute.
Botel(e) (ein) O/å-lyd. Brukt om kjerald, skål, krukke, bøtte o.s.b.

Til å ha/oppbevare ulike ting i. Truleg av ”butelje”?

Brennjenot (ei) D.s.s. “brennenesle”.

”Not” (o/å) i denne samanhengen kjenner eg ikkje tydinga av.

Bresjle / bretlje (ei) Av å breie. Noko å ha over seg når ein ligg.

T.d. eit teppe / pledd. Ordet brukt når noko skulle dekkjast til: “Ha ei bresjle øve ‘ånå”, ”da” el. ”hinnje”.

Brim D.s.s. prim. Her på garden laga av m.a. myse/saup.
Bronde (å) Om ver i brunst, oftast nemnt som ”graveir”.

Sauene ”blesma”.

Brosk (ein) Pannehår. Uryddig hår.
Brosse å/ein O/å-lyd. Omlag d.s.s. brothest.

Vere fysisk uvøren. Tidlaus. (Brossete).

Brot (eit/ein) O/å-lyd. Mange tydingar: Om brot av bein, kvist

etc. er ordet sjølvagt. I vårt mål også om kant eller fald. T.d. “sokkebrotet”. Men og ”brotinj” i låven. ”Høybrotinj”, den delen av låven der ”høystålet” låg. -Også i omtale av skjennepreike: ”Dei fekk opp i brotet”. -Om å ta nybrot eller torvbrot t.d., -og om sjø/bårebrot mot land. -Om knust glas: Glasbrot.

Brothest (ein) O/å-lyd. Vørlaus/finesselaus i fysisk arbeid el.

handling. Sjå ”brosse”.

Bruna/bruninje Sjå ”himmelsjå” Vi må få saudinje opp på

bruninje”.

Brye (ei) Foringstrauet til grisen. Hest, ku og sau hadde

“æte”. T.d. “Ned i hestætinje”. Høns hadde “krybbe”, men og her vart “æte” brukt.

Brykkje (å/ei) D.s.s. “brothest”. Tankelaus, klønete - “brykkjete”.

Men og om storvaksen grovbygd kvinne.

Brynnje (å) Å gje dyra vatn. ”Brynnje kjynnjå”.
Bræde (eit/å) 1. Ekstra papiromslag på bøker (varetrekk).

Det var fast regel ved skulestart kvart år at alle lærebøkene skulle leggjast “bræde” på. Vanlegvis laga av hyllepapir eller gråpapir. 2. Smørje tjære på trebåtar. (Vi sa ”kjære“.) ”Kjærebræde færinjgjinj”.

Brækte (å) Hos oss “bræka” ikkje sauene, men “brækta”.

Sjå “bækre”.

Bræle (å/ein/ei) Vise seg fram, kreve merksemd. Oftast negativ

tyding (jantelova?). “Hanj for no dar og brælte igjen”.

Brænnsnut D.s.s. betasuppe. Skulle vere godt varm. Namnet

indikerer det. Vart ekstra god med knokar av tørka kjøt (fenalår/spekeskinke) i.

Brøsme (ei) Fisk. D.s.s. brosme.

Fyrste fiskeslaget eg lærde å like. Lettsalta, med heimelaga smør og flatbrød var den herrekost.

Brøyde (å) Trekkje over/dekkje/spreie (breie) ut.

Brukt om å: t.d. “brøyde over seg dynå”, “brøyde høy”, “brøyde møk” o.s.b.

Brågn (ein) D.s.s. bringebærbusk. (Brågnebær).
Bumerkje Eit konstruert teikn, eksklusivt for ein gard eller

eigedom. (Eller ein særskild person). Nyleg (2001) kom eg over ein gamal navar i kjellaren i ”Gamletunet”. På den er bumerket for gnr 64 bnr 1 skore inn saman med initiala ”L.O.L” - og årstalet 1878.

Byrske (vere) D.s.s. streng - nesten sint. ”Æg måtte gjere mæg

byrske te ’nå”

Byting (ein) Tydinga hos oss som den vanlege. Person som er

ugrei, fantete eller kjeltringaktig.

Bæje (eit/å) Gjerde, hindring eller handling for å leie/hindre dyr

i å gå i spesiell retning. ”Klara du å bæje dei?”

Bæk/bækje Far sin variant av å ”ottre”. Slektskap til engelsk og

back kanskje – kvar det no enn var kome frå.

Bækre (å/ein) D.s.s. å “brækte”. Far nytta “bækrinj” som

kjælenamn på “storeveirinj”.

Bælla Kallenamn på Bernhard Berge.
Bæm(b)le (å) Som eg hugsar det: Om person, drikkemåte. Drikke

slike mengder -og så fort- at ein ikkje svel skikkeleg unna. Dette er slik eg oppfatta ordet. Somme meiner at “dæmle” er det rette og einaste -og var brukt også i denne tydinga.

Bærr’hauda (vere) Utan noko på hovudet.

Brukte også “bærrehauda”.

Bæsi Utnamn på kvinnfolk generelt.

“Hon va’kje tyde i dag ‘on bæsi”.

Bøjinje Skuldrane - overdelen på framlemmene på dyr.
Bøle (eit) Om bol. Vi sa bøle. ”- et homlebøle”

Også om støyande og/eller uryddige forsamlingar. ”Da va noko te bøle”.