Selje Skulekorps

Frå Selje.info
Versjonen frå 23. juli 2010 kl. 22:03 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Category:Kultur Henta frå hefte i høve skulemusikkstemnet i Selje 15. og 16. juni 1974: Selje Skulekorps var skipa 29. oktober 1970. Frå starten av hadde korpset 26 med…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Henta frå hefte i høve skulemusikkstemnet i Selje 15. og 16. juni 1974:

Selje Skulekorps var skipa 29. oktober 1970. Frå starten av hadde korpset 26 medlemmar, 15 jenter og 11 gutar. Olav Kjell Pileberg var fyrste dirigent. I tillegg til fin innsats i den musikalske leiinga gjorde han i den viktige og vanskelege innleiingsfasen en særskild god jobb med oraniseringa av arbeidet. I 1972 vart det sett i gang kurs for aspirantar med 22 deltakarar. I 1974 hadde korpset 27 aktive musikarar og ei aspirantgruppe på 7 medlemer. Korpset hadde den gong fast øving ein gong i veka. Til dette kom i tillegg høvesvis ekstraøvingar. Dirigent og instruktør var i 1974 Luis Santiago. Bjørn Jensen var medinstruktør.

Og i styret i 1974 sat desse: Oddny Dybedal , formann Ragnar Hafsås, nestformann Anfinn Elde, kasserar Haldis Hjærtenes, sekretær Herman Håvik, repr. for skulen Olav Ervik, tilsynsmann Solveig Hove, styremedlem

Eksterne lenker