Miljorda (Bruk)

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk
Bilde Miltunet-fargar.jpg

MiljordaLesto (Gard). Gnr. 64, bnr. 3 i Selje kommune.

Bildegalleri[endre]

Historia - før bruk nr. 3 vart frådelt[endre]

Før 1861 var bruk 2 og 3 ein gard.

Utan om Lars var dei 7 andre syskjen:

Mattis (lisje-Mattis) drog til Ålesund

Andrina vart gift på Kvamsøy på Møre

Stine " " i Romsdalen

Jørgine " " i Sekken i Romsdalen

Rasmina " " i Ålesund

Aletta drog til Amerika (ugift ?)

Laura " " " vart gift.


Bruk nr. 3 kom fyrst til som eige bruksnr. i 1861, ved at bruk nr.2 vart delt. Bruk nr. 2 omfatta på den tid dei to gardane som vi no nemner som Rystajorda og Miljorda.

Sjå kart i bildegalleriet

Før delinga stod husa på garden på Milhauen ved grensa til Mariusgarden - bruk nr. 5 - i området der garasja til Leif Lesto står.

Axel Hansen Lesto, f.Liset ("gamle Aksel") som dreiv bruk nr.2, løyste ut/kjøpte dette bruket frå St. Jørgens Hospital i 1847 for 500 spd. (spesidaler). Han vart dermed sjølveigar med råderett over jorda.

Han og kona Anne Pedersdtr. Lesto (Aksel-Anne)fekk 3 born:

Magdeli Axelsdtr. f. 1829 d. 1916

Peder Axelsen f. 1839 d. 6 dg. gml

Anne Axelsdtr. f. 1845 d. 1922

Axel selde halve jorda i 1861 til svigersonen Mathias Andersen Sletteberg, som gifte seg med Magdeli. Bruket fekk bnr.3.

Axel selde resten av jorda til Anders Andersson Einerhaug i 1877. Denne delen vart framleis brn. 2, og vi kallar den Rystajorda.

Anders Andersen Einerhaug, gift med Tomine Gjesdal, bygde opp husa i "Rysta" der dei står i dag. Han fall ned ned i Lestofjellet under vedhogst, og slo seg ihel, 56 år gamal. Dei hadde 8 born. Den ein av desse var Lars Andersen Listhaug ("gamle-Rysten"), bestefar til Anne Drabløs.

Om brukarane/eigarane av Miljorda[endre]

Matias Andersen Lesto ("Gamle-Mattis") (1831 - 1921)[endre]

Første eigaren av bruk nr. 3.

Slekta til Mattis. Mattis kom frå Sletteberg på Årsheim.

Foreldra til Mattis var: Anders Olsen Tunold og Birthe Henningsdtr.

Garden Sletteberg på Årsheim vert nemnd frå 1500-talet, Fyrste 200 åra var den på vekslande hender, og låg i tider aude. Anders Olsen Tunold kom frå Tunold i Stryn og slo seg ned på garden. Han gifta seg med Birthe Henningsdtr. frå Storekjøde. Dei fekk 3 born:

1. Ola Andersen Sletteberg som overtok garden. Han er m.a. bestefar til Olaug Kvamme Listou, Håkon Hansen kjøpte garden av Ola Sletteberg.

2. Ragnhild Andersdtr. som vart gift på Stokkeneset.

3. Matias Andersen Sletteberg kom til Lesto. (Mattis er såleis slekta til Olaug Kvamme Listou)

Mattis kom som dreng på garden til Axel (bruk nr. 2). Han vart gift med eldste dottera på garden, Magdeli,f.1829.

I 1861 selde Axel ein del av garden sin (bnr.2) til Matias.

Denne del av bruk nr. 2, vart bruk nr. 3 og sjølvstendig eigedom i 1861, Den fyrste eigaren vart Matias Andersen Sletteberg. Som skikken var tok han namnet Lesto.


Slik vart Mattis og Magdeli dei fyrste eigarane av bruk nr. 3 på Lesto. Mattis kjøpte ei stove inn i Nordfjord, som han bygde opp på Hauen. Den vart kalla Mattisstova.

Han vart kalla Gamle-Mattis då det budde ein annan Mattis - Lisje-Mattis i den fyrste stova, bror til Gamle-Rysten.

Hauen der stova sto vart då kalla Mattishauen (idag Milhauen).

Dei døde barnlause. Mattis i 1921. Magdeli i 1916.

På garden finst idag reidskap og utstyr som Mattis merka med M A S L (Matias AnderSon Lesto). F.eks. det store ausekaret som vi nyttar som juledekorasjon.


Bernt Cornelius Gabriel Tollefsen Hatlenes ("Bent") (14.12.1852 - 1924)[endre]

Andre eigaren av bruk nr. 3 Bent si historie er slik:

Foreldre:
Torleif Torlefsen Gjesdal f. 25.1.1827,d.23.3.1864.
Serine Ingeborg Iversdtr. Tverberg i Syvde f. 1830.

Far til Bent - Torleif flytta til Selje 19 år gamal 14.4.1845 for å tene. Den 18.7.1851 gifta han seg med Serine Ingeborg.
Far til Torleif : Torleif Samsonsen.
Mor til Torleif : ?

Far til Serine Ingeborg: Iver Botolfsen ( 1803-1879) Mor til Serine Ingeborg: Brita Jakobsdtr.Brudevoll(1802- 1879). Dei budde på garden Tverberg g/bnr. 85/1 i Syvde. Iver var skulemeister.

Torleif og Serine busette seg i Hatlenes, truleg på på det bruk som Jørgen Hatlenes har i dag.

Dei fekk 5 born:
1. Bernt Cornelius Gabriel f.14.12.1852
2. Johan Thomas " 10. 5.1855
3. Tomine " 18.11.1857
4. Knut Olai " 28.12.1860
5. Oline Martha " 29.12.1863

Dei hadde det sikkert som folk flest på denne tid, men fyrste halvår i 1864 vart eit syrgjeleg år for denne familien:

Den 14. 1.1864 døde Oline Martha Tollefsdtr. Hatlenes berre 16 dagar gamal.

" 23. 3.1864 døde Torleif Torleifsen Hatlenes 34 år gamal. "Bragtes syg hjem fra fisket på Søndmøre og døde dagen efter".

" 15. 6.1864 døde enke Serine Ingeborg Hatlenes 34 år.

Dette halvåret døydde altså far og mor, 34 år gamle, og den yngste dottera deira.

Åleine - utan foreldre - sat att 4 born frå 11,5 år til 3,5 år.


Dei vart tekne hand om slik:

1. Bernt kom til farbroren Peder Tollefsen Geisdal på Lestobakkane. Han vart kalla "Bakke-Per" og er oldefar Magnus og Sverre Pileberg m.f.

2. Johan kom til morbroren Bernt Iversen Tverberg i Syvde.

3. Tomine kom til Sivert Johannes Sylte på Berge, bnr. 3. Ho vart gift med Rasmus Monsen Berge. Ho er mor til Sivert og Oskar Berge, og såleis bestemor til Trygve Berge.

4. Knut kom til farsystra Stine og Lars Simonsen på brn. 2 på Lesto. Knut tok namnet Hove. Han er far til Tollef Hove, som bygde og budde i det raude huset utanfor kyrkja.


"BENT" og "BENT-ANE"

Bernt Tollefsen Hatlenes vart gift med Anne Helene Axelsdtr. Lesto, f 1845, d. 1922. Anne og Magdeli var systre - Mattis og Bent vart svograr.

Dei busette seg hjå Magdeli og Mattis på Mattishauen.

Bernt tok etternamnet Lesto, Han vart til dagleg kalla Bent, ho vart kalla Bent-Ane.

Anne vart konfirmert 15. sept. 1861 og presten gav henne denne karakteren: "Ganske brav og meget ettertenksom". I folketeljinga frå 1865 står Bent oppførd som "tjenestekarl hos Peder og Pernille på Lestobakkane".

Bent og Ane fekk ei dotter: Alette Serine Marie f. 5.12.1888. Ho døde ca. 1 år gamal 1. juledag 1889.

Bent fekk skøyte av Mattis på bruk nr.3, den 4.januar 1897. Bent var fleire ganger i Nordland på sildefiske m.m.

Ein eller annan stad hadde han lært seg til skomakar, for så tidleg som i 1888 er han i kyrkjeboka nemnd som skomakar. Bent dreiv som skomakar, Skomakarskrinet m.m. finnst enno på garden. Den store rosemåla kista hos Leif Lesto var Bent-Ane si.

Bent skøytte over garden til Emil Larson Lesto den 6.3. 1922. Historia om dette salget vert fortalt seinare. Ved dette salget i 1922 kom garden over i LESTOSLEKTA.

Bent døde av kreft 72 år gamal i 1924. Han hadde då vore enkjemann i omlag 2 år.

Julius Hartmann si skisse måla trulegi 1922 – venen Emil overtok eigedomen. Det er nok Bent-Ane på det siste - som er avbilda. Ho døde i 1922. Originalskissa fekk Leif Lesto med Ragnvald Berge i 1997.


Emil Hans Larson Listou ("Mil") (21.03.1885 - 30.07.1969)[endre]

Tredje eigaren av bruk nr. 3.

Familieforhold: Emil var den 4 i rekkja av 10 syskjen på Ytre Lesto, bruk nr.1. Foreldra var Lars O. Listou og kona Johanne. Om Lesto-slekta syner eg til "Ei slekt gjennom 350 år" av Arthur Lesto. Om Emil på side 39. Sjå elles frå side 26.

Emil er bror til Ole Listou, som er Leif Lesto sin bestefar. Emil kjøper gard. Den førre eigaren - Bent - vart enkjemann i 1922. Han var då 70 år gamal. Emil var 37 gamal i 1922. Han budde heime på farsgarden, og var framleis ugift.

Den elste bror hans, Ole Listou, rådde han til å kjøpe garden til Bent. Emil som hadde agronom-utdaning frå Mo landbruksskule i 1905, kunne på denne måten komme seg til seg eigen gard.

Emil kunne på den tid ikkje ha vore særleg flink til å forhandle, for det lukkast ikkje å overtale Bent til å selje garden. To av systrene til Emil hadde tjuvlytta ved vindauge då Emil kjøpslo med Bent. Dei meinte at storebroren Ole måtte bli med dersom det skulle bli nokon handel. Det vert fortalt at Ole tok med drammeflaska og fekk avgjort handelen.

Emil fekk skjøte på eigedomen, datert den 21.2.1922. Tinglyst den 6.3.1922. Kjøpesum kr. 3.000,- som skulle oppgjerast slik: kr. 2.000,- innen 14. april. Resten, kr. 1.000,- rentefritt mot oppgjør innan 3 månader, med pant i eigedomen denne tida.

I skjøtet er spesifisert kårrettane til Bent, slik det var vanleg den tida. Det er oppgjeve nøyaktige kvanta av melk, poteter, kjøt, korn og mel, m.m., fritt hus og pleie osv. (Skjøtet er oppevart av Leif Lesto).

Kårpliktene overfor Bent gjekk ut då Bent døde i 1924, og Mil kunne fritt ordne som han ville på eigen gard. Emil si tante - Ane "Gamle-Ane" frå "Janhauen" (Mariusgarden) budde i kammerset i huset til Emil til ho døde i 1956. Sjå meir om "Gamle-Ane" og den delen av slekta frå side 133 i "Ei slekt gjennom 350 år".


Lars O. Lesto (25.1.1908 - 8.6.1984)[endre]

Fjerde eigaren av bruk nr. 3.

Lars O. Lesto, brorson til Mil, var eigar av bruk nr. 1 på Lesto. Om familieforhold, sjå "Ei slekt gjennom 350 år" side 29.

Han kjøpte garden av Mil i 1964, med tanke på at ein av hans born skulle kunne overta den seinare. Garden var nytta som tilleggsjord til bruk nr. 1. Fjøset i Millada vart ombygd til hønseri. På det meste var det ca. 150 høns der.


Leif Lesto[endre]

Den 5. eigaren.

Eg - Leif Lesto - den 3. av 4 syskjen vurderte å byggje hus i Milbakken i 1970. Eg var ugift, og ville berre byggje for å ha eit investeringsobjekt. Eg fekk tegna eit høveleg hus. Vegstellet ville ikkje gje løyve til avkøyrsle, og planane vart lagde på is. Seinare vart eg forlova, og byggeplaner vart aktuelle att.

Far ville at eg skulle få overta Miljorda. De viste seg vanskeleg å skilje den frå bruk nr. 1, p.g.a. at begge eigedomane i ei viss tid hadde vore drivne saman.

Derfor fekk eg frådelt tomta "Milhaugen" gnr. 64, bnr. 10. Skjøte tingl. 7.10.1971. Seinare vart formalitetane ordna, og den 29.11.1971 vart det tinglyst skjøte på bnr. 3 også.

Den nye riksvegen som var under anlegg, førde til at Millada måtte rivast. Far bygde den oppatt der den står i dag, for erstatning frå vegstellet. (Låven vart riven og i dag er det bustadhus på den muren)


Leif Lesto - lagt inn des.2010


Torvhus og løypestrengar på Lesto[endre]

v/Leif Lesto

Torvmyrane på Lesto[endre]

Torvforekomstane på Lesto låg oppe på fjellkanten. For Ytre Lesto, på Brunene på vestsida av elva. Dei andre bruka hadde torvrettar i myrane mellom "Lisjehonje" og Lestovatnet.

Torvstrengar eller løypestrengar[endre]

Sjå kartet over løypestrengane og torvhusa

Ligg i bildegalleriet.

Frå ca. 1900 - kan hende før - vart det mogeleg å skaffe løypestreng. På Lesto vart det i alt montert 4 løypestrengar på den tid. Strengane vart ein revolusjon i arbeidet med å få brenntorva til gards.

Bruk nr. l: Ytre Lesto Strengfestet låg på fjel1kanten like vest for elva. Strengspelet låg like ved torvhuset på Lesto, ovanfor huset til Ola Lesto. Bruk nr. 2: Rysta Strengfestet låg på fjellkanten ut mot Lisjehonje. Strengen kom ned like vest for Rystalada, og var festa i store steinar der. Bruk nr. 3: Miljorda Strengfestet på fjellkanten, nokre meter aust for Rysta-strengen. Strengspe1et låg ved steingarden i grensa mellom Mil- og Mariusgarden ca. 20 m ned for den nye vegen, der grenselinja bryt mot aust. Bruk nr. 4 og 5: Mariusjorda og Lestoneset. Desse bruka hadde felles streng. Strengfestet var eit oppmura tårn på fjellkanten. Strengspelet låg nede på Mariusmarka, ca. 20 m ned for vegen ved Mariuselva.

Strengen vart forankra bak fjellkanten, gjerne i ein kraftig øyebolt som vart mina ned i berget, eller festa kring ein kraftig stein. Strengen kvilte på eit oppmura steinfundament på fjellkanten. Derfrå strakk den seg til gards. Strengen enda i "strengspelet" nede på gardane. "Strengspelet" var ein kraftige trerull med endeboltar lagra i solide steinar. Strengen vart lagd om rullen, og stramma opp med hjelp jernstenger / vektarmar gjennom hol i rullen.

Det hende at strengen slitna. Då måtte den skjøtast. Harald Berstad var den som skjøtte streng siste gangen på Lesto. Det var strengen til Marius. Streng-endane vart skråslipte med fil slik at flatene var ca. 5 cm. Ei tynn messingplate vart lagd mellom, og skjøten surra saman med tynn streng. Så vart det fyrt opp varme under - med trekol. Blåsebelgen i Rysta vart brukt for å auke varmen. Streng-skjøten vart varma opp til messingen tok til å smelta. Då - på akkurat rette tidspunkt - måtte skjøten bort frå varmen og bankast hardt, for å få ei kompakt fuge. Etterpå vart strengen filt til slik at den på nytt var glatt. Var ein flink, vart den sterk som ny.

Løypestrengane var i bruk fram til i 1950 åra. På den tid vart elektrisk straum innlagd i alle hus. Då mest brukt til kokeplata for matlaging, og til lys. Kol, koks og ved var framleis mest brukt til oppvarming. I 1960 åra la Ytre Fjorane Kraftlag ny høgspentlinje til Selje. Løypestrengane som låg i trassen for linja, måtte fjemast. Alle dei 4 strengane på Lestovart då nedsenka og demonterte. I utmarka går ein seg fram på dei der dei framleis ligg opp mot fjellet. Dei minner oss om ei kort epoke då dei var eit kjærkome hjelpemiddel i folk sin harde arbeidsdag.


Torv var ein livsviktig ressurs fram til 1950 åra[endre]

Torvmyrane har vore ein viktig energi-ressurs heilt frå sagatida og fram til 1950 åra - til elektrisiteten vart allemannseige. Ved utskiftingar (deling mellom bruka) av utmarks-områder vart det teke omsyn til torvrettar. Rett til torvmyr i utmarka var livsviktig, slik som rett til vedteig~ og var. At slike rettar i utmark var viktige, får ein inntrykk av f.eks. ved å sjå i bygdeboka for Selje og Vågsøy av Jacob Aaland:

1757 Usemje om bjørkeskogen på Lesto. 1758 Skogen og febeitet i sameigeutmarka vart delt mellom brukarane av åstaderetten. 1758 Utskifting av utmarka. 1882 Denne utskiftinga vart tinglyst att. 1882 Merkelinja mellom grannegardane i nord og aust vart fastsett. 1891 Utskifting av innmarka. 1921 Utskifting av utmark og torvmyr.

Brenntorvet var det viktigaste brenslet for folk fram til ca. 1940-50. Det voks ikkje lauvskog på innmark eller i nær utmark på den tid. Tildelte vedteigar låg gjerne ulageleg til i farleg fjell. Ein mann frå Lesto fall ned i fjellet og drap seg under vedhogst. Beitande husdyr heldt både skog og eine borte. Mange stader det i dag er tilgrodd med skog og eine, var det før krigen frodige grasbakkar der dyr beita.

Fyrst når geitehaldet i stor stil tok slutt etter krigen (1945/50), og det vart ferre dyr på beite, tok skogen seg opp att. Før 2. verdenskrig var det få på våre kantar som hadde råd til å legge inn elektrisitet. Matlaging og oppvarming var basert på vedfyring, og sikker forsyn­ing av god brensel var svært viktig. God brenntorv har brennverdi som bjørkeved, og er derfor vel egna som ved. Tilgang på kol og koks til oppvarming vart bedre etter krigen - for dei som hadde råd til å kjøpe dette.


Ein kvardag i torvet[endre]

Etter at våronna på gardane var unnagjord, var mykje av tida fram til slåttonna avsett til arbeidet i torvet, for å sikre brensel til komande vinter. Det var karane på garden og heimeverande barn som tidleg på dag la ut mot torvmyrane bak fjellkanten. Med seg hadde dei nødvendig reiskap og utstyr:

Torvkniv - til å skjere ned myrkanten med Torvspade - til å stikke ut torvstumpane med Greip - til å lyfle ut torvstumpane med Berebåre - til å frakte torvet ut til tørking på lyngmarka omkring Trillebåre - Dei som hadde trillebåre la gjerne ut fjøler for å lette tiltinga


For å klargjere myra til uttak av brenntorv, måtte det øvre jordlaget fyrst fjemast. Fyrste dagen gjekk gjeme med til dette. Etter kvar i myra torvet vart brote ut, fekk det namn:

MOSETORV - var det øvre laget av brenntorv i myra. Dette var eit porøst og godt brenntorv.

STEINTORV - Dette var fastare og tyngre - som nanmet indikerer. Steintorvet låg djupast i myra- 1,0 - 2 m nede. Brennverdien var høg, og ferdig tørka kunne det minne om kol.

Etter kvart som torvet vart teke ut, kom ein djupare ned i myra. Den faste grøftekanten var godt utgangspunkt for å skjere ut stadig nye torvstumpar. Med torvkniven skar ein ned ein høveleg brei tram. Med torvspaden stakk ein så ut torvet i store stubbar. Greip vart nytta for å løfte stumpane opp frå torvgrøfta. Med trillebåra eller berebåra vart torvet frakta til tørkeplassen. Med torvkniv var stumpane der delte opp i passe tjukke skiver, og så lagde ut til tørk tett i tett på berget eller i lyngen.

Det er den nedbrotne massen frå gamal skog som har lagt grunnlaget for torvet i myra Det var ikkje uvanleg at det nede i torvmyra kom for dagen store trerøter etter den gamle urskogen. . Desse røtene var ei plage for arbeidet, men har nok og vore viktige likevel. I panteboka som gjeld utskiftinga av torvrettane i 1921 er det nemleg fastsett at "De i torv-myren fremkommende rødder skal tilhøre torv-eiern". MAT VAR VIKTIG Kona på garden gjorde unna husstellet heime. Tidleg på for-middagen måtte ho til med matlaging, for mannskapet i torvet skulle ha mat til middagstid. Kona bar så maten med seg opp til dei som venta ved torvmyra. Etter hardt arbeid var matlysta stor. Det er fortalt soger om kor mange klubbar enkelte åt i torvet. Det vert sagt at Trygve Berge ­"Tryggjen" - har rekorden med 16 klubbar. Då han skulle ta den 17., var det ikk;je fleire att. Av mest vanleg kost i torvet var nok klubb og havregraut. Tørrsild og kalde poteter var og god mat, og kunne takast med om morgonen. Slik kunne kona vera med i arbeidet heile dagen.


Torvet vart "HYST" . Når torvskivene hadde hatt god terre og var så pass tørka at dei heldt fasongen, måtte torvet "hysast". Å "hyse" torvet var å sette torvskivene opp mot kvarandre, to og to som ein pyramide. Ei tredje vart gjeme satt opp mot dei to. Torvet vart raskare tørt ved å stå slik, enn om det låg på lyngen.

Torvet vart "STAKKA". Etter som arbeidet i torvet skreid fram, vart det fyrste tørt nok til å kunne settast i "stakk". Torvskivene vart lagde i ein sirkel på tørt underlag. Diameter på stakken kunne vera ca. 1,5 m. Nye lag torvskiver vart lagde på etter kvart, og stakken fekk til slutt passe høgde. På denne måten vart torvet slutt-tørka. Kor viktig torvet var, forstår ein når det vert fortalt at i slåtten, når det drog opp til uver, var det berre å sleppe høyet og kome seg til fjells for å berge torv som var hyst, og få det i stakk. Høyearbeidet måtte vike.


Torvhusa på Lesto[endre]

I 1922 var det utskifting av utmark og torvrettar. Kvart bruk fekk tildelt sine torvteigar, der grensene var sette med grensesteinar. Usemje om rettar til myra, vart med dette avklara. Dei 5 torvhusa i Kattahammeren er nemnde. Der hadde kvart bruk på Lesto sitt torvhus som var i bruk fram til løypestrengane vart tekne i bruk - truleg ved århundreskiftet. Det var naturleg at dei stod der, langs stien ned frå fjellet.

Etter at løypestrengane kom i bruk, vart desse husa ikkje lenger nytta som før. Det var ikkje lengar naudsynt å stasjonere torvet på "halvvegen". No kunne torvet tørkast - og lagrast på fjellet ut over sumaren, og til hausten firast ned til gards. På Ytre Lesto vart det ikkje bygd torvhus på fjellet. Torvet vart tørka i stakkar på fjellet. Torvhus vart reist nede på garden - like ved strengspelet. Det var lettvindt å legge torvet til lagnring der. Ut over vinteren vart det henta den korte vegen til gards.

Dei andre bruka på Lesto valde å føre opp torvhus på fjellet. Dei fyrste torvhusa der vart mura opp av stein, og lagde tak på. Murane etter torvhusa til Rystane, Mil og Marius, ligg på fjellkanten. Det er berre på Mil sitt hus at taket framleis er delvis intakt. ( Sommaren 1993 la fam. Leif Lesto omatt taket på MIL sitt torvhus). Torvhuset til Nesane, låg og der. Det var av tre, og er nedrotna. Sidan husa vart lagde på fjellkanten nær strengen, er det truleg at torvforekomstane var i nærleiken i den fyrste tid. Kort transport var med å letta arbeidet.

Seinare vart torvuttaket flytta lenger bak på fjellet, og det vart ført opp nye torvhus av reisverk. Her bygde både Rystane, Marius, og Nesane sine torvhus. Desse er og rotna ned, men restane kan registrerast. Marius sitt torvhus stod fram til mot 1980. Det vart no lenger transport av torvet frå dei nye torvhusa, og fram til strengen.

Harald Berstad fortel at både han og kona, Klara, bar torvmeisar frå torvhuset til strengspelet. Han bar tre meisar, ho to, i kvar bør. Ei torvmeis vog truleg 25-30 kg. Dei greiddet tre turar i timen - men då gjekk det utan kvild. Kåre Berstad hugsar at han var med og bar torv. Det var truleg tidleg på femtitalet, og på slutten av torvbrytinga på Lesto.


Leif Lesto - lagt inn jan.2011