Stad Skipstunnel

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Allereie 11. september 1874 var ein skipstunnel gjennom Stad omtala som førstesidesak i avisa Nordre Bergenhus Amsttidende. Sidan den gong har mange sjøfararar og kystbuarar hatt ønske om bygging av ein skikstunnel gjennom halvøya. Ein slik tunnel vil gjere skipsleia langs norskekysten skjerma for den verste av alle havstrekningane, og er planlagt til å gå frå innerst i Kjødepollen på nordsida til Moldefjorden på sørsida. På dette punktet er halvøya på det smalaste.

Ein tunnel har vore planlagt med 33 meters seglingshøgde, 21,5 meter breidde og 12 meter djubde. Ein slik tunnel er kostnadsberekna til nærmare 2 milliardar kroner. (2008)

21. mars 2013 vedtok regjeringa å løyve 1 milliard kroner til skipstunnellen.

Video[endre]



Ekstern Lenkje[endre]

Stad Skipstunnel