Bernt Tunold

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Bernt Tunold (1877-1946) var fødd på Selja 25. februar 1877. Tunold er kjend som ein malar som gjennom sin kunstnarkarriere særleg tok opp motiv med tilknytning til den gamle bondekulturen på Vestlandet.

Han tok sin malerutdannelse på Henrik Asor Hansens vintermaleskule i Bergen. Her fekk han ikkje sitt fargeval og motiv til å passe med dei adskillig dusare og lysare val som Asor Hansen meinte var korrekt for naturrealistisk malarstil. Det er derfor riktigare å seie at han var sjølvlærd som malar. Han fekk likevel med seg ei uttaling frå skulen om at han kunne bli ein dyktig tegnelærar, selv om han aldri kom til å bli malar.

I følge Tunold sjølv var hans store prosjekt i livet å male den gamle kulturen og byggeskikken før den vart reve og skifta ut med nye og framande element. Dette gjorde at han lenge trivdes godt med å bu i bygdene. Då han gifta seg, slo familien seg ned i Bergen, medan Tunold kvar sommar reiste på ny malartur. Desse turane avtok etter kvart som han vart eldre.

Tunold døydde i Bergen 23. januar 1946.