Gamle Selje

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Tekst: Leif Berge
Melodi: Barndomshjemmet

Kan du hugse kor da va i gamle Selje,
i dei harde trettiåra vi vaks opp?
Ja, no skal vi saman minnast og fortelje
og tebak' i tida gjer eit lite hopp.
Her æ'kje lenger slik det va i gamle dage,
her va hest og sau og gris og mange naut.
Heile bygda den var dyrka som ein hage;
her vaks bygg og havrekorn til brød og graut.

Ja, vi minnast til vår gamle, gode klokkar,
han som lærte oss å synge pent i kor.
Det va då vi gjekk omkring i lange sokkar,
og i kortebukse heil til vi vart stor.
Og mens Gamleprosten gjekk i ridestøvla,
trakka vi i tresko og med tollekniv.
Og med Kvennavikjen saga vi og høvla,
det vi lærte sat for resten av vårt liv.

Ja, i flokk og fylgje drog vi opp på fjellet
for å skjere torv til kalde vinterdag.
Vi la torv omkring kvar haug og kvar ei helle,
sidan bar vi hop til stakk i lag for lag.
Kan du hugse vi fekk nye halm i sengja?
Kor vi fryda oss og hadde det så godt!
Det va mjukt og fint, - vi låg mest som i engja,
ja, den gleden fekk vi sjølv om mangt va smått!

Og når konene frå bygda gjekk på Nabben,
gjekk dei stilt og pent og bar ei korg med egg.
Nei, dei våga knapt å vifte litt med labben
for å vifte vekk ein frekk og freidig klegg.
Kan du hugse når vi gjekk på Bakeriet?
- heile kjellaren vi fylte opp på spreng.
Ja, den turen den va vel verd bryderiet,
for den gode lukta kosta ikkje peng!

Og når Hamrebygdens Notlag drog på sjøen
- kringom påsketid dei tok eit lite søk
for når sola skein og varma godt på bøen,
var det tid å ta ein liten fiskekrøk.
Kan du minnast gamledampen, kjære "Gula"?
Den va stor og flott for oss og ingen holk.
Den som kom med notehundar i frå Sula,
heile kaia den va svart av berre folk.

Vi kan minnast mange staute menn og kvinner,
dei som fødd oss fram i trass for tronge kår.
Dei som gav oss mange gode barndomsminner,
i sin fattigdom dei gav oss rike år.
Nei, her æ'kje slik det var i gamle dage,
her va hest og gris og sau og mange naut.
Heile bygda den va dyrka som ein hage,
det vaks bygg og havrekorn til brød og graut!