Song om Kjødepollen

Frå Selje.info
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Tekst: Steinar Teigen
Tekst: Kjell Kipperberg

Høyr min song om Kjødepollen vår,
her eg levde mine barndoms år.
I frå fjorden og frå fjellet;
i min song eg vil fortelle.
Gode minner for meg alltid står.

Bakom Rylen dukker sola ned,
skumringstimen fyller meg med fred.
Sildestim på fjorden blinkar,
travle måser til meg vinkar;
"Polljen" vår er verdens beste sted.

Her kor eg har budd i unge år,
kjenner eg ei glede når eg går.
Etter bygdas smale veiar,
og ved skuleplassen heiar;
kjenner at mitt "Kjøss'polls" hjerte slår.

Høyr min song om bygda slik ho er,
like vakkert syn i all slags ver.
Om du reiser ut i verda,
vil du alltid med på ferda;
minner i frå Kjødepollen ber.

Sjølv om barndomstida mi er slutt,
minnest eg mi bygd som liten gutt.
Eg har berre gode minner,
aldri trur eg dei forsvinner;
men vil fylgje meg til livets slutt.

Vi vert eldre for kvart år som går,
eingong føre siste reis vi står.
Alle dei som vert tilbake,
kva som helst kan dei forsake;
berre ikkje Kjødepollen vår!