Skilnad mellom versjonar av «Lesto (Gard)»

Frå Selje.info
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Line 35: Line 35:

[[Category:Gardshistorie]]
[[Category:Gardshistorie]]
Lestogardane, G.nr. 64 i Selje, (5 gardar) ligg på nordsida av [Moldefjorden]. Mot vest grensar dei til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig og vekstvillig landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksareal. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på Lesto gjekk med i det anlegget. Berre ein av gardane (nr.2)vert driven no i 2010, og denne garden haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 4.
Lestogardane, G.nr. 64 i Selje, (5 gardar, formellt kalla bruksnummer) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig og vekstvillig landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksareal. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på Lesto gjekk med i det anlegget. Det er drift berre på ein av gardane (nr.2) no i 2010, og denne garden haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 4.
Gardane har utmarksareal og torvteigar på høgdene mellom Lesto og Sandvik/Årsheim.
Gardane har utmarksareal og torvteigar på høgdene mellom Lesto og Sandvik/Årsheim.

Folket her har også hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der var dei best eigna stadene å setje landnota sommarstid. Fangsten kunne vere både brisling, sild, mort og makrell, og ein kan mest alltid rekne med å fange "blankfisk" der. Fiskeri vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), og ulike garn og smålinefiskeri var det alltid i Moldefjorden. Men før i tida var nok det viktigaste vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og fisket etter vintersilda (storsilda). Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for robåtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for karane, men kva mental og fysisk styrke kona til ein småbrukar/fiskar - i storfamilie - med naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.  
Folket her har hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der var dei best eigna stadene å setje landnota sommarstid. Fangsten kunne vere mangslungen og både brisling, sild, mort og makrell vart teke, og ein kan mest alltid rekne med å fange "blankfisk" der. Fiskeri vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), og ulike garn og smålinefiskeri var det alltid i Moldefjorden. Men før i tida var nok det viktigaste vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og fisket etter vintersilda (storsilda). Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for robåtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for karane, men kva mental og fysisk styrke kona til ein småbrukar/fiskarbonde - i storfamilie - med naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.  

Kvar Lesto-namnet i Noreg kjem frå - eller av - og kva det tyder er usikkert. I boka "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier forfattaren at det kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. (Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet). Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna.  
Kvar Lesto-namnet i Noreg kjem frå - eller av - og kva det tyder er usikkert. (Kanskje sytte illgjerninga til Preste-Maren for stoff at om Lesto og gjekk opp i røyk). I boka "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier forfattaren at det kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. (Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet). Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna.  
Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike gardane opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er i alle fall tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug og Listou. Og namna er spreidd ikkje berre over heile Noreg, men og til andre deler av verda - ikkje minst USA.

Versjonen frå 4. august 2010 kl. 11:24

Lesto.jpg
Foto:
Bruka på Lesto
Lesto grensar til nabogardane Eide og Berge, Øvre og Nedre
Bruk nummer 1 Ytre Lesto (Storelesto)
Bruk nummer 2 Rysta
Bruk nummer 3 Miljorda
Bruk nummer 4 Mariusgarden
Bruk nummer 5 Lestoneset

Lestogardane, G.nr. 64 i Selje, (5 gardar, formellt kalla bruksnummer) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig og vekstvillig landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksareal. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på Lesto gjekk med i det anlegget. Det er drift berre på ein av gardane (nr.2) no i 2010, og denne garden haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 4. Gardane har utmarksareal og torvteigar på høgdene mellom Lesto og Sandvik/Årsheim.

Folket her har hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der var dei best eigna stadene å setje landnota sommarstid. Fangsten kunne vere mangslungen og både brisling, sild, mort og makrell vart teke, og ein kan mest alltid rekne med å fange "blankfisk" der. Fiskeri vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), og ulike garn og smålinefiskeri var det alltid i Moldefjorden. Men før i tida var nok det viktigaste vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og fisket etter vintersilda (storsilda). Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for robåtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for karane, men kva mental og fysisk styrke kona til ein småbrukar/fiskarbonde - i storfamilie - med naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.

Kvar Lesto-namnet i Noreg kjem frå - eller av - og kva det tyder er usikkert. (Kanskje sytte illgjerninga til Preste-Maren for stoff at om Lesto og gjekk opp i røyk). I boka "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier forfattaren at det kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. (Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet). Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna. Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike gardane opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er i alle fall tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug og Listou. Og namna er spreidd ikkje berre over heile Noreg, men og til andre deler av verda - ikkje minst USA.

På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av dette neset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon/formasjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Monkebryggja", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte ha vore munkane i klosteret på Selja - usagt av kva grunn - som hadde prøvd seg på eit slikt prosjekt.

Diverse biletstoff o.a. om Lesto (mest om bruk nr. 1) på lesto.no.

19. juli 2010. Ola Lesto

Eksterne lenker