Doktorgarden

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Doktorgarden.jpg

I Doktorgarden kan du få med deg ei utstilling med gamle bilete frå Selje. Utstillinga inneheld kring 60 gamle bilete frå postkort frå Selje frå tida 1900-1960. Her er mange godbitar, mellom fleire handkolorerte motiv av Nabben frå kring 1908. Andre motiv viser sildekast på Sanden i 1935 og Seljevågen i 1935. - Motiva dekkjer det meste av Seljebygda, og viser ei rivande utvikling frå ei lita bygd med spreidd busetnad til ein liten tettstad, med Nabben som sentrum. Her er mest frå Selje, men også litt frå Stad, Pollane, Moldefjorden og frå klosteret. Eg trur mange seljeværingar vil like motiva og minnast bygda slik ho var då dei voks opp, seier Torkjell Djupedal i Doktorgarden, som har laga til utstillinga. For dei som ønskjer seg bilete med heim, er det råd å bestille.

I Galleri Salen er det skiftande salsutstillingar heile sesongen. Salen er det gamle namnet på helleren på Selja, det heilage rommet der Sunniva og følgjet hennar etter legenda skal ha late livet. Salen er truleg opphavet til namnet Selja, og seinare Selje; dei er avleiingar av Salen på same måte som val-velja og tal-telja. Namnet tyder då øya med salen, eller bustad.

Doktorgarden har fått ein ny attraksjon - ei ny Sunniva- og klosterutstilling.