Lesto (Gard)

Frå Selje.info
Versjonen frå 19. juli 2010 kl. 11:56 av Ola Lesto (diskusjon | bidrag)

Lestogardane (5 bruk) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei til Berge og i aust mot Eide. Det er eit svært frodig område, men også dels svært tungdrive. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka marka gjekk med i det anlegget. Berre eit av bruka er drive no (2010). Lestogardane har Utmarksareal og torvteigar på høgdene mellom Lestogardane og Sandvik/Årsheim.

Folket her har hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget og. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Det er her dei best eigna stadene å setje landnota er, og ein kan mest alltid rekne med å få "blankfisk" der. Fiskeri vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), men det viktigaste var vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og vintersilda/storsilda. Farfar min fortalde etter sin farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der båtane låg), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for dei, men korleis det måtte opplevast å vere småbrukar/fiskarkvinne i storfamilie med naturalhushald i denne tida skjønar ein knapt i dag.

Kvar Lesto-namnet kjem frå og kva det tyder er usikkert. "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) meiner det kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. [Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet]. Dette er sikkert ein like bra teori som mange andre. Jakob Aaland seier i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike bruka oppgjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå desse gardane, desse: Lesto, Listhaug og Listou.

På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av neset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Munkebrygga", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte ha vore munkane på klosteret på Selja - usagt av kva grunn - som hadde prøvd seg på eit slikt prosjekt.

Diverse biletstoff o.a. om Lesto (mest om gardsnr.1)på lesto.no.

19. juli 2010. Ola Lesto