Ord og uttrykk S - U

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk


Saup Tynn surmelk, var biprodukt etter kjinninjgja.
S(k)jald (eit) D.s.s. sjal.
S(k)jygn (eit) Tyder kanskje skugge. Hjå oss: Eit ly eller le mot

elementa. Sol, regn, vind. Også om enkle byggverk.

Sallerinj Kallenamn på Saron Dybedal.
Saud Vi seier “saud” (“saudinje”) når vi nemner/omtalar

sau.

Saudeparl(e) Sauelort. Parl. (Pearl - perle).
Seise (å) Tyder å surre/knyte. Men det vart og brukt om å

gjere ekstra: T.d. handsame treverk - som å seise bordkledninga med ekstra olje før måling.

Seke (ei) Lita, og (berre meir eller mindre) synleg vassåre.
Seksering Vår versjon av “seksæring”. (Robåt m/ tre årepar).

“Åttring” (åtte årar) og “femkjeiping” (ti årar) var og i vokabularet vårt. Færing er vel å forstå som korting av ordet ”fireæring”.

Sett (ein) Hammaren/sleggja ein brukte for å slå på minebor

med.

Sikk(e) (ein/å) Særskilt type saum sjølsagt, men og om trykk/slag.

Når ein dett på ræv får ein ofte ein slik sikk at det gjer vondt heilt til hovudet. Eller ein ”sikkar” potetsekken mot golvet for å få ”stue” potetene og få betre ”øyre” å setje band på.

Sine (å) Sine av. (Tørke). Brukte uttrykket om drektige kyr

når melkemengda minka (før kalving).

Sirle (å/ei) D.s.s. sildre. (Brukte og “å sorle”).
Sittinj Daglegnamnet på nabo Sivert P. Berge. Og brukt

med ein ”t”.

Sjedepel (ein) Sjå “depel”. Sa også “skjedepel”. Ekstra-stavinga

må vere ei forsterking av ordet (depel) si tyding. (Ei blanding som gjerne kunne innehalde blaut naturgjødsel?).

Sjynnj Eit av våre ord for sjøen.

”Ska vi reise på sjynnj”. ”Sjå bort på sjønå”.

Sjøbor O/å-lyd. Når båra bryt mot strand og båe

lagar den sjøbor. “Sjå på sjøborinj utpå Gangvaskjera”.

Sjønde Y/ø-lyd. Om talet 7. Hjå oss ikkje sjuande, men

”sjønde”.

Skabilken (eit) Brukt mest om ein merkeleg framtoning.

Både ting og person.

Skeidar(e) (ein) Småklubb utan talg / flesk. Kokt i mokk-

“skeidarsupa”(litt jevning og melk i mokket)- m/knokar frå salt, tørka kjøt, helst spekekjøt/ pinnekjøt/ og kålrabi, gulrot og potet.

S(k)jekte (å) D.s.s. å gå arm i arm.
Skjellje Namn på spesiell vind som står frå Berstad mot

Lesto. “Berstadsskjelljå” (frå SSØ) er kald og utriveleg om hausten/våren.

Skjelte (ei) D.s.s ei ekstra kraftig skjelveri.

”Hoppande skjelte”.

Skjeltehaud (eit) Flådd, godt salta, gjerne litt tørka smalehovud som

vert kokt. I vår tradisjon ikkje svidd eller røykt. Vart dels litt skjelvande og gelélikt.

Skjen (eit) Frå vb. å skine. ”Solskjen”, ”måneskjen”.
Skjene (å/ei) 1. Når folk eller dyr ikkje har styr på føtene.

Det kunne t.d. vere om krøtter i yr galskap – som vårslepp, eller folk som ikkje ”va helt go”. 2. Om ei skinne. ”Jernbaneskjene”.

Skjetvott (ein) Om ein hoven/overlegen eller liten puslete men

”stormunna” type.

Skjetå D.s.s. blaut avføring. Sjå “rennjeskjete”.
Skjote (å) Om lag d.s.s. å stramme opp/få fart på nokon.

”Du må skjote i ’nå” (hånå).

Skjul Har velkjend tyding, men og brukt om sjukleg

tilstand i munnen til hestar. Sår og byllar.

Skjykkje (ei) Eit spartansk byggverk – skur. Men og om eit

tilbygg til låven t.d. (Av skjul? Vedskjul). Sjå ”skjykkje”. (Truleg om lag d.s.s. amerikanarane omtala som shack?)

Skjæl (ei) D.s.s. skjell. Fl. “skjelja”.
Skjæning (ein) “Turr” vind, spesiellt frå aust/nordaust.

Imøtesett både som eindel av “tøyrinj”og som generell “fineveirsvend”.

Skjære (ei) Vårt daglegord for saks. ”Kar skjærå æ henne”?
Skjæse (ei/å) Is/snøskeise. “Gå på skjæse”.

“Snøskjæsinje” var stort sett heimelaga.

Skjør (Ø/y-lyd) D.s.s surmelk. T. d. i rømmekolle der

fløyten la seg på toppen av skjøret.

Skole (å) (O/å-lyd). Om lag d.s.s å skvulpe. Er knytt til lyden

væske lagar – som når t.d. innhaldet i eit spann er uroleg, og t.d. at - ”da skola so i maja dinj”, og t.d. ”ongane ha skola ut i dælinje heile dajinj”.

Skolest (ein) Var ein mal (”lest” er d.s.s. mal) for sko. Som eit

fotblad nærast. Hadde fleire storleikar i kjellaren. Nytta når ein skulle konstruere skinnstykka som skulle nyttast i ein sko.

Skore (ei/å) O/å-lyd.

1. Staur med kluft i eine enden. Til å stø opp -”skore” - hesjane med mot vind og ver. 2. Kluft i fjell/berg. (“Skorfeste”). Skotning Om ”abortert” dyrefoster. Skrel(e) (ein) Med aldri så lite i-lyd. ”skre(i)le”. Lang og tynn kar. Om jente: Sjå ”jøyle”. Skrellje (å) D.s.s. “å læ”. “Skrelljeslag”: Brå og høg lått der fleire er involvert. Men same ordet brukt om ”å skrellje potete”.

”Skrevkrengle” (kringle) (ei) Namn vi ungane sette på syklane våre.
Skrikke (å) Ord brukt om lydane babyar lagar når dei ler og er

begeistra. Elles om folk flest og lydar ved ukontrollert lått.

Skrukk Dei små korallskjella som gror i millionar i

fjøresteinane og også på båtar som ligg for ile.

Skræde Fråsila restar frå fyrst malen, og så smelta talg /

feitt. Vart sprøsteikt og nytta som “bacon” – spesielt til kokt fisk. Populær barnemeny (med poteter - utan fisk). Feittet vart t.d. såpe.

Skrækje (å/ein/ei) Rope / brøle håst og uartikulert.

“Ka du skrækje itte”? “Hanj skrækje stygt idag”.

Skråne (å) Om å tørke godt inn.T.d. om høy. Sjå ”svene”.
Skråve (å) Tilnærma d.s.s. å knitre. Lyden av papiar som vert

knørva, og t.d. lyden som vert når turrhøy vert handsama.

Skvelje (å) D.s.s. sure oppstøt. Mest om babyar.
Skåk (ei) Stokkane som utgjer “greide” på ei vogn/ horv der

hesten er spend fast mellom. Fl. “sjæke”.

Skåre (å/ein) (Å) Rake saman høy til rader, skårar.

(Ein) Rada med kutta høy/halm som vert etter ljåen/sigden/slåmaskina.

Sladot(e) (ein) Latsabb.

Litt kjeltringaktig person (mann/gut).

Slagbrand (ein) Fellesord for reiskap ein brukar å slå med.

Det vere seg sleggje, treklubbe eller ein stein.

Slakke (vere/å) Om helse: Å vere puslen - ute av slag, i ulage.

Om talje eller tau: Gje slakk, slakke på. Om fart: ”Slakke på fartinj”.

Slams(e) (ein/å) Uryddig person.

Vere slamsete = d.s.s. m.a. vere slurvete i klesvegen. “Hanj va grøtelæ slamsinj”.

Slede-Brite (ei) Brukt som karaktristikk av kvinne med anlegg for

t.d. snikring o.a. praktisk ”mannfolkarbeid”.

Sleggje (ei/vere) 1. Sjølvforklarande. 2. Vere sleggjete:

T.d. om “mannjhaftige” kvinner.

Slemse (ei) Seig (ekkel) strimmel. T.d. av kjøt.
Slipre (å/ein/ei/eit) Sleikje av fingrane. T.d. i arbeidet med å ”reinske”

ei skål som hadde vore krem eller bløtkakerøre i.

Slobb(e) (eit/å) Søle med væsker, saft / melk / vatn etc.

Eit svært vanleg ord laurdagskveldane ved badestampen - og alle gongane vi hadde “dæleaktivitet” som tidtrøyte. Då vart ordet også nytta om å plaske. Sjå og ”skole”.

Slok (eit) O/å-lyd. Omlag d.s.s. sluk. Brukt om avløp,

”renne”, noko som sveljer unna. Det kunne vere vatn - som vassrenna mot kvernkallen t.d. Men og om apetitten til ein svolten kar.

Slons(e) (ei/ein) Solid stykke av kjøt / fisk. Sjå og “lons”.
Slops(e) (ein/å) Når ein kastar noko i vatn lagar det ein “slops”.

“Du må’kje slopse slek”. Likskap, men må ikkje forvekslast med “slobbe”. (Det kan verte mykje “slobb” av “slopsing”).

Slå dar (å) T.d. “Hanj slo ‘kje dar i støvlå”. D.s.s. å va over

støvlane. “Hanj vod over støvlanje”. At støvlane vart for korte m.a.o.

Slå halt (å) Leik/spel utandørs.

Sjå Leif si minnebok 1994.

Slå lyre (leik/spel) Lokal variant av baseball. Nytta ball og balltre.
Slåp(e) (ein) Sjå hekjel. Og brukt som skjellsord som

«alternativ» til sladot. “Enj slåpe”.

Smale (ein) D.s.s. sau.

Ligg og fleirtalstyding i ordet. “Smalinj” er då d.s.s. saueflokken.

Smelte (ei) Fisk. D.s.s. kviting/hvitting.
Snaldre (å) D.s.s. å skvaldre – snakke mykje/lenge/høgt.

”Snaldrinj” = munnen/snakketyet. (Sjå gnaldre).

Snasjkjin (ein) D.s.s. ”trutinj”, d.v.s. munnen. Sjå ”rottinj”.

”Kor skjetinj du æ ront snasjkjin”.

Snek Laga av m.a. råmjølk. Til å smørje på eine sida

av det som vart “snekaløfså”.

Snepel(e) (ein) Snipp eller liten del av.
Sniel (ein) D.s.s. snegel. Er framleis ”offisiell“ uttale.
Snirl (ein) Ei av fleire omskrivingar for “lisjekarinj”.

”Snirlinj”.

Snode (ein/å) O/å-lyd. 1. Mild form for “snorforkjølelse”.
Snor (ei/ein/eit/å) Snor som klesnor sjølvsagt, men med o/å-lyd.

D.s.s. “snørr”. “For enj snore”. Om ein hoven type. ”Snår” er noko anna.

Snøde (å) Om lag d.s.s som å snoke.

Lusking i skap og skuffer. “Ka du snøda (snyde) itte”?

Snødale el. snødarle D.s.s: voldsomt / veldig / svært.

«Da va no ikkje noke snødale helde». Vart og sagt med -r-: “Snødarle”.

Snøk (ein) Aning av. Duft / lukt.

“Da va enj fine snøke”. (Fersk sigarrøyk t.d.).

Snår (eit) Snar. Ikkje brukt mykje om vegetasjon, men om

avhogde greiner og kvist. (“Kveikje”). Sivert R. Berge ( “Korke-Sivert”) fortalde frå tida si i Amerika at: “Ramlande de’ mannj! Ørnekløninje låg so snårdonga dar borte”.

Sod (eit/å) O/å-lyd. Truleg d.s.s. “sodd” el. syde i våre dagar.

1. Skeidar/klubb/fisk vart kokt i “mokk”. Nå maten var ferdigkokt var “mokkje” blitt til “sod” som t.d. “klobbesod”, ”fiskesod” o.s.b. Far drakk mykje sod frå kokte grønsaker og poteter, Det er svært næringsrikt men fell kanskje ikkje i smak for einkvar. Etter koking vart mokkje sjølvsagt kalla kraft. Det var visst litt språkleg samanblanding til dagleg av “sod” og “kraft”. 2. Av “å syde”. Brukt om støy, om spetakkelet t.d. i sanitetsbasarar, kvinneforeiningar og juletrefestar.

Softe (å) Veive rundt med t.d. klesplagg så “dombå” drive,

el. slik at blomsterpotter og andre utsette ting kjem i fåresona. Eller t.d. ved lettvint reinhald: ”Æg softa åver golvå”.

Sokkandes olvåte O-ane har o/å lyd. D.s.s. å vere dyvåt. Kan i

utgangspunktet ha med våte sokkar å gjere? Ei lite lekker sak med andre ord.

Sokke (å) D.s.s. å sukke sjølvsagt, ”Sokkeberje”, men og

nytta om å kaste seg. ”Hanj sokka seg utføre”. ”Honj sokka seg ut i-”.

Sokkerlade (ein) Sjokolade.
Sokkeseg (ha) Ullsokkar som sig ned sjølvsagt. Av og til og brukt

om person som såg sliten, sidrompa og/eller bedrøva ut. Alternativ til: “Sid’ i rævinje”.

Sokkvåte (vere) O/å lyd i både ”sokke” og i ”olvåte”.

D.s.s. ”søkkvåt”. Vere ”sokkandes olvåte”.

Sokne (å) 1. Tradisjonelle tydingar: Om drukning og kyrkje.

2. Fortelje om/beskrive ei overhøvling: “Hanj fekk vete ka kjerkje hanj sokna te”.

Sol Markert o/å-lyd. Far sitt namn på ein tangart som

er velsmakande i rå tilstand. Veks som dottar -nærast lik grovt reinlav i fasong.

Sollj(e) (ein/eit/å) (O/å-lyd). Ståk / prat. ”For enj sollje”.

Om mange nok “sollja” vart det “sod».

Soppe (ei) (O/å-lyd). Enkel matrett med basis i melk.

Knust kavring, knust flatbrød, eller “hævregryn” med sukker og melk -søt eller sur. Ekstra god med fløyte / “røyme” på toppen. (Sommarmat).

Sorpe (ei) D.s.s. sørpe, men og brukt m.a. om ei fór-blanding

ein ga hesten: Hakka halm i vatn og evt. ymse tilsette ingrediensar.

Sorrpøne (ei) D.s.s. snurrebass. Mogleg tilkyting til “sorre” (lyd

), eller å snurre. Dei enklaste vi laga var ei rund kartongskive - 8-10 cm i diameter - med ein spiss blyant gjennom senter.

Sosjle (å) D.s.s. å søle med--.
Sotar (ein) Veit ikkje kva ordet eigenleg kan tyde, men vart

mest brukt positivt om t.d velgjort arbeid. Som t.d. “Du æ mæg enj go sotar” el.“Du æ mæg enj fæle sotare”. Kan vere omtrent d.s.s. “Du er litt av ein type/kar”.

Sovl(e) (ein) Sopelime til fjøs og utebruk laga av bjørkeris.

“Enj sovl” fl. “sovla”.12-15 bjørkeriskvister, omlag 1 m. lange, vart samanbundne med streng og greintuppane vart børste / kost.

Sparle (å) D.s.s. sprelle. T.d om fisk i båten.

Brukt om babyar som ligg og sparkar, men og om folk som har ramla og kavar litt klossete.

Spée (å) D.s.s. spøkje el. halde ap/tøys/ med/om.

“D’ækje noke å spee med”.

Speiel(e) (ein) Spegel sjølvsagt, men og brukt som:

1. «Du æ mæg noke te speiele». 2. “Håkke speielinj de” - kraftuttrykk, brukt av farmor -og andre- som hadde ein talekultur der “skikkelege bannjeord” var upassande.

Speis (ei) D.s.s. ein pisk. Hatl -eller klungertein t.d.

Tuktreiskap for folk og dyr. “Smake speisa”. Det var særs lite brukt på gnr. 64, bnr.1.

Spel (eit) Teknisk innretning tilnærma ein vinsj. Sjå t.d.

”strengspel”. Ein ”spelbåt” vart t.d. nytta for å dra kastenot til lands. Båten vart fortøya med stamnen til land og så sveiva ein inn nota.

Spele (seg) Leike/more, men mest med negativ tyding.

Utrykk for å vere vørlaus etc. “D’ækje noke å spele sæg mæ”. (For alvorleg/fårleg å leike med).

Spike (å) D.s.s. å knuse. Mest om koppar og kar.
Spikk (eit) Underleg hending. Gjerne ei uforklårleg ei.

Gjere nokinj et spikk. Då d.s.s. fantestykkje el. overrasking.

Spildreverk (eit) Uttrykk for skrøpeleg byggverk/konstruksjon.
Spilljevatn (eit) Om tett/drygt/høljande regnver. Respektlause

barnetunger prøvde seg med “ænglepiss”, men det vart heller dårleg omtykt.

Spit Ironi/hån.
Splint (ein) D.s.s. tater. (I talemålet var det ”splent“).

Også om “splint” i mekanisk term. Også som mildt skjellsord. “--dinj splente”.

Spole (ein) «Enj go spole». Luring / småfante.

(Jfr. “speiel” 1). Tydde sjølvsagt og spole til vevførebuing , rokk og symaskin.

Spore (å) 1. O/å-lyd. Tråve/galoppere der det ikkje bør skje.

Spesielt om hest/kyr/kalvar (tunge dyr) når dei la til sprangs over markene. (Sjå ”spøne” nr. 2).

Sprale (å) D.s.s. sprelle. Om fisk i båten t.d. ”Da va no

voldsamt te spraling på dinnja”.

Sprette pinnj Ein leik/spel vi spela på vegen og skuleplassen.

”Prosessane” i leiken minner om ”halt”. To lag el. meir. Utstyr: To pinnar, ein omlag 30 cm. Ein omlag 1 m. lang, og to mursteinar, planke-bitar eller liknande. Markeringsstrekar. Starta med å legge den korte kjeppen på steinane og sprette den ut. Den lange vart så lagt på steinane og motparten skulle prøve å slå den vekk med å kaste den korte attende - og mykje meir.

Spækje (å) Må kanskje ha noko med ”å speke sitt kjød” å

gjere. Brukt om å ”ta seg ut” reint fysisk, eller om å visa kva ein fysisk er god for: T.d. ”No ska de få spækje dåkke”. ”Dei fekk spækje sæg”.

Spæl (ein) Tyder kort hale. Mest om sau. ”Spælsaud”.
Spøne (ei/å) 1. Spon.

2. Om ådferd. (Springe uvøren/leikelysten). Sjå og skjene. T.d. “Kalvanje spønte over allje markje”.

Spøt(e) (å/ei/eit) Ø/y-lyd.

1. Å strikke. 2. Strikkepinne -og 3. Eit strikkearbeid.

"Stakarinj hjelpe ole-mosinj" e. farmor Når ein stakkar hjelper ein som visst er like mykje

eller endå meir stakkarsleg. Nytta om mange situasjonar. Både tragiske og humoristiske.

Stasette (vere) D.s.s. å ha bråttom, vere oppskjørta, aktiv og (i alle

fall tilsynelatande) målmedviten.

Stauke (å) Vere fomlete, usikker, klønete i lesing og prat.
Staur(e) (ein/å) Treng inga generell forklaring.

1. Det var Ryst-Anders sitt favoritt-uttrykk om karar han ikkje likte -eller var misnøgd med. 2. Lage hol til og sette opp staur til hes/gjerde.

Stav (ein) 1. Sjølvforklarande.

2. Om ”stendarane” i huskonstruksjonar- spesielt i uthus av tre. Det er dei loddrette stokkane som ”raft’alljinj” kviler på.

Stavinj (han) Dagleg namn på Gustav Hamre - bror til ”Assa

skrobb”. Han vart skomakar i bygda etter Bernhard Liseth.

Stempel(e) (ein) Sjølvforklarande. Men og brukt som:

“Du æ mæg enj go stempele”. Det kunne vere om ein som var sta / eigenrådig el. viste andre spontane særtrekk.

Stirre(ige) (å/ein/vere) “Enj stirre”. Sjå “strete” og ”vendstirr”.

Vere stri, ikkje til å påverke, til å rikke, Men og om å sjå på sjølvsagt.

Stolpe (mål) Måleining (m.a. om dyr). («Alne og stolpa»»).

“Stutinj va -- stolpa over alninje”. Spesielt målband vart nytta - vanlegvis rundt bringa (bak frambeina) - med godt skjøn attåt kunne ein få ein indikator for vekt og vekst for dyret.

Stopel (ein) Frittståande oppheng for kyrkjeklokke.

Såvidt eg hugsar og brukt om høgt stett / sokkel / stor vase?

Stopne (å/ein) 1. Ramle/snuble (stupe, stupne).

2. Også etter ”Ryst-Anders”. “Enj go stopne” ein tulling/klossmajor -ein som ter seg dumt.

Store (å) O/å-lyd. Om husdyr som aborterte.
Storelesto Vanleg om gr.nr. 64, br.nr. 1. Navnet dukka

kanskje opp då bruket i eldre tid fekk seg tillagt eigen utmarksteig, medan dei andre bruka hadde felles utmark.

Stovn(e) (ein) Brukt om ein latsabb / duglaus fyr.
Stret(e) (ein/å) D.s.s stritte. Om ein stabeis - vere motvillig /

stritte mot.

Strokk(e) (ein) Litt nedlatande ord om kar / mann / gut.

(Sjå “latnestrokk”).

Stromp (ein) Kløn / klossmajor / klodrian og ein utan

folkeskikk.“Enj strompe”, “strompefære”. Strompete. Eit av ”Ryst-Anders” sine favorittuttrykk..

Strople (å/ein) 1. Snuble. 2. Klossmajor/dumming.

Skjellsord ved ulike høve. “Stroplefære”.

Strullan Endå eit av utnamna på Emil (i ”Låna”).
Strængspel (eit) Brukt om løypestrengen med tilbehøret i begge

endar. Kanskje namnet dels knyter seg til spel på same måte som ”spelet” i “spelbåt”. Dette “spelet” er ein trommel ein sveivar for å hale fram not. Liknande trommel er nede på løypestrengen for å stramme eller slakke den.

Strøne (å) Å renne/reke/virre formålslaust ikring. “Ka de fær

å strøne itte”.

Strångje (ein) Stokk. Nedsaga og avgreina trestamme.

Fl. “strånga”.

Strångleggje (å) Dels d.s.s. “strople”.

“Strångleggje seg”. Snuble så ein dett som ein stokk (strångje).Og brukt om å sette krokfot. ”Hanj strångla ‘nå” (el. “hånå”). Sjå “strångje”.

Styggegutinj Kallenamn på O. L. Eide. Han var syskenbarn til

far, einebarn og kan hende spesiell. Drakk eindel. Hugsar ikkje kva årsak namnet hadde, men han var i NS under 2. verdskrigen.

Stylke (å) Å miste fjør. “Hønsinje stylka”.
Styng (ein/eit) D.s.s. sting. Flt. ”styngje”.

”Æg hadde sleke styngje for bringine”.

Styrevol (ein) Styrestanga t.d. på seglutrusta færing.
Stæng (eit) Fangsten i eit “kast” vart sett i eit “stæng” el. mære

til ein kunne ta den opp/levere den.

Stød /stø (ei) (Ø/y-lyd). Renna som går frå naustet til sjøen og

som har “vorrar på begge sider.

Stål (eit) Brukt i mange samanhengar. T.d. om turrhøyet i

låven, “høystålet”, ”nedi ståla”. ”Storestålet” fyllte ”næste låvinj”, medan ”lisjestålet”, som var hosåtten, var oppe - til høgre for låvedøra og på hjellen-. Men og om t.d. ein sildestim. “Da sto stålet--”. Og om skodda som kunne stå som eit ”stål” i havet.

Sudd(e) (ein) Utt. “sodd”. (O-lyd). Uttrykk frå sløyden.

Dott av pussegarn el. av mjukt stoff. Vart dyppa i politur for å finpolere med.

Sul (eit) Vassblanda myse/surmelk til drikke. Farfar brukte

dette uttrykket - og “blande” - om einannan. Også om surmelka ein hadde på grauten, og som ein og hadde på ”hakka” kokte poteter for eit lett måltid.

Supa (ei) Suppe.

Beskriv ein konsistens - ikkje ein matrett. Alle slag: Grynsupa, melkesupa, saftsupa, sagosupa, ætresupa, sementsupa o.s.b. ”Mølsupa mæ surt i”.

Sute (ei) Rulle av tre til å sette på båtripa. Til å hale

fiskereiskap på. Ca. 1 m. lange til torskegarn, 0,2 m. til snøre/pilk. Mellomstorleik til line/smågarn.

Svene (å) Om å minke i omfang. T. d om nyslått høy. La det

ligge ei stund før ein hadde det i hesje. Men og om person som svena vekk (sjukdom).

Svinevore (vere) Uttrykk for ufin/fortrædeleg tilstand/handling.

”Noke so svinevore”.

Svokk (ei/eit) O/å lyd. Er ei dump/ujamnheit.
Svångje/ane (ein) (Svange). Kroppsdel. Kjøtet mellom ribbene og

låra. Mest brukt om dyr. Kjøtet vart mykje nytta til å lage rull(pålegg) av.

Sylme (å) Ein slag aktivitet. Kanskje i noko nedsetjande,

misunneleg tyding. “Sylme mæ”. D.s.s. stelle med, grisle med. “Hanj sylma i pænge”.

Sæde (eit) Fellesnamn om om det meste som kunne setjast i

jorda. Så vel setjepoteter som såkorn/grasfrø.

Særlege namn (menneke frå garden [64/1]) Farfar sin far, og hans brør som reiste ut,

vart nemnde slik (etter staden dei slo seg ned): “Lars på Lesto”, f. 1850. “Ole (Ola) i Nordland”, f. 1852. “Anders på Legå” (i “Låninje”), f. 1854. Sjå og ”Gamlelesto”. “Peder (Per) i øyå” (Herøy M&R), f. 1856. “Sivert i Sogn”, f. 1858. (Sjå Arthur Lesto 1990 “Ei slekt--” frå s. 24).

Sæte (å) Å lage såter. Siste del av høytørkeprosess der ein

ikkje hesjar. Vi “brøydde” høyet om morgonen, ”snudde det” i løpet av dagen og “sætte” det til kvelds i fleire dagar. -Til det var turt nok å ta i hus.

Sætr (ei) Vårt ord for seter/støyl.

“Kjynnjå va på sætrinje kvar sommare”. “Vi måtte på sætra morgå å kveld”.

Sævalinj Daglegnamn på Sigvald Dybedal

Og kalla “Bakkesævalinj”.

Søtemøse “Ø” i møse har ø/y-uttale.

Ord med omvent tyding. Om ugreie/problem, “harde tider”. “Da va’kje noke søtemøse--”.

Søyle (ei) Vi sa ikkje: sølepytt, men ei “søyle”.

Men ei arkitektonisk søyle var og ei “søyle”.

Søyme (ei/ein/å) Dagdrøymar. Søymete: Vere klønete/sein - få lite

gjort. “For enj søyme”.

Søytel (ein) Eit av Kåre Berstad sine uttrykk. (Negativt, men

ikkje ”forbode” kraftuttrykk.). D.s.s. “stropl”/“stovn”. “Enj go søytel”. Elles eit av dei mange uttrykka som kunne tyde det ein ville det skulle tyde til ei kvar tid.

(ein) Stor tønne. (Lagring/oppbevaring/brygging).

Den største vi høyrde om her vart kalla “Norsjynn”, og var i Bersbygdinje ein stad.

Såd (ei) Lite/smått. Brukt som: t.d. “Hanj fekk ikkje ei

såd”. “Hanj åt ikkje ei såd”. (“Sæde”, frø).

Såne (å) Om matvarer. Verte øydelagd av klima/alder.

Karaktristikk av spesiellt stadium i prosessen. Spekeflesket harskna og “såna”.

Såte (ei) Vanleg namn på terrengformasjon. Vi nytta ordet

for dungane som vart laga under turking eller samlig av høy. ”Vi må ut å sæte før da bjynde å rigne”.

Ta tørn Om å burde gje seg/slutte.

“No må du ta tørn mannj”.

Tagne (å) Stilne av. Om både ver og “sod”.
Tesprengande (vere) Tilspringande. D.s.s. å vere enkelt. ”Da va kje so

tesprengande”.

Tev(e) (ein/å) T.d. “å få teven av” var ikkje brukt hos oss.

Å teve i tydinga “å pæse” var derimot vanleg. “Dyrå sto bærre å teva i heta”.

Tikse (ei) D.s.s “fantefillje”. “Du æ mæg ei go tikse”.

Brukt om småjenter stort sett. Sjå og “kjellje”.

Timbr/tembr D.s.s. tømmer. ”Da æ godt tembr i ditta husa”.
Tir (ein) D.s.s. ein stabel – smal og høg.
Tirgestikke (ei) Ertekrok. Brukt både om han -og hokjønn.
Tjon (eit) ”Ein god handel”. Og t.d. ”Hanj jore et tjon då hanj

fekk fat i denj kånå”.

Tog (eit) D.s.s. tau. (“Børetog”, “jøretog”).
Tollj(e) (ein/å) 1. Bearbeidd ull. Den ferdigkarda luftige

ullstrimmelen som er klar for spinning. 2. Om rot / tøv / tull. “Dinj tollj / tolljeballje”. “Tolljefære”.

Tomling (ein) Drikkebeger for “sterk drykk”. Oldemor Johanne

hadde ein punsjbolle og 6 eller 8 tomlingar i sølv i si tid. Det vart sagt at ho selde dei for 5 kroner til ein omfarande kramkar omlag 1900.

Tonnje (å) O/å-lyd. At ting tørka. “Tonnje klænå”.

Når høyet etterkvart “tonnja i hesjå” eller på “markinje” vart det turrhøy til slutt.

Toppleide (å) Far sitt disiplinuttrykk for å holde i nakken, kragen

eller “hårgarinj”. “Hanj vart toppledde”.

Tops(e) (ein) Ein av våre variantar av “tufs”.
Torre-navar (ein) Trøyttsam, kjedeleg type (å høyre på).

Ikkje uvanleg karaktristikk av m.a. politikarar, prestar, predikantar og andre dosentar.

Torv-a-te (vere) D.s.s. “På tide”, el. “absolutt nødvendig”.

T.d.: “Da va no torv-a-te da vart jort no”.

Tove (å) Måte å lage eit slags filtstoff på.

“Tove lodda” t.d. Brukte vaskebrett og kraftig såpevatn. Hjå oss var “lodda” produktet, men eg vil tru at prosessen kunne nyttast for framstilling av ulike produkt.

Trant (ein) D.s.s. snut el. munn. «Du skolde hatt dæg enj pån

trantinj».

Travald (ein/eit) Uhell/ulukke/skade (person og ting).

“Hannj ha vore ute for et travald”. “Da va no noke te travalde”.

Trave (ein) «Fante», luring, småkjeltring.
Trebole (ei) 1. Vassblemme i nevane etter arbeid.

2. Leik. (Bole). (Variant av gøymsle). Populær på Eide skule rundt 1950.

Treklopp (ei) Namnet vi nytta på ”regnfuglen”, svartspetta, som

med sin lett kjennelege lyd etter - vår tradisjon -varsla regn.

Trelapp (ein) D.s.s. tresko/treklogg.
Treneve (ein) Person med lite handlag for praktisk arbeid.

Vere “trenevete” el. “trenevinj”. Eller vere ein “treneve”.

Trive (å) D.s.s. å ta fatt i el. huke fatt i.

Er hastverk/bråttom over denne rørsla. “Vi treiv ‘ånå før ‘anj datt”.

Trivle (å) Om lag d.s.s. å leite og streve. Men ikkje i fysisk

forstand. Men brukt som t.d. ”Hanj trivla itte orå”. (Han strevde med å finne orda som skulle til).

Trod (trodbord) Bordgangane ein la på sperra som underlag for

takstein. Ofte 2. sortering matrial som vart dekt med papp før steinen vart lagd.

Trode (ei) Ei lang tynn trestamme. Brukt t.d. å henge sild på

for turking. Men og ”fisketrode” som er d.s.s. fiskestong. ”Bambustrode”.

Trog (eit) (O/å-lyd). D.s.s. trau.

“Bakstetroje” vart brukt til å lage flatbrøddeig i. Elles brukte til ulike formål. Bere mjøl og anna forråd i frå/til stabbur, - og klesvask i.

Tromle (å) Funksjonen ein trommel har. ”Tromle åkr.”
Tromme (å) Brukt om å måtte mase på.
Troske (å /ei) Treske (korn).

“Midt i troskjinje”: D.s.s. midt i sesongen/onna eller også midt i prosessen.

Trutne (å) O-lyd. D.s.s. å tettast. Når treverk syg vatn og

utvidar seg. T.d. når den turre tre-båten vert sett på sjøen og tek til å trekkje vatn i bordgangane. (Motsett av å ”gisne”).

Trykkert (ein) ”Dørtrykkertinj”. I dag heiter det ”dørvridar”.
Træge (å) D.s.s. å angre.
Trængde (vere) (Av å trengje seg på). Å måtte på do.

(“Pissetrængde”).

Trøyte (å) Omlag d.s.s. å nøyte. (Nøyte oss, trøyte da).
Tråm (ein) D.s.s. eit avgrensa stykke. Ta enj slåttetråm. Ei

”skårebreidd” t.d er. ein “tråm“. Det kan og vere ein tråm i grautfatet, eller i eit område som skal ryddast7vert rydda.

Turinj Kjæle/klengenamn på onkel Arthur. Brukt både av

farfar og farmor og andre.

Tvau (talet 2) Etter farfar og farmor. Litt forvirrande kanskje. Dei

kunne seie m.a. slik: ”Hanj hadde to kjyr, men dei va jeldkratur beggje tvau”. Det ”smakar” både engelsk og svensk av dette.

Tver’fre / tverfer (vere) Motvillig, treg, vanskeleg, negativ, ”streteinj”.

“Ka du æ so tvær’f’re føre”.

Tvore/tvåre (ei) Trereiskapen ein rørde grauten med. Toppen av

gamle tørka juletre var fine emne til dette.

Tyde (å/vere) Tradisjonell tyding som verb, men og d.s.s. å vere

tam (om dyr). Også om å vere spak. Mykje brukt som i: “Han/ho/dei va’kje tyde”. D.s.s. -var ikkje nådig/blid.

Tyl(e) (ein/eit/å) Eit av dei vanlege (negative) orda som var i bruk.

Variant av tulling, (“tollj”). “Tyl(e)fære”. Å tyle seg.

Tyltre (ei/vere) Kvifor det vart eit hokjønnsord veit eg ikkje, men

vart brukt i fleire tydingar. Både om å vere stakkarsleg og om å vere spesiell el. vanskeleg. ”Ei go tyltre”. Vere ”tyltrinj”.

Tytte (ei) Kvinne. Sjå “kjellje”. “Hon va ei go tytte”.
Tæmse (å) 1. Fomle med. “Dæ’kje noke å tæmse mæ”.

2. Uklår tale“. “Hanj sto bærre å tæmsa”.

Tærre (om klima) T.d. “hesjetærre”. Generellt godt verlag for

pågåande onnearbeid. Vere seg vår, sommar eller haust. “Møkatærre”, “hesjetærre” o.s.b.

Tæve Uttrykk eg fyrst høyrde på Berstad.

D.s.s. “det slag” i mi tyding. “Æg såg ikkje tævå”.

Tøle (ei/eit) 1. Om jente / kvinne som hadde gjort noko dumt.

Svært vanleg ord i dagleg tale. 2.“Hanj hadde bærre rot i tølå sine”. ”Ækje da borti tøla dine enj kvarstess” Her er “tøle” d.s.s. (noko uoversiktlege)saker el. eignaluter. 3. (Ø/y-lyd). Platting, golv eller underlag. T.d. Oppå/bort på/helt ne’på tøla.

Tørl(e) (ein) Om tråd/ullgarn. Farmor brukte ordet mykje. Også

om å snurre tau rundt ein staur t.d. Ta/slå ein “tørling”. Tilsvarar “enj tørning”. Etter kva eg hugsar og brukt om ein krøll med tråd.

Tøyme (å) Dorge med handssnøre -og sandmakk til agn- om

våren. Vårt “felt” var vanlegvis langs stranda mellom “Bersholma” og “Lestonesa”. Makken spadde vi i Lestovika. Tidtrøyte far og tok seg tid til om våren.

Tøyr (om klima) Turr god luft. Kanske avleidd av “tærre”/ “torrveir”

eller “tøveir”? Mykje brukt når telen gjekk utan regn m.a., og i onnene. “Vi får trøyte da, (eller nøyte oss), meda vi har tøyrinj”.

Tåg (ei) Røter -gjerne av einer. Sjå t.d. “hamleband”.

Også brukt i kjipehandverk, til trinser på skistavar, o.s.b. I eldre tid og til skibindingar.

Tång(ja) (ei) 1. Om reiskap sjølvsagt - knipetång, men og

2. Jøre-hjelpemiddel til høylassa. Tre lekter av rogn/hatl eller annan seig ved, omlag 2 m. Festa i tverrstykke -omlag 0.6 m -i kvar ende. Lagd opp på høylasset vart framenden surra fast med jøretoje framme på vogna/sleden. Toje vart drege under vogna og oppatt og rundt ein tapp bak på”tångja” og så “jøra” (stramma/pressa) vi lasset saman. 3. Tangplanten. 4. “Ned i tånjgjinje”. D.s.s. i strandkanten.

Tångsime (ein) “Jøretoje” på “tångjinje”.Å surre fast (“jøre”) lasset

med. (Sjå “jøre” og “tång”).

Tåte (ei) Før tåtesmokken si tid vart ei passe mengd høveleg

mat putta i ein liten tøypose og så tygd til graut av ein vaksen (mor?), og deretter putta i munnen til babyen.

Uhamslinj (ohamslinj) (vere) Frå hám. Uvøren kledd, uflidd, i motsetnad til

“hamslinj” (som var lite brukt).

Uhygde (vere) D.s.s. “fælen”. “Æg vart uhygde ta heile greiinje”.
Ulster (ein) Vinterfrakk, tjukk, fora og sid.
Uskjyrinj (vere) Uvøren, ugrunna overmodig.
Ut a(v) sjikks (vere) Dette var måten å seie det på her i heimen. D.s:s

uskikka, ueigna eller ute av funksjon.

Utigarinj Daglegnamnet på “Øvre Bortne”.

“Hanj Sverre i Utigara”. “Ut i Utigara”.