Skulehistorie

Frå Selje.info

Det har vore mange skular i Selje kommune. Under finn ein desse skulane og kan lese om kvart enkelt.

I åra frå 1914 til 1939 vart nynorsk innført som undervisningmål i Selje-skulane. Prost Ludvig Strømme var sterk motsandard til dette. Den første krinsen der det vart innført nynorsk var Hoddevik i 1914. I 1918 vart det innført på Honningsvåg skule, og i 1926 på Nordstranda, Barmen, Borgundvåg, Refsnes, Drage, Eide, Røyset, Sandvik, Nordpoll, Flatraket og Moldestad. Årvik og Kjøde kom etter med nynorsk i 1936. I 1939 la Stokkevåg, Eltvik og Hove krinsar om til nynorsk, dermed var det innført nynorsk i alle skule krinsane i Selje kommune.