Ord og uttrykk G - I

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk


Gamlelesto ”Hanj Gamlelesto”. Eit av namna som vart nytta

om Anders Listou. (I ”Låna”). Eit anna var ”fanjunkeren”. Han hadde teke underoffiserkurs i ungdomen.

Gane (å) Vri hovudet av småfisk. Mort og sild spesielt.

”Ganemort” = mort som er liten nok til å kunne vri hovudet av. (Gane har vel med svelg/hals å gjere vil eg tru).

Gare (ein) Bingane dyra sto i. (Vi sa ikkje ”binge” - anna enn

om ”potetbengje”). “Saudegare”, “smalegare”, “grisegare”.

Garfjøs (eit) Løe/fjøs knytt til beite/utmark.

Gisne el. jisne (å) Når båtar eller kjørel av tre turkar ut. Det motsette av å ”trutne”. Å vere ”jese”, d.s.s. som å ha utette samanføyingar.

Gje len (å) Ta pause. Stoppe eit bel. “Han ga’kje len”.

Om arbeid - og t.d. mas frå ungar.

Glæ (vere) Om manét-liknande tilstand. Sleipt / ekkelt.
Gnaldre (å) Farfar sin variant av å gneldre. (D.s.s. snaldre).
Gnalljpining (ein) Ekstra kald vind. Også ”enj pining”. T.d. om

”skjellje”. (”Berstadskjelljå”). Sørausten frå Berstad haust og vinter.

Gneke (å) Gni (gneid/gneka). “Gnikke” var og brukt.
Gnellje (å) Om høglytt og høgtona munnbruk. ”Ka du gnellj’

itte”. ”Hon gnallj veldig”. (Gnaldre).

Gnue (å) D.s.s. å “gneke” intenst. (“Gnue og gnikke”).
Go(d)stevenninj “Kjærlegaste” ordet eg høyrde far brukte til mor.

Det var litt “flaut” å bruke intime ord som “elskling” om nokon høyrde på. Dette var hans godord til mor tett og ofte.

Golv (eit) 1. Sjølvforklarande.

2. Mellomromma mellom staurane i ei ”hæs”. Gombe Til lefse. Vår variant var “Nordfjordgombe”. Kalla t.d. “søst” eller “gome” i andre deler av landet. Laga av søtmjølk. Kvar gard/bygd har gjerne sin spesielle oppskrift. Sjå og “brim”.

Gople (ei) Uttrykk “Mil” nytta mykje. Om lag det same som

dynd og depel. Men han nytta det om all slag blautt samansurium.

Gops Impulsiv / tullete / klønete åtferd. Gjerne med

“minusresultat”. “Gopsefakte”. ”Gopseri”.

Gor (eit) Slakteavfall (innvolar).
Gorme (å) O/å-lyd. Uttrykk for å ha mykje å drive med

-gjerne “skjetarbeid”. “Da bli å gorme mæ idag”.

Gorp(e) (ein/å) D.s.s. å rape.
Gor-rotinj (vere) Ekstra stor latskap m.a. (Sjå “rotinj”).

Men og om heilt øydelagd treverk, øydelagd føderåd etc: “Gorande rote”.

Gotbore “O-ane“ har o/å-lyd. “Avløpsåpninga” på fisk.

“Got” kan kanskje tyde “skitt/avføring, og “bore” er då truleg d.s.s. hol/åpning. Det spørs vel om ordet ikke kan ha med å gyte å gjere, for det skjer i same ”kanal”.

Gov (eit) Om t.d. ver og vind, støv og “dombe”.

Ver: “Da sto gove ta ‘nå ront novinje”.

Graps(e) (å/ei/eit) Reiskap til åkerbruk (4 tindar) (til å hakka/grave

med). Men og brukt om t.d. “grapseveir”. D.s.s. dårleg ver. “Hanj æ grapsinj ute”

Greide (eit/å) 1. “Rommet” mellom skjækene. Sjå “skåk”.

2. “Greide ganj”. D.s.s. å gjere fiskegarna klar for setjing i båten direkte - eller frå eit ”trog”.

Greinalaus (vere) Farmor sitt uttrykk. D.s.s “hankelaust”.

“Aldeles greinalaust”.

Grese (vere) D.s.s. ”glissen“. “Da va grese i kjerkjebænkå i

dag”. ”Potetåkrinj såg gresinj ut”. ”Gensarinj va strikka altfor gresinj”.

Griddig(e) (vere) Grådig i meininga gjerrig.
Grigg Kallenamn på Gregorius Kjøde på Eide. (Morfar til

Grete Ertresvåg).

Groe (ein) Av vb. å gro. Brukt om “auga” på setjepoter, om

algevekst på båt under vasslina, og om mose/vegetasjon på vegger, murar etc.

Gro-hækjinj (vere) Ekstra svolten eller grådig. (Sjå “hækjinj”).

Forstavinga “gro” må tyde ekstra, stor eller mykje i denne samanhengen. Grovt hækjinj (“Grovelæ”).

Grolapp (ein) D.s.s. frosk.
Gromm(e) (vere) Kjekk / grei / snill.

“Grommegutinj vår”. “Gromm-onjgje”. “Da va grommt”. “Gjere sæg gromme”. Grovelæ D.s.s. veldig. Sjå “grøtelæ”, “gruelæ”. I Rogalang seier dei ”grævlig(t)”.

Grovere Bakker Symaskinen vi fyrst hadde i hus. Eg har ikkje

kontrollert at namnet vert skrive slik. Kanskje er “Bakker” med “ck”.

Gruhæntele(g) (vere) D.s.s. ”stort”. – Om både storleikar og hendingar.

T.d. ”Da va et gruhæntele rabalder”.

Gruelæ (vere) Som “grøtelæ”. Men mest brukt om meir store eller

dramatiske tilhøve.

Gryle (å) Sjå “ryle”.
Græle (ei) Om vind - svake vindkast.

“Noragræle”, “synnjagræle”.

Grøn (eit) D.s.s. deig. Brødeig, flatbrødeig.

Grøt og gronnj Variant av ”gard og grunn”. Alt ein eig.

Grøtelæ (vere) Svært/veldig/gyseleg. Som: “Grøtelæ store”.
Gust ei/eit Vindpust.

Som i engelsk der ”gust” tyder rose eller kast.

Gådde (vere) D.s.s. sliten. (Gåen).

Men og om å ha gått avgarde. “Dei æ gådde”.

Gå i mola (å) ”o” har o/å-lyd. D.s.s å gå sund. ”Denj jikk i

hondrede mola”.

Gått (ei) Mest brukt som ”dørgått”. Det er nedre del av

dørkarmen. Den vi stig på. (Terskelen).

Ha tamp i land Eit uttrykk farmor nytta om å ha beina på jorda.
Hal(v)kjylping (ein) Litt sleisk karaktristikk av ein vi meiner trur (for)

stort om seg sjølv, el. er udugeleg eller for liten. (Jantelov?). “Æ! Hanj æ bærre enj halkjylpinge”.

Halvsole (å) ”Hallsole” som vi sa. Om å legge nye sålar på sko.

Spesielt tilverka sålelær vart nytta.Verktyet var i skobenken. Skokniv, rasper, sylar og ferdig bekatråd. Skobenken var rikholdig utstyrt. Der var tråd, bust og bek og ”treskopinnar”, ”pinnehammarinj” og skolestene.

Hallj(e) (å/eit) 1. Stå skeivt, helle/lene.

2. Og brukt om å “hallje seg ned på”. D.s.s. å ta ein middagslur t.d. 3. Få “et hallj”/”et stygt hallj”. D.s.s. å verte redusert/alvorleg sjuk.

Halt (ein) „Slå halt“. Leik. Sjå Leif si minnebok.
Hamle (å) Om lag det same som å meistre/greie. T.d. i

konkurranse: ”Dei hamla ’kje opp mæ ’nå”.

Hamleband (eit) Til å halde årane på plass i keipane på færingen.

Tradisjonellt laga av tæger (røter av einer). Seinare vart nytta tauverk - el.“tog” som vi sa.

Hammarsløyvå Stadnavn Løyve her tyder eit lite markstykke. Oppe på

”Hammara” el. ”Hammarsløyvinje”.

Hams (ein) “Blomsterblad” - rundt hasselnot t.d.

(Sjå “agne”). Og brukt om omfangsrike kle i ulike høve.

Handeklåde (ein/ei) Mest om ungar sine ”nyfikne” fingrar. Om å fingre

med ting ein kanskje helst skulle la i fred, eller plage/uroe andre i deira praktiske gjermål.

Handred (eit) D.s.s. som rekkverk/gelendar på trapp.
Hardenavar(e) (ein) Tøffing / seiging, omlag d.s.s. «enj kreste».

Brukt i både positiv og negativ samamheng.

Harpe (ei/å) Her d.s.s. som fiskereiskap. Taum m/fleire

“ångla” over blysøkkje. “Å harpe småseid”.

Hasalje (ein) Truleg d.s.s. “asal”. Tre m/frukt lik store

rognebær. Smakar ikkje surt. Er eit i kvia.

Hastige (vere) Ha dårleg tid. “Du må’kje vere so hastige”. Om

både tanke og gjerning.

Hattefok (eit) Ha det bråttom / vere tidlaus.

“Da va no noke te hattefok”.

Haustbære (ei/vere) Om ku som skal kalve om hausten.
Hedningekjæringane Farfar sitt “namn” på misjonforeninga farmor

deltok i. Om han meinte det eller ei veit eg ikkje sikkert, men han gav uttrykk for at slikt var bortkasta tid og ressursar (sjølv på kveldstid) når ein hadde ein gard å drive.

Hegde (å) Tøyle lystene og energien. ”No må de hegde

dåkke”. T.d. når ein gjekk uhemma laus på beste maten og drikken -eller såg ut til å få/ta for mykje av begge deler. ”Konjkje hegde sæg”.

Hekjel(e) (ein) Lang, hengslete/ulenkeleg type. (Gut/mann).

“Enj långehekjele”, eller “enj långe hékjel(e)”. (Jente, sjå “jøyle”).

Hekke (ei) Frå farfar, farmor og ”Mil” sitt vokabular.

Ei hekke er d.s.s. hylle. Fritthengande på vegg eller ei hylle i skap. Sjå ”hillje”.

Helljekake Laga av grov brøddeig, klappa flate til asjettstorleik

-og steikt på helle, eller komfyrplate. “Natronkake” var omlag det same, men her var natron hevemiddel. Begge smakte ekstra godt nysteikte -med smør og sukker på.

Hennj (ein) I Trøndelag t.d. vert visst sagt ”hein”. Er ein særs

fin brynestein. Mykje brukt til finsliping på høveltenner og anna snikkarverkty.

Herkje (eit/å) D.s.s. hindring/gnag -spes. om mekanikk.

“Dar æ noke so herkje”.

Hesjestøde (ei) Staden/lina der hesjene gikk. Ingen veit for sikkert

kor lenge staurhola hadde eksistert, men dei vart leita opp att år etter år etter år.

Hikre (å) “Hikre å læ”. Omlag d.s.s. humre og le, men

hikring er meir lått enn humring.

Hillje (ei) Eit av våre ord for hylle. Sjå ”hekke”.

Himmelsjå Fjellbruna mot himmelen. “Æg såg dei i h--”.

Hirre (å) D.s.s. å øse opp/terge opp. “Ikkje hirr so opp

hondinj onga”! Eller t.d. “Hirr i hop”! som var å hisse til dåd (slåsting).

Hitt D.s.s. “det andre“. T.d. eitt og hitt“. “Ikkje ditta –

(men) hitt“.

Hjell (ein) D.s.s. hems. Hos oss på låven.

Og om landskap. ”Hon Amalia (på) hjella”.

Hoga (vere) Lysten på. Ha lyst til.
Hogbet (plage) Ekstra stor spytt/væskeutskiljing i munn og svelg.

Må truleg relaterast til fordøyelse- eller mageplager. Kliing, gulping/spytting. Ein periode var far plaga av dette. Vel eit lokalt uttrykk? Kanskje frå hug på -eller det motsette.

Hokk (eit/ein) O/å-lyd. Krok / lite rom / krypinn. Eit “hokk”.

“Enj huke”. “Bort i hukja”. (Hook?). Hon Kraftuttrykk. Erstatta ”f-ord”.

Hond (ein) 1. Hund.

2. Ilesteinen som vart brukt når færing/båt skulle leggast ute. Hondinj de’ - el.: ta/hoppe/pitle) Aksepterte kraftuttrykk. “No må de hondinj pitle mæg gje dokke”. Hondinj i valt Langt avgarde. Hondinj å mannj Omlag d.s.s.: “Søren og” (eller vel så det). Hondinj å mora S.s. “hondinj å mannj”.

Honn D.s.s. “ho”. (Hannkj.“hannj”, inkjekj. “da”).

På Berstad høyrde eg “honnj”.

Honsel (ein) Hund. “For enj honsele”. “Honsfyle”.
Horre (å) “Dei horra”: D.s.s. å rope hurra.

“Dei horra på”: D.s.s. å arbeide/herje godt, hardt og lenge. Var og brukt om festleg lag -(“horraliv”, spetakkel).

Hott (ein) Liten hund / kvelp.

I godprat med hund: “Lisjehooottinj haanj”. “For enj nyyydelæ hotte”.

Hovd (ei) Ellipseforma “ring”- helst av av einegrein/vidje,

men og av metall (samanbøygd “byttehank” t.d.) -plassert i midten på “børetoje”. Var naudsynt for å stramme “toje” gjennom, og å feste det i når ein skulle lage gode “ryggjabøre” eller ei ”velte” av t.d. høy eller greiner/kvist.

Hue (ei/å) 1. Hovudplagg. T.d. “skinnhue”.

2. Hoie. “Dei hua på ‘nå”.

Huk (ein) D.s.s krå el. ”sjygn”. Sjå og “hokk”.
Husere (å) Sjaue, ståke, stresse, holde leven med.

“Slutt no mæ dinnja huserijngjinje, onga”.

Hute (å) D.s.s. kutt ut - eller “gje dæg”.

“Du må hute dæg”- el. “Hut dæg”.

Huttetu På folkemunne: Lensm. Halvard Moldestad.
Hykje (å) Menneske/dyr som vantrivst. T.d. framtoninga når

ein må stå ute, med eller utan ly, i surt ver. ”Saudinje sto å hykte opp’onde granå”.

Hylkje (eit) Kjerald for væsketransport.

Forma til å bere på ryggen. Kunne romme 8 – 10 liter. Brukte det på melketuren til “Bakkelada” i mi tid. Tidlegare også i fjellet. Var prima å ha med i bærplukkinga i marka.

Hynnje (ei) Hjørne - både om inn og uthjørner. ”Da va ei

hynnje som sto ut”. Men og om ein bit av. ”Ei hynnje ta - ”.

Hyppe (ein/å) ”Fore” (o/å-lyd) poteter med ein spesiell plog,

“ard” el. “hypp”. For at molda skulle legge seg rikeleg over potetene. Dempa og ugraset.Gjort eit par gonger før potetgraset vart høgt nok til å dekke jorda rundt planten. Med forlite mold over potetene vart dei “solbrænde”.

Hypsje/hybsje (å) Slenge opp/rundt. Med ein baby t.d.

“Du må’kje hybsje slek mæ bánja”.

Hyrg Eit av far sitt favorittutrykk om tull(prat).

“For noke hyrg”.

Hytte (å) Å true nokon – t.d. med løfta hand eller stav/kjepp

eller anna remedie.

Hækjinj (vere) Veldig svolten/grådig. (både om mat og andre

goder). “Da va no noke te hækn”. “Hanj va grøtele hækjinj”. Sjå ”grohækjinj”.

Hæmping Positivt. Kraftfullt. Om innsats/fart/energi.

“Da jikk for follj hæmping”.

Hændelse (ein/eit) D.s.s hending sjølvsagt, men og om styr og ståk

etc. “Da va no noke te hændelse.” “For et hændelse”. «Du hændelse i værinje»!

Hærig(e) (vere) Brukt om fleire forhold. Vere sterk. Modig. Tåle

kulde/kaldt bad. Altså motsett av å vere pysete.

Hæs (ei) D.s.s. ei hesje.
Hæse (å ha) Når leppene vart turre og vonde hadde vi “hæse på

lippå”.

Høkert (ein) Grådig person. ”Økonomisk uttrykk”. Om lag det

same som ”Ågerkarl”.

Høvre (eit) Del av hesteselen. Metallbøyle der seleputene og

seleskiene var festa. (Er berestykket mellom seleskiene -over skuldra til hesten).

”Håke speielinj dé” Farmor sitt favoritt-kraftuttrykk.
Håling (ein) Om ein person - oftast mann hugsar eg - som var

veldig flink til eit eller anna - eller mykje.

Hånk (ei) Omlag d.s.s. eit knippe. T.d- brukt om nokre fiskar

tredd på hesjestreng.

Hånkeløyse Om tull og galskap.

D.s.s. “greinalaust”. “Da va helt hånkelaust”.

Hånå el. “‘ånå” el. “’nå” D.s.s. han. “Bort mæ hånå el. ånå, el. ‘nå--”,

= borte hos han.

Hårgar (ein) Om håret. Mest brukt om det var for mykje av det

eller når det var utryddig. ”For enj hårgare”.

Hårre -- de (kraftuttrykk) Det var berre å sette inn – vurdert etter trong og

stemning t.d.: brennjande, hængjande, hespande o.s.v.

Iljkjer (eit) D.s.s. kråkebolle. Ordet nyttast visst i daglegtale

på Færøyane den dag i dag.

Illje/Illt (av ille) 1. Vere sint, irritert, sur.

2. Utrykk for å ha (fysisk) vondt. “Va da illt”? Illjelidelse (et) Eg høyrde det nytt berre i samband med lydar av ulikt slag. ”Da va et illjelidelse å høyre på”.

Ilåt (eit) D.s.s. pølseskinn. I slaktetida vart tarmar frå

heimeslaktet stellt og nytta til dette. Mor sydde dei og som posar av smørpapir eller av innpakningspapiret på margarinen.

I mola (vere) (O/å lyd). D.s.s. å vera i stykke. Øydelagd.
I mylljå (vere) D.s.s. i mellom. ”Innj i mylljå”.
Isel D.s.s. ”melke” i sild. Brukte den saman med rogna i sildeinnmatkaker. Godt.
Is(s)pen(e) (ein) Heimelaga spekemårpølse som inneheldt m.a. ister.

Vanleg “morpylse” (o/å-lyd) hadde ikke så mykje feittstoff. God halvspeken og dampa- saman med pinnekjøt.

Issa Vår versjon av ”æsj”. ”Issa då”! ”Issa mæg”!
Iste (å) D.s.s. Å gidde. “Æg ist ikkje meir”.

Liknande ord: “Idst”, “iddest”, “jidde” er kjende

Itte D.s.s. etter. Ofte forsvinn fyrste halvdel av ordet

slik at ein mest høyrer berre ”te”. T.d. ”Ka du dronta ’te”?