Lars Barmen

Frå Selje.info
Versjonen frå 17. juli 2010 kl. 14:29 av Stian Elde (Diskusjon | bidrag)

Gå til: navigering, søk

Lars Barmen fødd 1962 på Barmen, busett i Oslo. Meisterkokk. Barmen er kjend som fjernsynskokk på NRK 1 gjennom fleire år med programmet ”Barmeny”.

Barmen har røynsle som kokk frå fleire austasiatiske restaurantar og frå fem år på gourmetrestauranten Bagatelle i Oslo.

Lars Barmen vart kåra til Årets kjøkkensjef i 1998 og har vore medlem av det norske kokkelandslaget i meir enn 12 år.

Han har m.a. gjeve ut kokebøkene ”Norsk sjømat”, ”Norsk mat”, ”Koke ute”, ”Barmens Grill” og ”Barmens kjøkkenskole”.

Kjelder

Fylkesleksikon Sogn & Fjordane