Ord og uttrykk D - F

Frå Selje.info
Versjonen frå 26. januar 2011 kl. 22:02 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)


Da grynande grand T.d. når ein leitar etter/prøve å få fatt i noko og

ikkje lukkast: Då fann vi ”ikkje da grynande grand”.(Ikkje noko så stort som eit gryn eingong).

Dalge (å) D.s.s. å slå. (Dælje) ”Hanj dalga te ’nå”.
Dalk (ein) D.s.s. klump. Nytta så vel om t.d. ”grøn” som om

skit og lort. Sjå og ”lark” og ”klakje”.

Darholet Eit av orda vi fann opp. Vart fort kjend med at

”rævahol” ikkje var særleg omtykt talemåte. Dermed konstruerte vi alternativ.

Dase (å/) Kjenne seg veldig kald, føle å nesten fryse ihel.

Mykje knytt til sjøen, men og på land. “Æg hilt aldeles på å dase”.“Æg trudd’ æg skulle dase”.

Dekkja Namn på markstykke på garden.

Sjå “Stadnamn--”, Muren, Kari (1989).

Depel(e) (ein) Eigennavn på blaut skit, (i vegveita t.d.).

Tydde og søledam. Fl. “depla”. (Sjå “dæmbe” og “sjedepel”).

Dissa velsigna-- Hjartesukk - der meininga er den motsette.

Svært vanleg uttrykk i gardane. Eg hugsar mest at farmor brukte det. T.d. når dyra hadde brote seg gjennom gjerda. “Va da so - dissa velsigna saudinje no i jæn”.

Disse (ei/å) Sjå “reie”.

Dissa var ein plank lagt over ein sagkrakk el. liknande. Er vanleg leikereiskap den dag i dag – meir føreseggjort – og helst kjøpt sjølvsagt.

Ditta D.s.s. det. ”Ikkje rør ditta”.
Dobl (eit) Markeringsmerke laga av tre til å feste på

fiskevegn. Både for å vise att kvar garna/vegna sto -og kven som åtte dei. Fleire typar. Mindre og enklare i enden mot land. Større i enden ute. På lange garnseter gjerne fleire. Dobla her på garden var kvitmåla m/svarte endar og svart toppmarkering på dei store. Der vart gjerne innskore bumerke og.

Dombe Støv i mengder i lufta. “Støvstål”. Spesiellt på

låven.

Dongedør (ei) Åpninga/luka frå kufjøset til gjødselkummen.

Anar ikkje kva som var meint med ”donge”, men kan gjerne vere så enkelt sdom møkadungen.

Dons(e) (ein/ei)

1. Lyd (brak) - når noko dett på golvet t.d.
2. Om stor tungfør kvinne.

Drabbe (å) Truleg frå svensk? D.s.s. som å verte råka av noko,

t.d. uhell eller sjukdom. ”Æg lure på ka so drabba ’nå” (han).

Drag (eit) Sjå “drætte”. Å ha ”draje på hestinj”.
Draks(e) (eit/å) Bry/plage å drage på/med seg. “Da verte bærre draks”.
Dravle «Halvferdig» brim eller gombe. (Når melka hadde «osta sæg» og var tilsett sukker). God mat.
Drevje (ei) Samansurium, ubestemmeleg masse. (Ofte om mat). Kunne elles vere om all slags rot og rotete tilhøve. ”Ka slags drevje du laga te no”?
Dritarinj (ein) Respektlaust ord for utedassen.
Drog (eit) (Å/o-lyd). Om storvaksne hokjønn, men og om eit skikkeleg huskors el. plagsom og travel kvinne. Elles om t.d. tunge sledar /vogner og båtar/farty.
Droge (ei/å) (Å/o-lyd). D.s.s. stim. “Makrelinj droga ne’før landa”. Om folkemengder i gater o.l., og også t.d. om ein bunt snår eller høy som vart drege avgarde.
Dront(e) (å/ein/ei) Somle. ”Ka du dronta ’te(itte)?”. Sjå “søyme”. “Enj drontel(e)” = somlekopp/etternølar.
Dryfte(maskin) (å/ei) ”Dryfte” er ein del av den gamle treske-prosessen. Vår “maskin” er laga av far. Auste korn oppi. Ved sveiving og følgjande vibrasjon og vifte vart restar av “agne” og støv ”blesne” frå kornet. Apparatet er framleis på ladehjellen..
Drætte (eit) Sjå drag. Dei “lause”skjækene som vart nytta til horv og plog. “Få drætte på hestinj”. “Hekt drætte på horva”.
”Du grønaste tid” Uttrykk som truleg held på å gå ut av bruk. T.d.

”Du grøne tid for et veir”. ”Du grønaste tid for enj fart hanj hadde”.

”Du søtaste Skar-Æli” Ein av farmor sine variantar av:

”Du store tid” eller “du godaste”. Eg skaffa meg aldri greie på om ho Æli var ei verkeleg kvinne, eller berre var dette munnhellet.

Dynd “Innhaldet” t.d. i ein “depel” eller ei “dæmbe”.

Svært finkorna blautmasse.

(ei) Ugrasplante. D.s.s. “då” -som er skrivemåten idag.

“Allj dænå nedi åkra”.

Dæle (ei) ”Dælå”: Vassposten i tunet heime. (Rennande vatn

). Fyrsteklasses “slobbeplass” for ungar. Skylleplass for vasken og henteplass for alt vatn før det vart springvatn innahus. Særs praktisk i slaktetida. Farfar var nøye med å sjå til at tilsiget til brønnen i bakkane ned for torvhuset var i orden gjennom året. “Dæla” vår har m.a. overløpsvatn frå den som noko av vassføringa.

Dæm(b)le (å) At vatn renn over ein kant. T.d. “ripa” på fullasta

båt, eller inn i noko anna flytande som dermed fyllast med vatn.

Dæmbe (ei) Vått/blautt/sølete markstykke.

Kunne ikkje ta hestereiskap ut på det, ville i såfall bli berre “depel”. ”Enj slo dar knapt i støvla”. Også namn på eit markstykke på 64/1. Sjå Muren, Kari: “Stadnamn---” (1989).

Døke (å) Frå far. Sjå og ”karnafle. Utrykk for å vinne over

eller fysisk ”gje inn”. På fotballbanen t.d. eller i annan kampsamanheng.

Døn – Døne (eit –å) D.s.s. å drønne. Meiner å hugse at farmor brukte

det meir enn resten av husstanden. ”Kor da døne”. Ordet kjem sikkert frå dansk. På Bornholm er ein dal dei kallar Døndalen. Ein foss der lagar ”døn” i regnver. (Vi har også Dønfoss i Skjåktraktene)

Dåse (ein) Lite skrin eller øskje.

Men og om pusleri og om uønskt smålåt. Når ein t.d. åt lite nærande mat åt ein dåsemat, eller ville bli ”enj dåse”. Også nytta i trydinga pyse.

Egnahus (eit) Sidetilbygg til styrehuset på fiskebåtar der karane

kunne sitje litt i le å egne opp line.

Egne (å)

1. Trad. Vere skikka til---. ”Egne sæg te”.
2. Eins eige - (”våre egne”).
3. Setje agn på fiskekrokar. T.d. ”Egne line".

Ei levande olokke Om person forfylgd av uhell, så vel som om fårlege folk.
Einekaje (ein) Einerbusk. Kaje d.s.s. brusande buske.
Eitel(e) (ein) 1. Lymfeknute (i dyretalg).

2. Om person: «Enj go eitel(e)». Plagsam, påståleg, strid, sta og provoserande person. Uthaldande ertekrok.

Egse (seg) (å/eit) D.s.s. å øse/hisse seg opp. Har kanskje samanheng

med ekstase? ”D’ækje noke å egse seg slek opp over vel”. ”Opp i egse”. ”Vere i et ekse”.

Elde (å) Å slipe ljå og knivar på turr slipestein.

Skulle slipast til eggja vart glødande (blå). Stålet vart då noko mjukare og var lettare å slipe opp med bryne. Dette vart gjort etter trong og minst ein gong i slåttetida.

Fallj (eit) Båe eller flu under sjøoverflata. Sjøen bryt der.

Mest brukt om båar/skjær i/langs skipsleia. M.a. del av leia på Stadhavet. ”Falljå”.

Falljinj (han) Utnamn på ein kar i Djupedalen. Også kalla

”Bakkefalljinj”. Visst nok i slekt med ”Bakkesævala” (Sigvald Dybedal)

Fantefillje (ei) Jente som hadde gjort ei prette.

Sjå og “tikse” og “kjellje”.

Fantehít (ei) D.s.s. ”fantefillje”.
Feisel (ein) Spesiell sleggje/hammar å slå på minebor med.

Vart og nytta i saueslaktinga.

Fengje (fængje) (ei) Ordet er truleg avleidd av ”fang”.

Om høyet ein greidde å handtere i ein gong - eller i eitt rist - og henge på hesjestrengane - ei ”fængje” - eit fang med høy. Men mengda vart avpassa etter utsiktene for ver/vind, grovleik på høyet og - storleik/styrke på den som rista ”fængjinje”. Det vart mange fengjer i ei ”hæs”. Og brukt om t.d. ein bunt kvistar etc.

Firle (å) Pusle med / fingre på .
Fjelge (å) Stelle seg. Fjelge seg. Vere ufjelga.
Fjose (å/ein) O/å-lyd. Sjå og ”brosse”.

D.s.s slurv. Ikkje vere så nøye / tidlaus. “Enj fjose”. (Eg var velkjend med ordet).

Flage (ei) D.s.s. ei ri. T.d om feber.
Flakje (ein) Plattform/plate av trevyrke.

Avleidd av ”eit flak”.

Flekkje (ei/å) 1. Stor/vid sak. (Flak) “Ei fæle flekkje ta --”.

2. “Flekkje fisk(e)”. (Etter sløjing).

Fline (å) Flire ekkelt / frekt / lurt /dumt.

Vanleg uttrykk: “Hanj sto bærre å flein”.

Flogge (ei) (O/å). Hinne. “Dar låg ei flogge mæ is idag”.
Flyge (å) Om ku i brunst. «Flogkjyr». (Å fly i lufta var å

fyke).

Flæde (ei) D.s.s. flu/båe
Fløs (eit) Ø skal ha ø/y-lyd. D.s.s. ”flass”.

Men ordet vart og brukt om noko/nokon som var smått/små og spjælete.

Follje (O/å). Om lag d.s.s. å vise att. T.d. i ulik

arbeidsaktivitet. ”Da follja ’kje noke ditta farr”.

For(e) (ei/å) O/å-lyd. D.s.s. fure (treet) – men og om ei

“potetefor/e”. Sjå “hyppe”. Med o-lyd: fleire tydingar: Fore t.d. dyra og fore ei kåpe.

Forstokka (vere) Om person som er oppfatta å ha eit heilt

upåverkeleg (og vrangt) syn på/meining om ulike saker og ting.

Fram-å-haude Falle/ramle/snuble framover. Men og nytta i

overførd tyding om hastverk som medfører klønete åtferd, eller slett resultat. Gå på trynet med andre ord.

Fre (eit) Lokale variant av frø. “Grasfre”.

(“Frei” var farfar/farmor sin variant).

Frege (å) Heil sikkert i slekt med no tyske ”fragen”, for det

tydde å spørje eller vere nyfiken. Freksempel Vår variant av: “For eksempel”.

Fross (ein) D.s.s. hankatt.
Fræk(e) (vere) Uttrykk for t.d. kor dårleg ein ser ut,

eller om veret: “Hanj va kje fræke idag”. “Da ser ikkje frækt ut mæ veira”.

Fuke (ei) Om ver (byge), og om sinnerier hos personar:

“Hanj va ei go fuke ute no”. “Hanj hadde ei litt ’a ei fuke”.

Fyke (å) Vår variant av vb. å flyge.

«Dei fyke høgt idag». Om svalene fauk høgt skulle det love bra for godt ver.

Fyle (ei/ein) Lovleg skjellsord. Mest om dyr som ”oppfører seg

feil”: ”Honsfyle”, ”di fyle”.

Fyse (vere) Mest om tøffe tilhøve. “Da va’kje fyse”. D.s.s. “Da

va’kje spøkeri”. “Han æ’kje fysinj ut i”. (I havet).

Føre (eit) Raptus/ri/føre. “Galneføre”. Sjå og ”ræmpe”.

“Hanj hadde et føre idag ijæn”. Brukt om mange ulike situasjonar.

Få oppi brotet “O” i “brotet” har o/å-lyd.

Om å få kjeft.