Ord og uttrykk J - L

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk


”Jakken” Utan unntak var dette namnet på hundane vi hadde

på garden i min oppvekst.

Jar(n)staur (ein) D.s.s. spett.
Jeilane (geilane) (stadnamn) Strandområdet i ”Hammarsvikskoja” – litt aust for

huset til Rolf Hove, der folket frå indre Moldefjorden hadde støer/landingsplass på veg til kyrkje og kjøpmann - før vegen kom. (Saltaranje og Moldestadarane rodde naturleg nok til ”Reidet”). ”Geil” trur eg er d.s.s. (inngjerda) sti eller rås, og det er nok tydinga for vår bruk av dette ordet og - sjølv om eg ikkje kan hugse staden inngjerda..

Jeldsaud (ein) Sau som ikkje hadde teke lam. (Ikkje hadde blesma

). Brukt om krøtter generelt også: “jeldkratur”.

Jidde (å) D.s.s. å lee på. Ved rydding av (stor) stein o.l.

Og brukt om eller lealause saker. ”Da jidda””.

Jisne (å) D.s.s. å verte turr og glissen. (Motsett av å

“trutne”).

Jol (ein) Plante. D.s.s. “Hundekjeks“.
Julebass Daglegnamn på naboen - kunstmålar Julius Cæsar

Hartmann i Hartmanngarden.

Jupe (ei) Vår versjon av klungerfrukta.
Jygr (sjukdom/plage) D.s.s. “Jøger”. Verk i musklar og skjelett, spesielt i

armane. Jøger/jygre var vel ei mytologisk trollkvinne med dels dårleg ry, så namnet er sikkert velvald det.

Jysje Sladder / rykte. “- har haurt jysje om at -”.

”Dar går jysje om at--”.

Jæpe (ei) Overmodig og nedvurderande guteuttrykk om

jente. Det måtte hoverast sjølvsagt. Kan hende var ho for pen for oss? Då hormonene vart anatomimedvitne konstruerte vi dessutan for ytterlegare fynd og klem ordet ”lårjæpe”.

Jærme (å) D.s.s. jamre/bræke. Om sau som brækar sårt,

lenge og vel. Og om folk som syter og klagar i eit sett.

Jømr (ei) D.s.s. gimr (eitt år gamal sau som ikkje hadde hatt

lam enno).

Jønse (ei) Ø/y-lyd. Treramme om lag 35 x 25cm. Til å vinde

hesjestreng på. Same- men mindre- til dorge- og pilkesnøra. Kunne vere svært fint laga, men svært enkle variantar fanst og.

Jøre (å) (Ø/y-lyd). Stramme høylassa fast på vogn eller

slede. Sjå “tång”. Også om å stramme ”børetoje” rundt høyet eller kvisten i ”ryggjabørinje”.

Jøyle (ei/vere) Høg, hengslete jente.

Vere “jøylete”. (Også om hankj.) “Før enj långe jøylete hekjel”.

Jøys (ein) D.s.s. sprut. “Da sto jøysinj ta ‘nå”.

(Eit visst slektskap med “geysir” kanskje?).

Ka i hondinj T.d. for å gje eit spørsmål meir salvelse - som:

“Ka i hondinj æ da du finnje på mannj”?!

Kabbe (å) Å ikkje orke meir. Ikkje nødv.vis så dramatisk at

ein fell om, men at ”det stoppar opp”. Men sjølvsagt har ei kabba om ein ligg i kaldakolinje.

Kaldakolå Kald eller medvitlaus tilstand / død / halvdød.

“Hanj låg i (eller ”va i”) kaldakolinje då dei fannj å’nå”.

Kale (kalinj/kala) (vere) Gamalt, svampete eller ”mumifisert” treverk. Ikkje

eigenleg rote. Det er meir ein variant av tørrmorkning kanskje.

Kammar(e) (ein) D.s.s. skit, men mest brukt om “mannjelort”.

Det var mange ord for desse “restane”. “Kork” var brukt på nokre gardar (Berge). Farfar forenkla det heile til “mannjedrit” - uansett kor mykje gonger farmor sa “sssjh”.

Kams (ein) Slags “klubb”- ”ballj” til fisk. Inneheld fiskelever.

Vart gjerne servert saman med (og i kjeften på) kokte torskehovud.

Kar (ein/eit/?) Grei tyding kva gjeld person av hankjønn og

t.d. balje/kokekar. Men og eit av spørjeorda våre. saman med ”hænn”/”hænne”/”helst”. ”Kar dei va hæn/hænne”? ”Kar dei jikk hæn?”

Karnafle (å) Eit humoristisk uttrykk for å kjempe, å knekke

eller prøve å vinne over nokon. ”Sjå te å karnafl’ ånå”.

Kaste (å) Sjølvforklarande, men og brukt om å fiske med

not. Å kaste = å setje ut nota. “Kastenot” og “stængjenot”. (Sjå “stæng”). Det fanst og ”slængjenot”.

Kauke (å) D.s.s. å rope. (Ekstra kraftig/støytvis).

“Pappalilli” var ekspert på området.

Kavl (ein) Overkanten på fiskegarn og not. Der flyteelement

som kork, dobl eller glaskuler vert festa.

Kjeil (ein) D.s.s. kjel/kjele. “Kaffikjeil”.
Kjeip (ein) Anlegget for årane m.a. på nordfjordfæringen.

Same for “seksering” (vi sa ikkje seksæring),og “femkjeiping” t.d.

Kjellje (ei) Brukt om jente. (Litt positivt ord).

Gjerne når ei bragd (prette) var gjord. Sjå “tikse” og “fantefillje”. “Du æ mæg ei go kjellje”.

Kjeng(e) (ein) Krampe til å festeopp netting med.
Kjerve (å) Snu med rive halvturt høy og lauv som tørkar på

marka.

Kjesebær D.s.s. kirsebær.
Kjete (å) D.s.s. å kitle. “Du må’kje kjete ongjinj slek, hanj

kan bli stamme ta da”.

Kjipe (ei) Berereiskap. (å ha på ryggen). Fletta av vidje og i

ulike storleikar og fasongar. Dei siste vi hadde her trur eg var etter han “Kjipe-Johan”.

Kjylpe (ei) Skjennepreike eller omgang.

“Du må ta ‘nå ei kjylpe”.

Kjynnjå/kunå Om kyrne. T.d. ”Ha du sett kjynnjå”? Æg får gå å

sjå kor da står te med kunå”.

Kjære kjerkjefolk Variant av “Bevare meg vel” el. “Nei å nei”.
Kjæte Uttrykk for å vere oppøst, kåt, leikelysten.
Kjørkne (å) Ø/y-lyd. Få noko i halsen. “Svelje rångt”.
Kjørr (eit) 1. D.s.s. tjor. “Kjettinjgjin” eller “toje” ein tjora

dyr med ute. 2. Om kjerr. Eit område nord om Lestovatnet vart omtala som ”opp i kjørrinje”.

Kjøvast (å) Verte kvelt. ”Kovne”.
Kjøyne (ei) Punkt/stikk/kvise som klør.
Kjøyse (ei) Hokatt. Kunne og verte brukt om jenter / kvinner

av ein eller annan grunn.

Klabbe (å) 1. Slå til noko/nokon.

2. Når snø/skit bygde seg opp under tresko og ski. “Hanj (el. da) klabba”. Klabbeføre.

Klabbedose (ei) Kvinne, stor, klossete, uhamsleg utsjånad.

Eit anna brukt uttykk var “Slabbedose”. (Kanskje d.s.s. hankj. “slabbedask”).

Kladd (ein) “Innerbleie” for babyar. Laga av gasliknande stoff.
Klakje (ein/å) Skitklump.T.d. ei samanfiltring av ull og skit.

“Klake sæg”. Så ”dalk” og ”lark”.

Klakkjinj Namn på ein “skalle” mellom Berstad/Øyra og

Lestoneset. Tradisjonellt bra fiskeplass.

Klampe (å/ein) T.d. å komme dundrande inn i treskoa, og om ein

trekloss -og om “enj klamp om fotinj».

Klatr Kanskje korting av “klattverk”. Men mest høyrd

som positivt uttrykk: “Da va’kje noke klatr”. Vanleg kommentar til ein bra prestasjon. T.d. gode karakterar.

Kleie (å) Klø seg / klø på. Ha “klåde”.

Og brukt om å “kleie” på ting som ikkje skulle rørast. “Handeklåde”.

Kleise (å) Tydde både utydeleg uttale av ulike bokstavar.

“Kleise på r-inj” t.d.-og - å kleise på, d.s.s. -smørje tjukt/godt på.

Klekke (å) Mange tydingar. Tek det med her i tydinga - å

ikkje strekke til, mangle: ”Da klekk’ ikkje”.

Klekse (ei/ein) Klyse. T.d. utspytta halsslim (krimklekse),

og om våt snø: ”Snøklekse”. “Kleksekave”.

Klepse (å) Når hesten nappa/glefsa.

“Mærra klepste”. Kunne vere ubehageleg nok.

Klærk(e) (ein) Æ-lyd. Ein som er flink med hendene.

“Hanj va enj heile klærke”.

Kli (eit/å) D.s.s. å ha brekningar.

Men og om kornproduktet.

Klipp(e) (ein) D.s.s. klepp. Reiskap/krok å huke fisk inn i båten

med.

Klistr (eit/å/ein) 1. Om tapetklister t.d., men og om sirup eller

liknande på fingarne: “Før noke klistr”. 2. Om person: “Før enj klistre”.(Treiging). 3. Klemme flatt / verte klemd (“klistra”). Brukt i og om mange samanhengar.

Klivre (ei) Fjellskore eller utilgjengeleg parti i fjellside.

“ka de hadde oppi dissa klivrå å gjere”?

Klogg (ein) Sko/støvel med tresåle.

T.d. om tresko: Treklogg.

Klobb Den same matretten som vert kalla m.a. raspeballj

el. komle andre stader i landet.

Klokk (ein) O-lyd. Samnamn på kjerald av ”berestorleik”.

T.d. bøtte/kagge - av tre eller anna vyrke.

Klokke (å/vere) Å klukke og le. ”Da klokka innj i elvinje”.

Men og om høne i ” brunst”: “Dar æ ei klokke høne idag”.

Klongr(e) (ein) Klunger(busk).
Klotr(e) (eit/å/ein) Pusleriarbeid. ”Klotre mæ”.

“D’ æ’kje meir å klotre mæ” “Du æ mæg enj go klotre”.

Klæmbre (å) «Klæmbre seg». (Sjå og klistre).

Få ein finger i dørsprekken t.d.

Klærk (ein) Ordet har ei offisiell tyding: Boklærd person. Men

hos oss om ein som var flink med å få til mykje. ”Hanj æ enj sjikkele klærke”.

Kløstre(t) Farmor om Selje kloster: “Ut i kløstra”.
Klåde (ha) At det klør. Sjå og “kleie” og “handeklåde”.
Klåre heida ”I klåre heida” var eit uttrykk for å vere splitter naken.

Det var nytta om spesielt verlag og. Kaldt, og klårt over fjella.

Knaltr (ein) Hard liten ting. T.d. umodna eple/plomer,-

og ofte om “produkta” frå ”hare maje”.

Knas (vere) Om person som ser ”søt” ut. Mest om små born –

mest jenter- som ser smart ut i klesveien.

Knoge (å) Streve og arbeide. ”Ka de knoga med”.
”Knoldinj” Utnavn på Arnold Rivertz. Ein gammalungkar som

budde hjå Karstein Tonning på Salt.

Knorp (ein) D.s.s. kul. T.d knytt til kroppen på menneske og

dyr. ”Hondinj ha enj knorp ’på eine framfota”. Eller på treverk. Knorpete.

Knue (å) M.a. frå slaktinga. Ein “knua” av skinnet på (det

varme) slaktet. (Med knyttnevane).

Knøde (å/ein) Ø/y-lyd. D.s.s. Å kna, men og om person.

Ein “knøde” d.s.s. somlekopp/kløn/treiging. Kobbesild Sild ein salta lett, kappa av framre del av hovudet, knytte to eller fleire saman i sporden og hengde til dei tørk.

Kode Brukt om råmelk.

(Melka kua gjev fyrste døgnet etter kalving).

Kokk(e) (ein/å) (Tydeleg O-lyd). Sjå “øt”/ “øte“.
Kokkelur(e) (ein/å) 1. Koning.

2. Sjå “øt” - (barnespråk). 3. Sitje åleine og spekulere / deppe / filosofere.

Kokle(makar)(ri) (å/ein) Positivt: Ein som leitar etter løysing. Spes. om

tekniske problem/arbeid. Negativt: Ein som puslar utan å få til noko.

Kokse (ei) (O-lyd). Nedsetjande uttrykk om båt.
Kole (ei) O/å-lyd. Tran/oljelampe. Hang ei i eldhuset då eg

var liten. Etter som eg vaks til forsvann den. (Saman med så mykje anna av varig verdi som gesjefige “handeklåder” nok sette over styr).

Kolne (å) D.s.s. å verte kald/kjølast.
Kommar (ein) (O-lyd). Konglane på bjørk og selje t.d.
Kongelvæv (ein) D.s.s. spindelvev.
Koning(e) (ein) O/å lyd. Heilt vanleg strandsnegel(hus) med og

utan innmat. Vi knasa dei og nytta innhaldet som agn når vi fiska på “Rystabryggjinje”.

Kork (ein) (O/å-lyd). Ordet tyder sjølvsagt t.d. flaskekork og

flyte kork. (O-lyd). Eg knyter ordet strekt til Sivert. R. Berge. Han nytta det om ”mannjelort”. Derav utnamnet ”Korkesivert”.

Korr (ein) Daglegtale om sauene. “Korrinj”, “korranje”.

“Kom korrinj”! “Korremora honn”! ”Korrebæ”. ”Bort mæ korrå”.

Korstrollj (eit) Den vanlege nemninga på sjøstjerne.
Kovne (å) D.s.s. å kvelast av tett hals. «Kjøvast”.
Krakje (ein) Litt stakkarsleg person/type. Sjukleg /svak.

Periodisk el. permanent.

Krase (å) D.s.s. å knuse. ”Krase koning”.
Kratur (eit) Husdyr. (Lokal variant av krøtter/kreatur).
Kregde (sjukdom) D.s.s. meslingar.
Kreke (å/vere) Tradisjonell. Tyding: Brukt om personar som

arbeider/rører seg seint. Sjå og ”krakje”. Også om ein som er vanskeleg/umedgjerleg: “Hanj va so krekete”.

Krekse (ei) Turrbusk.

Også om problematisk kvinnfolk -eller anna hokjønn ein er forarga på. Som t.d “Kukrekse”.

Krest(e) (å/ein) 1. «Streve med arbeidet på doskåla».

2. Både poitivt og negativt. Trottig maur, men og om treg kar.

Krisjle (eit/å) Kløe/irritasjon (t.d. i halsen). Og om kjensla av

lopper og lus. “Æ syns da krisjla allje plassa”.

Krokl(e) (å/ein/eit/ei) Pusle med.

Kløne / klønete. Skrøpeleg.

Kroppe (å) O/å-lyd). D.s.s. som “å pelle”.

“Ikkje kropp deg i nasinje no ijæn”.

Krosjl(e) (å/ein/ei/eit) Pusleri/dill. “Krosjleri”- t.d. om rotete eller infløkt

skrift og om ”urmakararbeid”.

Kryl (ein/å) Brukt i ulike samanhengar. Bak/rygg, men og

landskapsformasjon. ”Opp på dinnja kryla”. ”Vere “krylinj”: D.s.s. krokrygga ”Få nedøve “krylinj”: D.s.s. skjenn, dragelse, pryl. “Enj kryle”. Omlag d.s.s: Ein stakkars krok.

Kryndige D.s.s. stolt, overlegen ”bratt i nakkja”.
Kræde (ei) D.s.s. aure. Vi snakka om “kræde” og “sjøkræde”.
Krøbelt (vere) Trangt/smått -både i fysisk og økonomisk tyding.

“Hon hadde da krøbelt”. “Du å du kor krøbelt vi hadde da”.

Krøkje (å) Sjølvforklarande.

Og om ein/fleire som strevar med eit arbeid – mest ute. “Hanj/dei krøkte mæ da i heile går”.

Kure (å) Kose seg. Grave seg ned i dyna t.d.

“Liggje å kure”. (“Kokkelure”). Og brukt om ein som ligg og furtar/er lei seg.

Kurne (å) (O-lyd). Svekkjast, verte dårlegare, krøkjast.
Kvarstess (vere) D.s.s. ein eller anna stad. ”Dæ no vel råd å finnje

da enj kvarstess vel”?

Kveikje (å/eit) 1. D.s.s. å tenne. ”Kveikje lyse”.

2. Spo/flis/papir/kvist - opptenningsved. “Ikkje hiv da, vi kanj ha da te kveikje”.

Kveis (ein) Parasitt i fiskelever og fisk.
Kvennj (ei) D.s.s. som kvern. “Kaffikvennj”. “Kvennjahus”.
Kvetel (ein) D.s.s. teppe. Mest nytta om ullteppe. Flt. ”Kvislja”.

Eit uttrykk nytta om person som var i konstant aktivitet eller om ein rastlaus person var: ”Hanj stogga ’kje på kvetel”.

Kvide (å/ei) Å kvi seg.

“D’æ ei kvide å bjynde”. ”Æ’ kvide mæg på-”.

Kångelkjæring (ei) Vår vevkjerring. Sjølvsagt laga ho ”kångelvev”.
Labank (ein) Stokk eller trestykke spikra/bolta som forsterking i

trekonstruksjonar.

Lade (ei) D.s.s. låve. ”Løde“ var og nytta. Også det norske

”landsmålet” hadde sine danske innslag.

Lalle (å) Liggje/legge seg. ”Hanj lalla ei stond”.
Land (om) Bruk om ”væta” i gjødselkummen. Men spesifikt

og nytta om ku-urin - ”kuland”. Anar ikkje korleis namnet har vorte til, men er kjend og andre stader. ”Hevd” er og brukt om same stoffet.

Lark (ein) D.s.s. ”klakje”, ”dalk”.
Lask/laske (å/ein/eit) Tyder vist å skøyte/skøytestykke eller også å feste

saman.

Laskeklove (ein) Skomakarreiskap av tre. Kalla skomakartvinge

andre stader. Ein reiskap å spenne fast skoen i under lasking. (Sying av skinn/hud). Eg trur det hadde med samanfesting av overler til såle å gjere. Ein spende fast skinnbitane i kloven og heldt den mellom knea. Hadde ein i garden.

Laskesyl (ein) Skomakarutstyr. Syl til å laske med. Sy saman

ulike lerstykke. Var i ”skobenkja” i kjellaren.

Latnestrokk(e) (ein) Latsabb. (“--dinj latnestrokk”).
Laupar (ein) Fiskeutstyr. Primitiv utgåve av det vi i dag kallar

ein ”svivel.

Lege (ei) 1. Grasmark, (litt høgtliggande kanskje?. Farfar

kalla beitet under plantefeltet for ”leganje”. (”Opp på legå”. ”Opp’i inste leginje”). ”Hanj Sverre Legå”. Her er ”Legå” eit anna namn for ”Låna” i Djupedalen. 2. D.s.s. soveplass for folk og dyr. T.d. ei ”hjortelege”, el. ”hanj hadde hatt legå si dar”. Leiv (ein) Eit ferdigsteikt flatbrød. Flatbrødleiv. Lefse var ”løfse”.

Lemete (vere) (“Læmete”). Varsam, fryktsam, puslete, pysete.
Leppe (å) Måte å sløje sild på. Kappa hovudet, delte den på

langs slik at den likevel hang saman i nakken og sporden. Den vart så vrengd og hengd opp på stenger for å tørke. (Torresild).

Leværne (å) Halde leven/spetakkel/bråke.

”Håke speielinj de kor de leværna onga!”. Dette ordet var mest brukt av farfar/farmor, og vart visst etterkvart heilt ute av bruk.

Likte (å) Når t.d. ein taburett eller ein sykkel slarka i

samanføyingane - då likta det.

Limme (å) Demontere ting. ”Slå i mola”. Bryte sund.

Om slakt. Partere. ”Lim” (lem) = part/del.

Linde (el. med “e”) (å/eit) Surre inn.

Strimmel av lerret eller liknande som ein t.d. surra rundt overkroppen når ribbein var brotne.

Lisjemannjinj Bror Leif vart heitande så fram mot skulealder.
Lisjerystinj Farfar sitt daglegnamn på nabo Anders L.

“Pappalilli” var namnet vi ungane nytta mest. Far til Anders; Lars, vart kalla “Gamlerystinj”. Andre: “Rystajæntinje”, “Rystahondinj” o.s.b.

Livr (ei) Det same som lever. ”Okselivr”.
Lobbe-Lobb Utnavn på Robert Nøstdal m/drosjebilen.
Lod(e) (eit/å) 1. Harpunliknade reiskap å fangste steinbit og

flyndre med. Det var ei jarnstang på om lag 60 cm, med 3 - 4 utretta kveiteanglar festa i eine enden, og snøre i den andre. Eit naudsynt reiskap for denne fangsten var og den heimelaga sjøkikkerten. 2. Å kaste noko avgarde. (Etter nokon t.d). “Hanj loda trelappanje itt‘ ånå”. Lodbytte (ei) Frå Berstad. “Lod” i denne samanhengen tyder truleg avfall. Vi sa “toalettbytte” om den emaljerte bøtta med hol i loket. Var “innedo” nattestid, når nokon var sjuk -eller ikkje kunne nå “Keiser Wilhelm”. (Sjå “Ei slekt-”).

Lodd(e) (ein) O-lyd. Heimelaga tøffel av ull. “Tova” og forma

for hand til filtliknande hylster. Vart gjerne påsydd skinnsåle. Sterkt/varmt produkt.

Logge (å) D.s.s. å lugge. Og brukt om “å logge ugras”.
Logn (ei) O/å-lyd. Om roleg (kortare) bolk. Mest om ver og

vind. ”Ei stillje logn”. (Kan hende avleidd av det svenske lugn).

Loke (ei) O/å-lyd. Stengsla på smalfjøsdøra t.d. Trekloss

festa på døra. Vridd utpå karmen er døra att. Kanskje avleidd frå lukke/låse. (Lock?).

”Lokkå æ beire enn åttafæra” Etter farmor: Om å ha meir flaks enn åtferda skulle

tilseie.

Lompelæva Som sagt: Ein prøvde å ha ei sivilisert språkføring i

garden, men freistingane var nok fullt ut til stades for former for ”unntak”. Hugsar at når mor/far skift bleier på Arne – måtte dei fyste vaske/ tørke ”lompelæva”. Ja: ”Romperæva”.

Lonnj(e) (ein/å) 1. Tynne trestammar lagd i ”støda” for å dra

færingen på. Smurde dragfeltet med ”lyse”. 2. Lonnje: Ikkje få fisk. “Hanj ha lonnja idag”.

Lons(e) (ei/ein) Stykke. Sjå “slonse”. “Gode lonsa med (brød)

skjeve--”. Om storvaksne kvinnfolk.

Lork (ein) Stor stav el. staur/trekjepp.
Lospe(inj) (vere) Rufsete og ustellt -spesiellt om håret.

“Du ser bra lospinj ut”.“-såg lospa/lospete ut”. Kunne vere tid for ”å månk*ånå” Sjå månke.

Lure (å) Om lureri sjølvsagt, men og om trematerial som

vrir seg. «Da lura sæg».

Lyre Å slå ”lyre” var ein av leikane våre – i slekt med å

slå halt og å ”sprette pinnj”. Minner om baseball (ball og ei slagkølle, springing m.v.)

Lyse Resultatet når fiskelever sto lagra i tønne og “lysa

sæg”: Vart (ille luktande) tran. Kunne brukast å smørje “lonnja” med. Og nytta som base for husmaling. (Men berre til uthus såvidt eg hugsar).

Læmete (vere) D.s.s. pysete.
Lærre (å/vere) Om å opne delvis. T.d. ”Kanj’kje du lærre litt på

døra/glaset”? ”Ha døra litt på lærre”. ”Set glaset på lærr”.

Læte (ei/eit/å) Vb. Truleg frå å låte. Her i garden brukt om

sutring, klage og mas. ”For ei læte”.

Løde (å) D.s.s. stable.
Løfserøv (ein) Meiningslaust ord, men ”godlynt” uttrykk om

”storefante” eller småkjeltring. (”Løfse” d.s.s lefse ).

Løje (eit) Omlag d.s.s. opphald eller pause

“Hanj æ et løje”. Når det slutta å regne t.d.

Løye (vere) D.s.s. som morosamt.
Løyert (ein) Teppe eller klede til å svøype om småborn.
Løype 1. Sjølvforklarande.

2. Enzym i væskeform (frå svin og kalve-magar) vi nytta for å få melk til å oste seg. 3. Ein del av steikeprosessen for flatbrød. Stabelen av utbaka leivar vart fyrst “løypte” = halvsteikt. I andre omgang ferdigsteikt. Eller “skjerpte”.

Låbrikja Markering av høybroten. Delet mellom (som vi sa)

øvste og nedste låven - der nivåskilnaden på golvet var. Trevegg på omlag ¾ m høgde. Den hadde vel mest som funksjon å vere “fot” på høystålet. Fin å slå salto frå før “stålet” vart for høgt - og ungane måtte flytte leiken på ”betanje”.

Låke leik(e) (enj) ”Låk” tydde sjuk, men dette er nok anna. Eit av

farfar/farmor sine uttrykk for mas/sirkus og spetakkel frå einskildpersonar eller omverda. “For enj leike”. “Da va no enj låke leike”.

Lån (ei) Stor hovudbygning på gard. T.d. Eidslåna,

prestelåna. Brukt m.a. om garden i Djupedalen der slekta vår bur. Sjå “særlege namn” og “Ei slekt..” s. 90. Truleg frå gamalt d.s.s. borg eller festning.

Lånago ”Ver så god” var vanskeleg for barnetunger. Eg

hugsar diverre ikkje kven av oss ungane som brukte dette ordet både som ”takk for lånet” og som ”ver så god”.

Lånasvartinj Kallenamn på Sverre Listau. (I “Låna”).
Långefot (ein) D.s.s. insektet vi mest kallar langbein i dag.
Långhævre Uttrykk for å gje det glatte lag. el. ”ragat”.

“Hanj fekk långhævre i sta”. “Dei fekk långhævre mæ’nå idag”.

Långleggje (å) Springe kraftfullt og fort. Om folk, men høvesvis

også om hesten. Sjeldan om andre dyr.

Låte (å) Teke med grunna tydinga “klage/syte”. (Sjå ”læte”).

“Ka du læte itte”. “Æ da noke å låte føre”. “For ei læte”. “Noke te læte”.