Kjødepollvisa

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Tekst: Ivar Kjøde, februar 1940
Melodi: Måkeskjærsvalsen

Eg likar Kjøde ein vinterdag
når alt er dekt av snøen.
Her får ein friskaste andedrag
på kalde vinterdag.
Snøen ligg kvit over bøen,
isen ligg stålblank på sjøen.
Solen den glitrar i lidakoll,
då er det fagert i Kjødepoll.
Jentende jodlar på isen,
det er den nyeste visen.
Gutane sportar på land og på sjø, og på is og snø.

Eg likar Kjøde på sumarstid
når skog og mark er grøne.
Fjorden ligg speilblank og blå og blid
og gauken gjel i lid.
Makrelen blinkar i sjøen,
nøter står ferdig i støen.
Bilerne susar på veiene,
buskapen beiter i heiene.
Folkje er oppe i otten,
for no dei strevar med slåtten.
Og so kvar laurdagskveld,
møtest vår ungdom på sæter og fjell.