Reidar Djupedal

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Reidar Djupedal (fødd 1921 i Oslo, død 1989) vaks opp i Selje, og budde mykje av sitt liv i Trondheim der han var professor i nordiske språk og litteratur ved NTNU.

Har gjeve ut mange fagbøker, også bøker om klosteret på Selja. Reidar Djupedal var kjend som ein stor Ivar Aasen-ekspert. Han gav vekk 12.000 bøker til det som no er Ivar Aasen-senteret i Ørsta.

Reidar Djupedal er far til forleggjar Torkjell Djupedal og Øystein Djupedal (stortingsrepresentant for SV i Sør-Trøndelag i fire periodar fram til han gjekk av ved valet i 2009).

I 2010 gav Selja Forlag ut ei bok med tekstar av Reidar Djupedal - "Gamle Selje", redigert av Ove Eide.