Torkjell Djupedal

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Torkjell Djupedal, journalist, forfattar og forleggjar som sidan 1996 har drive det allsidige nynorskforlaget Selja Forlag i Førde.

Djupedal er fødd 6. april 1957 i Oslo. Han er son av Reidar Djupedal og bror til stortingsrepresentant og tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedal. Torkjell Djupedal har utdanning som cand.mag. ved Universitetet i Bergen og som journalist ved University of Oregon. Han har arbeidd som informasjonskonsulent for Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989–92) og som journalist i Gula Tidend (1986–89) og i NRK Sogn og Fjordane (1992–96).