Ord og uttrykk M - O

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk


Madorre (ei) Om ei kvinner– storvaksne eller/og gejsjeftige.

”Da va noko te madorre”

Magne (å) Noko av prosessen med å gjere “toskehaudå” klar

for koking/steiking. (Kløyve/reinske).

Makke (å) Streve/plagast/slite. “Ka du makka mæ”?

“Dei ha makkast i heile dag”.

Makkerue (ei) 1. Haugane spes. sandmakken produserte når han

livna til om våren. Brukte dei som indikator for å spa etter han. (Sjå “tøyme”).

Mara(nje) Fellesnamn på hestar, uansett kjønn, sjølv om

utgangspunktet tydeleg må vere merr, fl. “mara”. “Ha de sett noke te marå idag”? Opphavet til ordet kjenner eg ikkje, men det er om lag identiskt med engelske ”mare”. Norsk ”mærr”.

Marle (å) Fomle med. “Ka du marla mæ”?

“D’ækje noke å marle meir mæ”.

Marmigar(e) (ein) Brukt om ei type skjell. Omlag 12-15 cm

lang -og smal. Når muslingen var ute fann vi ungane ut at den likna på “veslekaren” til hesten. (“Mar” var neppe medvite avleidd av latin (hav) frå vår side, men frå “merr”). Sjå “maranje”.

Marne (å) Om erosjon. Tida si tæring på tre, stein, metall.

Matvarer sjå “såne”.

Maske (å) D.s.s. arbeide/streve med.
Matasåd (ei) Sjå såd. Noko smått. Med andre or: Ein matbete.

Eit slag smålåta, men kunne og vere ei nedvurderande omtale av eit måltid mat. Brukt om alle slag måltid utan særskild tyding. ”De får komme innj å få ei matasåd”. ”Dei fekk no ei matasåd ut ’a da”.

Maule (å) Ete spesiell mat, t.d. “Hanj maula margarin”.
Meis (ei) Eigenleg metallråma til ryggsekken. Men brukt om

sjølve ryggsekken. Også namn på “nettet” torvet vart pakka i for å sendast ned til gards.

Mekongel (ein) Eit ord farmor brukte (hadde laga?) om/for

medaljong.

Mennjanje Flt. av (ein) morgon, fl. ”mennja”, ”mennjanje”.
Mige (å) Pisse. (Migemaur).
Mil Daglegnamn på farfar sin bror Emil.

“Milhauinj”: Der stova hans sto – der Leif og Johanne Martha har huset sitt no. Namnet vart utan vidare forstaving for det vi omtala på garden: “Mil-ladå”, “Mil-bakkjinj”, “Mil-støda” o.s.b.

Milla Kallenamn på Emil A. Listau. (I “Låna”).
Minaper Kallenamn på Peder Sletteberg i Hatleneset.

(Kona heitte/vart kalla Mina).

Minargarinj Nabogarden i “Bersbygdinje”. Der budde (av farfar

sin generasjon) “hanj Garjohan”. Agent for brannkassa og fiskehandlar/trandampar på Nabben - i tillegg til å vere bonde i “Minargara”. Han hadde ein gul sykkel med treskjermar.

Mokk (eit) “Grautamokk” Eit av namna på væska ein laga t.d.

graut av, eller skeidar i. Denne væska skulle altså vere jevning i. (Sjå og “sod”).

Molde (sæg) (å) Hønse/fugleaktivitet. Når dei ligg i

jord/sandhaugen og sparkar/flaksar for å bli kvitt parasittar.

Mole (ein) O/å¨-lyd. “Enj mole”. D.s.s. ein bit/stykke.

“Enj mole mæ fisk”. “Enj heile mole å gå”.

Molest(e) (å/ein) Skade (vanlegvis om personskade).
Monnj-jut (en) Spes. om ungar som er storkjefta mot vaksne , men

elles og om person som er storsnuta.

Mork(jinj)(ne) (vere) (å) Når treverk turrotnar kalla vi prosessen morkning.

Planken var ”morkjinj”. Sjå og ”kale”.

Mort (ein) Småseiyngel.
Mortepompar (ein) Godmodig skjellsord. Truleg utan spesiell tyding.
Mygle (å) D.s.s. å mugne. Brukt både om ting som rotnar og

om personar som er trege med å få ting gjort. ”Hanj ha mygla på da længje”.

Mykje (ei) Ein lett omgang pryl.
Mylje (ei) 1. Matrett med basis i kraft. Knust flatbrød m/kraft

og sukker over. Prima måte å nytte eldre flatbrød på. Heilårskost. 2. Ungar/bikkjer el. kattar som slæst lagar og ei “mylje”.

Mysse (ei/å) 1. Farmor om t.d. Marimysse, Kyndelsmyss.

2. Verbet “misse” hadde same uttale. “mysse fartinj”. “Dei myste å’nå”. 3. Prestane “myssa”.

Mækre (å) Om lag det same som å bræke (brækte). Hos oss

vart verbet nytta om geitene si bræking.

Mækregauk (ein) Fugl. Eigenleg ikkje så spesielt ord trur eg, men det

var namnet farfar/farmor nytta på enkelbekkasinen. (Lagar mækrande lyd med halefjøra når han stuper ).

Mæte (vere) Ha det smått. “Da va’kje mæte (rare)greiinje”.

“Hanj hadde ikkje da mætt”. Eg hugsar “Mætinj”. (Mathias Nybø): Ein kar med håplaus “kjæring” og mange like håplause “onga”. Han sleit ein håplaus kamp heile si tid for seg og sine, utan at det viste att på noko vis. Vart noko urett vurdert av omverda trur eg.

Mødde (vere) Av møde. Ha det vanskeleg el. pinleg.

Eit ”mødelse”. T.d. ei heft eller plage.

Månke (å) Stelle mana (måna på vårt mål) på hesten.
Navar (ein) Bor (som ein korketrekkar) for holsetting i treverk.
Nekkje (ei/å) Ei: Talghinna som ligg rundt innvollane i slakt

Nytta m.a. som ilegg i klubb, i blodpylse/pudding og til såpeproduksjon. Å: Nekkje seg: Når t.d. fisk hengjer seg i garnet, eller når sau set hovudet fast i gjerde.

Nelle (ein) Små vassfyllte “kjøyner” som helst dukka opp om

våren. Allergiske utslag?

Nide (å) I vår tyding: Å plage, klenge seg, trengje seg på

nokon. Engelske ”need” kan vere lett å få i minnet, men det tyder å trenge i form av trong for noko.

Non(e) (ein) Namn på ettermiddagskaffien sjølvsagt.

Men også om terrengformasjon. Der ”Ekra” går over i oppkjørsla til Solvoll var tidlegare ein liten bergskolt som vi kalla ”Noninj”.

Not (ei) D.s.s. nøtt (o/å lyd). Men og fiskenot (o-lyd)

sjølvsagt.

Nusle (å) Vi sa ”nosle”. Kalla det slik når t.d. hunden eller

hesten kjærteikna med snuten/mulen.

Nykkje (å) Hekte i noko. Noko t.d. ein fiskekrok kan gjere.
Nøyte (å) Stå på. “Vi får nøyte oss meda vi æ allje”.

(Sjå og “trøyte”).

Obyde (ei) D.s.s. ugagn. “Ka slags obyde hanj ha gjort no

igjæn!?

O’ponde (vere) Typisk uttrykk i gardane her. Tyder d.s.s. opp

under. T.d. ”O’ponde håndå” – som er i armhola.

Ofjelge (vere) Føle seg dårleg / uvel / i ulage. “Ofjelga” = Ustellt.

“Æ da ofjellt”? D.s.s. Er det vondt/sårt?

Ofær (ei) Uferd. Bli utsett for “olokke” eller “moleste”.
Oksepose (ein) ”O” i pose har o/ålyd. Nærast eit kjælenavn på

stutkalvar. På same måte som ein sa ”fantefillje” om jentungar.

Ole-mole-pose Etter “Mina-Per” “Dinj ole-mole-pose”. Mildt skjellsord.

Den same Per hadde i dei fleste av sine utsegner med: “Ette klemmande te forstårr du ta- forstårr du” - opptil fleire gonger.

Ole-mose O/å-lyd. Einaste eg hugsar av mormor sine uttrykk.

For henne tydde “lisje ole-mosinj” stakkars liten (eit nor), el. stakkar.

Oliklæheit Om svineri -og om trasige såvel som om

upassande hendingar. “For ei oliklæheit”.

Olljinj Utnavn på Olav Olsen på Selja. Innbyggjarane

på/frå Seljeøya mangla ikkje ord om kvarandre. Som t.d.: ”Når Olljinj kjeme roande ser da ut som nokinj ha drete på toftå og hatt enj sødveste attøve.”

Olvåte (vere) O/å-lyd. D.s.s. søkkvåt.

Vere ”sokkandes olvåte”.

Omrymme (å) Tenke seg om. Komme til hektene. ”Hanj må no få

omrymme seg litt”.

Ondalæ (vere) Underleg, merkeleg, rart. “Forondalæ”.
Ondeliv (eit) Kleplagg -spesiellt for ungar. Sydd som ein vest

med knapping el. hekter. Stroppene for strikkasokkane var festa på dette plagget.

Ondesette (vere) Brukt mest om at ein er mett, velfødd -eller

velsituert. Og om at ein var meir eller mindre førbudd (“ondesette”) for oppdrag/gjerning.

Opplett(e) (eit/vere) D.s.s. opphaldsver. Mest brukt med same det slutta

å regne. ”Hanj æ opplette no”. ”Da vart et opplett”. Oppstanasige (vere) Å vere vrang, kranglete å ha med å gjere.

Oppøle (eit/ein) D.s.s. oppvekst, kanskje og relatert til oppseding.

“Da va’kje slek i mitt oppøle”.

Oppøydde (verte) D.s.s. å verte utsliten av ståk og kjas og mas.

Av t.d. ungar i kontinuerleg spetakkel.

Orrinj (vere) Tilstanden ein føler når ein vaknar etter å ha sove

altfor lite - eller gjerne drukke altfor mykje.

Orv (eit) Treskaftet til ljå: ”Långorv” og ”stuttorv”.
Oskefis (ein) Om ikkje akkurat Askeladd, så i alle fall ein unge

som rotar i vedomnen.

Oskje (ei) O/å-lyd. D.s.s. øskje. T.d. “smøroskje”.
Oskjyrinj/a (vere) El. ”Uskjyrinj”. D.s.s. uvøren.
Ossele (vere) D.s.s. som ussel i tydinga skrøpeleg.

”Ossel” = ussel.

Ottre (å) O/å-lyd. Rygge med “øykja” (hesten).

Enkelt med tohjula vogn. Verre med slede. Kommando: ”Otter, otter”!

Oveide (vere) D.s.s. at ein ting har ein fasong eller storleik som

gjer den vanskeleg å handtere. ”Oveidinj” eller ”uveidinj”.

Overhaling (ei) 1. Skjennepreike.

2. Færingen/båten får/gjer brå krenging. 3. (Stor) reparasjon/vedlikehald..

Overjidde (vere) Som bokmål: “overgitt”.

“Æg æ so overjidde ta/på dokke”.