Sunnivakyrkja

Frå Selje.info
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Utanfor Sunnivahola er det sett opp fleire murar. På den innerste av hyllene desse dannar stod Sunnivakyrkja.

Olav Tryggvasson fekk reist Sunnivakyrkja utanfor der han fann levningane etter helgenen Sunniva. Kyrkja skal fyrst ha vore bygd i 996. Truleg var den første Sunnivakyrkja bygd i tre. Murane vi i dag ser der Sunnivakyrkja har stått stammar frå ei kyrkje bygd i stein. Brannlag som er funne ved utgravingar kan tyde på at den første Sunnivakyrkja brann ned. Murkyrkja vart truleg sett opp på slutten av 1000-talet. Ruinane viser at kyrkja ikkje har vore stor, om lag 14 meter lang og 6,5 meter brei. Kyrkja hadde ikkje tårn.