Ytre Lesto (Bruk)

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Ytre Lesto (Storelesto) er bruk nummer 1 på gard nummer 64 Lesto i Moldefjorden.

Garden[endre]

(I hovudsak utdrag frå - Arthur Lesto [1990]: "Ei slekt gjennom 350 år").

På sydsida av Stad-halvøya, som er ein del av Selje kommune i Sogn og Fjordane Fylke, går det inn ein liten fjord som er kalla Moldefjorden. På nordsida, omlag halv-veges inne i denne fjorden, ligg garden Lesto, gard nr. 64 i Selje. Nabogardane er: På vestsida Berge og på austsida Eide.

Der er 5 bruk på Lesto. På 2 av dei står husa på øvre sida av RV 619, (1 og 2), og på dei andre 3 står husa på nedsida av vegen. (3, 4 og 5). Lengst mot vest, mot grensa til Berge, ligg bruk nr. 1. På dette bruket er det bygt 2 nye hus på frådelte tomter.

Kva namnet på garden kjem av, veit ingen. Bygdeuttalen er Lesto, med lett trykk på s. Jakob Aaland skriv i Bygdeboka for Selje at namnet i 1563 var skrive Lesto, i 1603 Lestoffue, i 1608 finn vi Lestou. Seinare har vi både Lestov og Lestow. I folketeljingslista for 1801 står Listo, men Ole Larssen, f. 1815 og syskena hans har nok alle fått ein v i enden av namnet sitt då dei vart døypt. I folketeljingslistene for 1865, (som var skrivne av den nyleg innflytte klokkar Knud Halvorsen), står 4 gonger Lestov og ein gong Listou. I kyrkjebøkene etter Wilhelm Koren som var sokneprest i Selje frå 1824 til 1875 er namnet alltid skrive Lesto. Den syskenflokken som var fødd på Lesto, bnr.1 i tida frå 1847 til 1865, er alle ved dåpen innført i kyrkjeboka med namnet Lesto, men i tida frå 1875 - 1880 har dei endra skrivemåten til Listou eller Listau. Dei som flytte ut tok denne skrivemåten med seg til etter komarane sine, medan det millom dei som var att på bruket har svinga tilbake til den gamle skrivemåten Lesto. Kva som er rett eller gale kan ingen av oss døme om når vi ikkje veit kva namnet kjem av. Vi kan berre slå fast at slik er det, og vi tek hatten av og gjev honnør til dei som flytte ut for at dei heldt fast på namnet sitt og ikkje tok nytt namn etter staden dei flytte til, slik skikk og bruk var for hundre år sida.

I 1758 vart utmarka delt mellom brukarane av åstadretten etter krav frå Sakarias Ytre Lesto. Han var “skoleholder” og truleg ein skrivekunnig mann. Åstadretten var lensmann Rasmus Berstad og lagrettsmennene Lars Eide og Elling Berstad. Ytre Lesto, bnr. 1, vart då tillagt frå Bergemerket og inn til ”Kvernhuselva”, (ogso kalla Lesto-elva eller Storelva), og ein serskild teig i den parten som vart tillagt Indre Lesto.

I 1921 skulde det vere utskiftning av torvmarka etter krav frå Ola Larsson på bnr.1. Ein av brukarane på Indre Lesto kravde at det på same tid skulde vere ny utskiftning av all utmarka som høyrde garden til. Ola kunde då leggje fram det dokumentet som var oppsett i 1758, saman med ei leseleg avskrift av det. R. Haugen som då var jordskiftedomar, sa høgt og tydeleg i frå om at dette var eit dokument som vilde halde for alle rettar, og det som i 1758 var tillagt bnr. 1 kunde ikkje takast med i noko ny utskiftning. Det var såleis skrivekunnige folk som stelte med delinga i 1758, - og elva renn framleis der ho har runne i alle tider. (Det er nær å tenkje at namnet "Storelesto" etablerte seg på folkemunne i samband med denne prosessen. Kanskje som ein meir eller mindre godmodig "stikkar" frå nabohald. [O.L. sin merknad]).

Jakob Aaland skriv i bygdeboka for Selje at eldste kjelda som nemner denne garden, er skattemantalet for 1563. Der står det at “Sørenn på Lesto“ legg 1 dale i skatt. Elles nemner Aaland namn på 8 personar som var brukarar av bnr. 1 i tida frå 1603 til 1805, då stamfaren vår, Lars Knutson, fekk overta bruket.

Bruk nr. 1 er det største av dei fem bruka på Lesto, men ogso det brattaste og mest tungdrivne av dei. Der er svært lite som kan haustast med maskiner, og det går ikkje an å drive “moderne” jordbruk i slike bratte bakkar som det er her. I 1970 åra vart RV 619 omlagd , og vart då sjølvsagt lagd over den flataste og beste jorda på garden. Der er no ikkje dyr på bruket lenger. Ein av naboane får nytte bakkane ovanfor husa til beite åt sauene sine, og haustar det som kan takast med maskiner på begge sidene av den nye vegen.

Tidlegare var der etter tilhøva mykje dyr på garden. Der var hest - i lange tider “merr” som fekk føl om våren. Der var både kyr og kalvar, sauer og geiter og ei tid ein heil flokk høner, gris, og sjølvsagt hund og katt. Etter gamalt var geitene, sauene og kyrne “på fjellet” om sommaren. Då var det å gå den svært tunge vegen opp “Kattahammaren” etter ein mjølkeskvett både morgon og kveld. Beite på fjellet var svært dårleg for mjølkekyr, men bra for sauene og geitene. Frå kring 1925 var det slutt med å ha mjølkekyr på fjellet. Ola Larsson, f.1880, rydde burt einer og kratt på eit ca. 15 da. stort stykke av utmarka, kalka og gjødsla det, og det vart godt beiteland.

Geitene vart selde i 1917, og hesten vart borte sist i 1950 åra då første traktoren kom til gards. Og no er det, som nemnt, ikkje dyr på garden. I 1986 vart drifta heilt avvikla. Naboane fekk nytte marka i bakkane til beiteland, og det arealet som kunne haustast med maskin nytta dei til grasland for slått. Det same gjeld i dag.

I 1930 åra gjerde Lars, (f.1908), inn kring 70 da. av utmarka og planta det til med gran, furu og lerk. Dette er no blitt fin skog i god vokster. (Nyårsorkanen fyrst på nittitalet øydela ein del av lerkefeltet [O.L. sin merknad]).

Det er førd opp to hus på fråskilde tomter etter 1965. Dessutan er fråskild tre tomter for fritidshus langs stranda frå grensa mot bnr. 2 > naustet på bnr. 1. Sjå ellers Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år".

24 mai 2012. Ola Lesto

Eigarar i dag: Mona og Jan Austring.