Årdal (Gard)

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk
Bruka i Årdal
Bruk nummer 1 Årdal (Bruk)

Årdalen (Gnr 52) ligg ytterst i stranda nord for Selje sentrum, og har ikkje veiforbindelse, men kan nåast til fots eller med båt. Rydjejorda er ein husmannsplass utanfor Årdalen, men ligg og under bruk 1. Ovanfor Årdalen ligg og Liberstølen, opprinneleg ein gammal gård, seinare støl. Rydjejora var avfolka kring 1900, Liberstølen lenge før dette.

Gården Årdal er i dag eigd av dei tre systrene Hilde Petrine Leikanger, Jorunn Marie Vattøy og Ruth Alice Aardal. Dei tre er døtre av Arvid (Rasmussen Nedtun) Aardal, som budde og dreiv garden fram til 1957. Familien har eigd garden i fleire slektsledd. I 2006 vart det skipa ein ideell stiftelse som heiter Aardalens Venner som i dag tek hand om garden og vedlikehald på denne.

Aalandsboka i frå 1943 fortel at Årdalen er omtala i Bispejordboka for Bergen bispedømme frå 1585. Skylda var då ein våg fisk (tørrfisk). Gården tilhøyrde då Selja prestegjeld. (1 våg tørrfisk og 1 laup smør vart begge reikna til 18 kg). I Jordboki frå 1626 heiter det at garden ligg oppunder fjellet og har "ei ringe jord", brukaren er "temmelig formuende". Vidare heiter det at det er "ond landing i blæst" og "det beste lunnende er fiskeri". I 1667 vart skulda redusert til 1 pd. f.(fisk) og i 1757 fekk garden redusert skatten med enda 1 pund f. på grunn av at garden hadde "lidt skade av steinsvor og elveflom" (Aadland 1943). Garden er teikna inn på kart av J.A.Krog i 1770-åra. Namnet er då Aardahl. Rydjejorda finn vi ikkje på dette kartet. Skulda på Årdal var i 1838: 2 ort og 15 skilling, i 1886 omrekna til 0,70 skyldmark.

Om brukarane/eigarane av Årdalen[endre]

Oluf Olsen (Levde kring 1634)[endre]

Born:

  • 1. Mikkel Olsen ( ?? - ?? )


Mikkel Olsen (Levde kring 1647)[endre]

Born:

  • 1. Ole Mikkelsen ( ?? - ?? )
  • 2. Jacob
  • 3. Jetmund


Ole Mikkelsen ( ?? - ?? )[endre]

Born:

  • 1. Hans Olsen ( 1686 - 1750 )


Hans Olsen ( 1686 - 1750 )[endre]

Born:

  • 1. Claus Hansen ( 1710 – 1801 )


Claus Hansen ( 1710 – 1801 )[endre]

Born:

  • 1. Niels Clausen (Aardal) ( 1741 - 1821 )


I folketeljinga for Årdal frå 1801 finn vi: Claus Nielssen, huusbonde, 30 år (bonde og gaardbeboer) (son av Niels Clausen) Walborg Zachariasdatter, hans kone, 35 år Niels Clausen, huusbondens forældre, 61 år (fattig og nyder almisse) Joseli Rasmusdatter, huusbondens forældre, 61 år Rasmus Nielssen, huusbondens sødskende og tienestefolk, 20 år og ugift (enroullert matros) Anne Nielsdatter, huusbondens sødskende og tienstefolk, 31 år og ugift Sylvie Nielsdatter, huusbondens sødskende og tienestefolk, 24 år og ugift Claus Hanssen, husbondens farfader, 86 år (nyter fattiglægd af sognet) Martinus Olsen ” født Bringsvor” gifter seg med datter av Claus; Anne Clausdatter, og overtar senere gården.

I folketeljinga frå 1865 finn vi: Ole Martinussen, husfader, 36 år (gaardbruger og selveier) Mari Hansdatter, hans kone, 41 år Knud Olssen, deres søn, 10 år Anders Olssen, deres søn, 6 år Hans Olssen, deres søn, 2 år I tillegg bor fem personer til på gården: Anne Clausdatter, husfaderens moder, 64 år (kaarkone og enke) Walborg Martinusdatter, husfaderens søster, 33 år, ugift (hans tjenestepige) Claus Martinussen, husfaderens broder, 24 år, ugift (skomager) Anders Anderssen, 15 år (tjenestedreng)


Kjelder[endre]


Eksterne lenker[endre]