St. Sunniva

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk
StSunniva1.jpg
Legenda fortel om den heilage Sunniva som levde i Irland om lag 960 etter Kristus. Ho var kongsdotter, og då far hennar døydde arva ho riket hans. Det gjekk gjetord om Sunniva si sterke tru og venleik. Ein vill vikinghøvding fekk høyre om denne fagre møya, og han ville ha ho som kone. Men fylt av kjærleik til Gud stod Sunniva imot både lokking og truslar. Ho ville heller røma landet enn å verte gift med den gudlause mannen. Ho rømte ut på havet med nokon trufaste venar. Korkje segl, årer eller styre ville dei nytte, med gav seg heilt Gud i vald.

Vind og straum førte dei til havs mot nord. Gud rår for storm og hav, og han verna dei mot alle fare. Men under ein storm dreiv ein av båtane vekk frå dei to andre, denne dreiv i land på Kinn. Da uveret endeleg la seg, kom Sunniva med resten av følgjet til øya Selja. Her budde dei i ei fjellhole av otte for heidningane. Øya vart brukt som beite for bøndene inne på fastlandet. Det hente at nokon av dyra kom vekk ute på øya. Bøndene mistenkte dei heilage for å stele dyr. På den tida var det Håkon jarl som rådde i Noreg. Dei klaga til Håkon jarl om dette. Han for då med nærfolk for å drepe Sunniva og følgjet hennar. Sunniva såg hærfølgjet kome ute på havet. Dei gjekk inn i hola og bad til Gud og sa at dei heller ville døy enn å falle i hendene på jarlen. Berget rasa saman over dei og stengte hola. Då jarlen og menna hans gjekk i land, fant dei ingen, og dei drog forundra sin veg igjen.

Då Håkon jarl døydde, vart Olav Tryggvasson konge i Noreg. Det hendte nå underlege ting på Selja. Nokon kjøpmenn segla ein gong forbi Selja. Då såg dei eit underleg lys over øya. Dei vart nysgjerrige og gjekk i lang. Det oppdaga dei at lyset kom frå eit menneskehovud som rørte på des. Det hadde ein herlig duft. Dei tok hovudet med til kongen som tok vare på det som ein heilagdom. Seinare drog kong Olav og biskopen til Selja for å granske staden. Dei såg den samanrasa hola. Der fant dei nokon menneskebein, og innerst i hola lekamen til Sunniva, like heil og uskada. Dette skal ha skjedd i året 996.