Skilnad mellom versjonar av «Mannseidet»

Frå Selje.info
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Line 16: Line 16:

I katolsk tid var heilagdomane på Selja eit kjent pilegrimsmål. Til Selja har folk valfarta både sjøvegen og landevegen, og det er difor rimeleg å tru at mange kom over Mannseidet på ferda si til den heilag øya i havgapet. I Kristin Lavransdatter skriv Sigrid Undset om Feginsbrekka (fegin: glad), der pilegrimane på veg til Nidaros fekk første synet av reisemålet sitt. Kanskje har Mannseidet vore ei feginsbrekke for pilegrimane på veg til Selja. Ein stad på toppen av fjellet heiter Korsen. Kan hende har det her stått ein kross der dei reisande kunne bøye seg og takke for at dei hadde kome trygt fram.

Kongereiser
 
====Kongereiser====

Etter reformasjonen veit vi at ikkje mindre enn tre av dei dansk-norske kongane drog over eidet. Den første var Christian V i 1685, og om ein skal døme etter den offisielle skildringa, gjorde ferda eit sterkt inntrykk på følgjet frå det flate Danmark:

Versjonen frå 13. juli 2010 kl. 21:16

KONGEVEGEN OVER MANNSEIDET

Forfattar og datering: Borgny Dam-Nielsen, 2001.

Artikkelen og bilete er henta frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine sider.

I uminnelege tider har folk nytta vegen over Mannseidet mellom Moldefjorden og Kjøde i staden for å gje seg i kast med det farlege Stadhavet. Ei ferd over Mannseidet i dag er ei ferd gjennom delar av norsk vegbygging si historie. Kongevegen over Mannseidet vart utvald til Selje kommune sitt Eidet - Mannseidet. Illustrasjon frå Jonas Kierulfs Journal 1745, der kong Christian VI si ferd over Mannseidet er skildra. kulturminne i Kulturminneåret 1997.

Eit stykke norsk veghistorie

Saman med vegen over Dragseidet er truleg Mannseidvegen ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet. Vegen er nemnd både i Snorre og i Eigilssoga. Frå å vere ein enkel fotsti vart vegen truleg seinare utbetra til tjodveg (allmannveg), seinare kongveg eller hovudveg, slik Gulatingslova kravde. Desse vegane skulle fylle krava som ridevegar og sledevegar. I nyare tid har vegen fleire gonger vore utbetra. I dag kan ein på få minutt køyre over eidet langs ein utvida veg etter ein ny og tidsmessig trasé. Pilegrimar

I katolsk tid var heilagdomane på Selja eit kjent pilegrimsmål. Til Selja har folk valfarta både sjøvegen og landevegen, og det er difor rimeleg å tru at mange kom over Mannseidet på ferda si til den heilag øya i havgapet. I Kristin Lavransdatter skriv Sigrid Undset om Feginsbrekka (fegin: glad), der pilegrimane på veg til Nidaros fekk første synet av reisemålet sitt. Kanskje har Mannseidet vore ei feginsbrekke for pilegrimane på veg til Selja. Ein stad på toppen av fjellet heiter Korsen. Kan hende har det her stått ein kross der dei reisande kunne bøye seg og takke for at dei hadde kome trygt fram.

Kongereiser

Etter reformasjonen veit vi at ikkje mindre enn tre av dei dansk-norske kongane drog over eidet. Den første var Christian V i 1685, og om ein skal døme etter den offisielle skildringa, gjorde ferda eit sterkt inntrykk på følgjet frå det flate Danmark: Utsikt frå Mannseidet mot heilagøya Selja og Stadhavet. "Dette Mans Eyde er ikkuns et forfærdelig høit Bierg, nesten dobbelt så høit som Doffrefield og lige saa slemt at passere -".

Den andre kongen som drog over fjellet var Frederik IV i 1704. Det skal ha vorte sett opp ein stein på toppen av eidet til minne om denne ferda, men den steinen er borte nå. Den mest omtala ferda gjorde Cristian VI då han i 1733 med dronning og svigermor og eit følgje på 150 menneske tok seg over fjellet frå Einehaugen i Kjøde til Eide ved Moldefjorden.

Rodesteinar

At vegen har vore mykje brukt, kan ein skjøne mellom anna av at det har vore skysskifte og gjestestover på begge sider av fjellet. Bøndene hadde vedlikehaldsplikt på kvar sine parsellar langs vegen. På Mannseidet kan ein ennå finne gamle rodesteinar, oppreiste steinar i knehøgde, som markerte vedlikehaldssykke.

Ulvejakt

I åra kring 1850 var ulven ei stor plage. Om vårane før dyra slapp på fjellbeite, vart det organisert manngard på ulven. Dei byrja ytst på Stadlandet og med allslags skræmlydar jaga dei ulven framfor seg innover fjellet til Mannseidet der det så vart strekt opp eit såkalla "ulvebeje" (stengsel) frå sjø til sjø. Varig verknad hadde ikkje denne rådgjerda, for det viste seg at ulven kom snart att.

Artikkelnummer: SFFkl-102443

Prenta kjelder: Berge, Ragnvald: Kongevegen over Mannseidet. I Årbok for Nordfjord, s. 53 - 59. 1977. Brenne, Kjell: Her har fare både fagnadfolk og fant. I Vestavisa. September 1994.

Litteratur: Helland, Asmund: Norges Land og Folk, Nedre Bergenhus Amt. Kristiania 1901. Schuleud, Mentz: Kongevei og fantesti. Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Sundal, H. Hatlenæs: Gamle Manseidvegen i Selje. I Fjordenes Tidende. 23.02.1948. Måløy.