Folketeljing 1960

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Ved folketeljinga i 1960 var Selje kommune delt inn i totalt 18 kretsar, nummerert frå 0 til 17 som følger av tabell under.

Nr Krets
0 Personer uten fast bopel
1 Kjøde
2 Stokkevåg
3 Nordstranda (Otneim, Sande)
4 Nordstranda (Sjåstad, Leikanger, Stave)
5 Eltvik/Borgundvåg
6 Honningsvåg/Årvik
7 Ervik
8 Refsnes
9 Fure/Drage/Hoddevik
10 Hove (Pileberg, Selje)
11 Hove (Dybedal, Berge)
12 Eide/Moldestad
13 Barmøy
14 Rundereim/Sandvik/Nordpoll
15 Flatraket
16 OsmundsvågAavesund
17 Silda


Dei historiske folketellingane viser korleis folketalet i kommuna utvikla seg i åra fram til 1960.

Årstal Folketal
1865 2494
1875 2848
1890 2942
1900 3235
1910 3367
1920 3619
1930 3591
1946 3634
1950 3680
1960 3719


SSB drista seg og til å gje ein prognose for folketalet frå 1960 og fram til 1980. Denne prognosen viste at folketalet skulle auke med nærare 6,5% over desse 20 åra. Dette viste seg i 1980 å ikkje stemme, då folketalet var tilnærma identisk med 1960 (justert for enringar i kommunestruktur). (PS: Frå 1980 til 2010 er folketalet i kommunen redusert med nærmare 17%)

Vidare er det spanande å sjå korleis innbyggarane i kommuna vart forsørga. Om lag 30% av kommuna vart livnært gjennom jordbruk og skogbruk. Om lag 30% vart livnært gjennom fiske og fangst. Berre 12% av innbyggarane vart livnært gjennom industri, og fattige 0,3% gjennom forretningsverksemd.

For seinare generasjonar kan det og vere interessant å lese korleis folk i kommuna budde. Det var i 1960 totalt 897 husvere i kommuna. Berre 130 av desse hadde bad og vannklosett. 32 hadde bad men ikkje vannklosett. 154 hadde vannklosett med ikkje bad. Fleirtalet av husvera, heile 581 av dei, hadde verken bad eller vannklosett. I tillegg til desse var det også 64 husvere som ikkje ein gong hadde innlagt vatn. På den andre sida av skalaen var det og 2 hus i kommuna som til og med hadde sentralvarmeanlegg dette året.

Kjelder[endre]

Eksterne lenker[endre]