Selje.info:Om

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Selje.info er oppbygd som ein Wiki. Dette betyr at alle som ynskjer kan bidra med relevant informasjon til sida. Vi vil oppfordre flest mogeleg til å gjere nettopp dette - slik at informasjonen blir breiast mogeleg.

Selje.info er ei uavhengeg informasjonssamling for kommuna og tettstaden Selje. Denne informasjonssamlinga er tiltenkt såvel fastbuande som tilreisande og andre interesserte. Sida er i høgaste grad etablert og drifta som eit privat initiativ, og informasjonen her er derfor ikkje å sjå som offentleg informasjon på nokon måte.

Primærmålet for Selje.info er å samle mest mogeleg informasjon om Selje på ein stad. Dette kan vere informasjon som gjeld lokalhistorie, bygdehistorie i kommuna, turistattraksjonar, sport og næringsliv i Selje, overnattingstilbod for tilreisande og offentleg fakta og informasjon. På denne måten kan Selje.info fungere som ei levande bygdebok for Selje, men samstundes og eit sosialt nettverk for informasjon, eit oppslagsverk og ei aktualitetssamling for alle interesserte.