Otnes (Gard)

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk
Ragna med mann.jpg
Ragna og Trygve Otnes, bruk nr 3.
Bruka på Otnes
Bruk nummer 1 Otnes (Bruk 1)
Bruk nummer 2 Otnes (Bruk 2)
Bruk nummer 3 Indrebø (Bruk)

Otnes (Gnr 8) ligg på eit nes som stikk ut op venstre side av Kjødepollen / Kjøde.

Eldste kjelda som nemnar garden er frå 1560-åra; skattemanntalet frå 1563 melder at Mogens Ottnes då legg 1 daler i skatt. Bispejordboka for 1585 melder at "Ottenes" då skatta 1 laup smør og 3 1/2 pund fisk ig låg til St. Jørgens hospital.

Landskylda var i 1626 1 pund smør 2 1/2 pund fisk, men vart i 1667 auka med 1/2 våg fisk, til i alt 2 våg fisk. I 1838 vart skylda sett til 5 skillingsdaler 2 ort 14 skilling, i 1886 brigda til 6,12 skyldmark.

Etter jordboka frå 1626 var garden då ei "ringe jord", og dei to brukarane hadde lite med midlar.

I 1723 ville matrikkelkommisjonen auke skylda med 1/2 våg fisk; garden hadde då turvande brenneved, men elles ingen særlege lundar. Ingen av dei skyldbrigde som den kongelege skyldsetjingskommisjonen av 1723 gjorde framlegg om vart godkjent av riksstyret.

Brukarane løyste garden såleis; bruk nr 2 vart løyst i 1836 for 170 spesidaler, bruk nummer 1 i 1854 for 300 spesidaler.

Frå føre 1603 var Otnes to jamstore bruk. I siste tid er det frå bruk nummer 2 utskilt småbruket Indrebø.

Under Otnes ligg to husmannsplassar, Langenes og Myrane.


Eksterne lenker[endre]