Kategori:Bygdene

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Størst av bygdene i Selje kommune er kommunesenteret Selje. Selje ligg skjerma frå det lumske Stadhavet bak øya Selja.

Nest størst er tettstaden Leikanger. Leikanger ligg på nordsida av Stadlandet med bilvei frå Selje over Sandvikeidet. Vidare utover på nordsida finn ein bygdene Borgundvåg, Tungevåg, Eltvik, Honningsvåg og Årvik.

På vestspissen ligg fjellplatået Vestkapp (også kjent som Kjerringa), som er Noregs vestlegaste fjellplatå. På vestsida av Stadhalvøya ligg og bygdene Refsnes, Ervik og Hoddevik.

På sørsida, men med veiforbindelse frå Leikanger over Dragseidet, finn ein bygdene Drage, Indre Fure og Ytre Fure.

Inst på nordsida av Stadlandet ligg bygdene Årsheim og Kjøde. På grunn av det lumske Stadhavet har det heilt sidan andre verdskrig vore snakk om å bygge Stad Skipstunnel gjennom det smalaste punktet på halvøya frå Kjøde til Moldefjorden. Bilveg frå Kjøde til Moldefjorden går i dag over Mannseidet.

Vidare sørover i kommuna frå Moldefjorden kjem ein til Moldestad, Salt, Rundereim, Flister og Barmsund. Frå Barmsund går det ferge over til øya Barmen.

Vidare sørover frå Barmsund ligg Venøy (med tilkomst over bro), Nordpollen og Flatraket.


Kart[endre]

Laster kart...


Artiklar i kategorien «Bygdene»

Kategorien inneheld desse 26 sidene, av totalt 26.