Selje kyrkje

Frå Selje.info

Gå til: navigering, søk
Selje kyrkje Foto: Stian Elde

Selje kyrkje er ei langkyrkje frå 1866.

Byggverket er i tre og har 500 plassar.

Før nyekyrkja vart bygd i 1866 stod den gamle kyrkja litt lenger sør for dagens kyrkje der det no er kyrkjegard. Denne kyrkja stod opprinneleg på Bø på Selja, og vart i 1654 flytta over frå Selja til Selje. Når nyekyrkja vart bygd vart den gamle flytta til Leikanger på Stad.

[endre] Flytting av kyrkjer

Det første kyrkjebygget som tente som Selje kyrkje i over 200 år (1654-1866) er eit av kyrkjebygga i Noreg som har stått på flest stadar. Kyrkja var først sett opp som Fylkeskyrkja på Bø på Selja. Etter kvart som bispeseta vart delt inn i sokn fungerte denne kyrkja på Bø og som soknekyrkje for Selja sokn. Kyrkja var då og kjent som Soknekyrkja. Etter som klosterlivet på øya forsvant skal det ha vore upraktisk at kyrkja stod på Selja. Presten skal og ha funne det upraktisk og einsamt å bu på øya, og flytte først over til Hove på fastlandet. I følge historia skal han og ha fått korreks for dette, og måtte flytte tilbake på øya for å bu nær kyrkja si.

Seinare vart det bestemt at kyrkja skulle flyttast over til fastlandet. Den offisielle versjonen fortel at dette var presten Jakob Rasmusson Studt si avgjersle, men det var og snakka om at prestefrua, Maren Sørensdotter Friis, her truleg har hatt eit sterkt ord med i laget. Maren er ei kvinne det går gjetord om i Selje si historie. Ho var gift med 4 prestar etter ein annan, og er slik sett og ei kvinne som har hatt mykje innverkad på kyrkjehistoria i Selje.

Då kyrkja skulle flyttast over til fastlandet var tømmeret fløtt over på sjøen. Om kvelden vart dette fortøyd ved Nabbetangen, og kyrkja skulle settast opp ved prestegarden. Maren var ikkje begeistra for å ha kyrkja (og ikkje minst gravplassen) så tett på seg. Difor skal ho ha fått ein av drengane på prestegarden til å kappe fortøyingane til tømmeret om natta. Det bles frå sør den natta, og alt tømmeret rak difor over og bort dit kyrkja i dag er plassert.

[endre] Bildegalleri


NB: Denne artikkelen er endå ikkje å ansjå som komplett. Har du meir informasjon må du gjerne sjølv redigere artikkelen, så vert selje.info enda betre!

Personlege verktøy