Skjortefabrikken Selje

Frå Selje.info

Gå til: navigering, søk
Skjortefabrikken Selje

Industrihistoria til Selje, med mellom anna skjorteproduksjon, skriv seg heilt tilbake til 1916 då ekteparet Øyvind og Magda (f. Skaaden) Drageseth flytta frå Innvik til Selje. Magda var dotter av ein av dei største industrigrunderane i Sogn og Fjordane, Wald P. Skaaden frå Innvik (Indviken Uldvarefabrik). Etter at desse flytta til Selje åpna dei i 1918 landhandel, kafe og bakeri.

Frå ca. 1930 hadde Gabriel Reed og Josef G. Toresen dreve skjorteproduksjon på Stadlandet. Då familien Drageseth av økonomiske grunnar måtte legge ned drifta av bakeri og butikk i 1936, leigde dei ut lokala til Toresen. Med dette var den første skjorteproduksjonen i Selje i gang. Etter kort tid ga Toresen seg, og Øyvind Drageseth overtok drifta. Det var på dette tidspunktet om lag 10 ansatte.

Under andre verdenskrig låg skjorteproduksjonen i Selje brakk. Først etter krigen skaut industrihistoria fart då sonen til Øyvind og Magda Drageseth flytta tilbake til bygda etter å i en periode på 5 år ha vore driftsleiar ved Rekord Skjortefabrikk på Gjøvik. Den 25 år gamle sonen Wald Drageseth grunnla då i 1946 Selje Skjortefabrikk. Fabrikken vart dreven i lokala til faren, men fekk ein hard start etter at lokala brann ned første juledag same året. Nokre av maskinene vart redda slik at produksjonen kunne fortsette, og i 1948 var ein for fullt i gong i nye flotte lokaler på heile 750 kvm.

Etter kvart kom også den 10 år yngre broren Asbjørn Drageseth med i skjortefabrikken. Ein av hovedgrunnane til at Skjortefabrikken Selje har overlevd som ein av dei få av dei 30 skjortefabrikkane som eksisterte i Noreg når den var etablert er truleg satsinga på uniformsskjorter. Skjortefabrikken Selje har lenge vore størst på dette, med kunder som mellom anna det norske forsvaret.

På denne tida var det ei sterk overvekt av kvinnelege arbeidsplassar i Selje. Dette såg brødrene Drageseth, og som ein konsekvens av dette etablerte dei i 1960 og lystbåtproduksjon. Dette er i dag selskapet Saga Boats. Brødrene hadde og lenge sett behovet for eit skikkelig hotell i Selje, og i 1975 bygde Wald Selje Hotel like ovanfor Seljesanden.

I 1976 overtok Wald og sonen Magnar som eineeigarar av Selje Skjortefabrikk. Fabrikken vart dreve samanhengande av familia deira fram til 2001, då den vart seld til Oslo-firmaet NB-Partner. I 1979 flytta skjortefabrikken inn i eit stort nybygg vegg i vegg med det gamle bygget i Selje sentrum, medan den eldste delen vart omgjort til butikkar og kontor. Den eldste delen vart seinare riven for å gje plass til nybygg for COOP.

På grunn av sterkt kostnadspress vart arbeidsstyrken i Selje kraftig redusert og mykje av produksjonen flytta til Lithauen på Baltikum i perioden 2001-2003. I 2006 tok Skjortefabrikken Selje AS i bruk eit nybygg på vel 1,5 dekar golvflate like sør for Selje sentrum.

[endre] Skjortefabrikktur

Skjortefabrikktur

Wald Drageseth blir av tidlegare ansatte betekna som ein raus leiar. I 1957 var mellom anna alle ansatte invitert med på tur. Det var to overnattingar på turen. Sjå bilde.

[endre] Kjelder

1. Fylkesleksikon Sogn & Fjordane

[endre] Eksterne lenker

Personlege verktøy