Drage

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk
Drage - Bygdeinformasjon
Drage 100702.JPG
Foto: Stian Elde
Informasjon om denne bygda
Ca. innbyggartal ?
Nabobygder Leikanger, Hoddevik og Indre Fure


NB: Denne artikkelen er endå ikkje å ansjå som komplett. Har du meir informasjon må du gjerne sjølv redigere artikkelen, så vert selje.info enda betre!

Gardane[endre]

Ytre Drage[endre]

Gard nummer 49.

Ytre Drage (Gard). Les meir.

Skanna frå bygdeboka; delen: Dei einskilde gardane: Desse gardane som upphavleg hev vore ein gard, ligg kring den breide Dragsviki ved vestre enden av det låge eidet som går tvert yver Stadlandet aust til Leikangergrendi ved Vanylvsfjorden. Eidet er ikr. 5 km. breidt og ikr. 170 m. høgt. Grunnen er nokolunde jamn. Det kan vel ikkje vera tvilsmål um at det i gamal tid vart drege skip og båtar yver eidet for å sleppa å fara kringum Staden når det var storm­ver og ufarande den leidi. Skipi var då små og lette, og folkehjelpi vanta det ikkje. For å letta dragingi var her lunnelagt.

Staden her vart difor ein viktig ferdslemidtstad, og nam­net på garden hev vel sikkert upphavet sitt av dragetrafik­ken her. Ymse tyder på at Dragseidet var ein sterkt nytta ferdslestad og møtestad for folk frå dei tvo sidor av Stad., og ved austenden av eidet låg flate vangar der ein samlast til leik og idrott, og som difor fekk namnet Leikanger. Og når Olav Tryggveson heldt det namngjetne kristningsmøtet sitt med folket frå dei nordvestlandske fylker i år 997, var det vel av fleire gode grunnar han la møtestaden her på Dragseid. Garden Drage er difor ein av dei mest namngjetne gar­dar i landet. Ymse funn frå forntidi er og gjort her. Segn um den lunnelagde dragvegen hev livt til siste tid. Namneformi Drage er den gn. dativformi Dragi av drag, inkjekyn, eigeform drags (t. d. Dragseid, Dragsmenn). Dei eldste kjeldor hev formi Draghe, Drage; i 1600-årstalet vert skrive Drag eller Dragh. I 1667 vert gjort skilnad millom Ytre- og Indre-Drage.

Drage er ein av dei få gardar i Selja som er nemnd i D. N. Her vert nemnd Ogmund på Drag og dotter hans i 13(38). Det som gav høve bil at dei vert nemnde er at munken Robin i Selje-klosteret då klaga til bisp Håkon av Bjørgvin yver leigepresten Kolbein, vikar for sira Aslak på Selja, for at Kolbein hadde skulda Robin for lægermål med Ogmund si dotter, som var gift kona. Bispen pålegg difor abbed Jon i Selja å røkja etter um skuldingi er sann. Er der ikkje prov for brotet, skal dei som er vorte skulda føra fram motprov. Vil ikkje abbeden gjera det, skal han melda bispen dette, men ikkje straffa Robin fyrr ein hev prov for brotet. (Dipl. Norv. X s. 34.) - So hev ein ingen fretnad um Drage fyrr i 1520-åri. Då er garden kalla Dragzedh.

I 1563 legg 6 mann på Drage kvar sin dl. i skatt. Men­nene er: Oluff Nielssenn, Isaach, Jonn Einersenn, Swendt, Oluff Swendsenn og Buduor. I 1557 legg «Offuerdrag» 1 v. f., «Ytterdrag» 1/2 pd. f. i leidang.

Isack p. «Frag» (er vel feilskriv for Drag) legg same tid som skipper og styrmann den halve frakt i skipsskatt med ½ v. f. Peder Drage, nemnd i 1690-åri, var «utligger» og borgar i Bergen; han budde i 1696 i Brg., der han åtte hus. Skyldi av Drage-gardane var til ymse tider soleis: I.-D.: I 1626 1 l. sm. 2 v. f., 1667 1 l. sm. 2 ½ v. f., 1838 12 skdl. 3 ort og i 1886 18,52 skmk. Y.-D.: I 1626 ½ l. 1 v. f., 1667 1 l. sm. 1 ½ v. f., 1838 5 Skdl. 3 ort og i 1886 7,24 skm.

I 1626 hadde beggje gardane «temmelig avl»; dei 4 bru­karane av I.-D. var t«emmelig formuende», dei 3 brukarane av Y.-D. var fatige. Matr.-kom. 1723 vilde auka skyldi av I-D. med ½ v. f. Beggje gardane hadde ”ond landing”. Y.-D. slår mesteparten av høyet sitt i fjellet med livsfåre. Av I-D. var halvparten hptg.; resten låg til Selja prb. Y.-D. var heilt hpg. Det vart løyst i 1840-åri for 450 spd. Prbg. i I.-D. vart løyst i 1840-50-åri for 450 spd., og hpg, i 1830- og 1850-åri for 750 spd.

11563 var det som nemnt 6 brukarar på dei tvo gardane.­Det same tal er det 1603 og. 1 1620 hev I.-D. 4 br., Y.-D. 3: det talet held seg ubrigda bil 1700; då vert Y.-D. tvo bruk. Etter gardane vart innløyste, er det vorte utskilt fleire små­bruk. Meir herum under dei einskilde bruk. Dei 4 gamle bruki på I.-D. var like store.

Det var fyrr ymse gamle hus på garden. Til siste tid stod det her ei eldgamal stova, bygt av rundtimber, med «vagencving», utan glas, med aurbenkar, utan golv, men bæd av stampa jord, grue midt på bæden. Ho hadde ingen kove, men fordøri gjekk tvert yver heile breiddi. Stova var sikkert yver 400 år gamal.

Indre Drage[endre]

Gard nummer 50.

Indre Drage (Gard). Les meir.

Austmyr[endre]

Gard nummer 51.

Austmyr (Gard). Les meir.

Bildegalleri[endre]

Ei samling av bilete frå Drage finn du under.

Kart[endre]

Laster kart...

Eksterne lenker[endre]