Selje Kloster

Frå Selje.info
Gå til: navigering, søk

Heilt frå tidlige tider var Selje Kloster sentralt i kristen Noreg som eit av tre bispesete. Klosteret var det religiøse senteret på vestlandet. Klosteret vart grunnlagt rundt år 1100 på staden der St. Sunniva hadde kome i land då ho rømde frå Irland. Klosteret var viet til St. Albanus og ein reknar med at omlag 15-20 munkar hadde tilhold på klosteret i tida det var i aktiv drift fram til ca. 1461-71.

Det vert rekna at det på Selja totalt har vore 4 kyrkjer. Desse 4 er Mikalskyrkja, Sunnivakyrkja, Albanuskyrkja og Fylkeskyrkja.

Klosteret ligg i dag lett tilgjengelig for besøkande. I sommarhalvåret går det passasjerbåt med guide frå Selje sentrum til klosteret. For båtruter med meir, sjå denne sida.

Selje Kloster er blitt ett yndet mål for pilgrimmer. En pilgrimsled til Selje Kloster går fra Kinn til Selje, mer informasjon om Sunnivaleden finnes på www.pilgrim.info.


SELJA EIN HEILAG STAD, ST. SUNNIVA OG SELJUMENNA[endre]

Artikkelen er skreve av Per Magne Kjøde, 2009.

Helgenanlegget på Selje i den fyrste kristningstida, med tilbakeblikk på førkristen tid[endre]

Etter soga å tyde starta kristninga av Noreg her. Med storhavet som næraste nabo. Storm og uvær. I det herrens år 997 stemna Olav Tryggvasson til ting på Dragseidet på Stadlandet, og gjennom trugsmål og overtydingar tok heidningane her vest ved havet imot Kvitekrist. Nokre timars marsj frå Dragseidet kan ein skode utover til øya Selja, ei lita øy i havgapet. På denne øya skal det etter islendingen Odd Munk Snorresson sine skildringar ha levd ei irsk kongsdotter, Sunniva. Herren sine vegar er uransaklege, og det var med herrens vilje at ho hamna på denne øya. Der levde ho fram til dei lokale bøndene gav kall på kongen, kong Håkon Ladejarl, for at han skulle kome og fakke Sunniva og følgjet hennar. Sunniva og hennar menn fekk skylda for at sauer på øya forsvann. Då Sunniva såg følgjet kome inn mot øya tok ho med seg følgjet opp i ein hellar og bad til Gud om at hellaren skulle rase saman. Vår herre høyrde på bøna deira, og hellaren rasa saman over dei. Håkon Ledejarl måtte returnere med uforretta sak. Dette var etter soga i 996. Kort tid etter byrja det å skje underlege ting på Selja, eit ljos kunne sjåast ved hellaren. Etter soga vart det funne ein lekam i hellaren der Sunniva og følgjet hennar hadde funne sin kvilestad under steinmassen. Lekamen vart frakta til Olav Tryggvasson i Trondheim. Ei tilknyting til Selja som ein heilag stad vart oppretta. Dei neste 400 åra var det ein stor religiøs aktivitet på Selja. Her vart bygd fleire kyrkjer og eit klosteranlegg vart oppført. Det eldste kyrkjebygget ein med sikkerheit kan stadfeste på øya er truleg frå slutten av 1000-talet, Sunnivakyrkja.

Gjennom denne artikkelen vil eg sjå på kva det var som førte til at Selja fekk den sentrale rolla som geistleg hovudsete i Noreg. Fokus vil vere på helgenen St. Sunniva og kollektivet av Seljumenna og kva rolle desse hadde i den geistlege samanhengen på Selja, men skal ein forstå den samanhengen er det viktig å få forståing for staden sin historie før kristninga på 1000-talet.

Sjølv om anlegget på Selja var på sitt sterkaste rundt år 1300, mellom anna etter at ein på 1200-talet sette i gang ei storstilt utbygging av klosteranlegget (Djupedal 1996:12), vil ikkje Selje Kloster få noko sentral rolle i denne artikkelen. Selja som maktsenter vart grunnlagt før denne epoken i øya si historie, og vil dermed ikkje innverke på kvifor Selja vart valt som det viktigaste religiøse senteret i Noreg.

Den fyrste kyrkja på Selje og legenda om St. Sunniva[endre]

Det tidlegaste kyrkjebygget ein har bevis på har eksistert på Selje er Sunnivakyrkja, ruinane ligg der framleis klemd inn i steinrøysa under hellaren der ein etter sagnet fann levningane etter ho som seinare fekk helgenstatus, St. Sunniva. Den eldste delen av kyrkja kan vere frå seint på 1000-talet eller tidleg på 1100-talet (Aaraas m.fl.: 32). På alteret i denne kyrkja skal levningane etter St. Sunniva har stått.

Sunnivakyrkja har fått sitt namn etter helgenen St. Sunniva. Men fleire har stilt seg tvilande til Sunnivalegenda. I serien Kunst og Håndverk frå Noregs fortid, gav Nicolay Nicolaysen i 1892 ut eit hefte om ruinane på Selja. Der karakteriserar han Sunnivalegenda som rein dikting, men samstundes seier han at det kan vere ei kjerne av sanning omkring dei menneskebeina som vart funne i hellaren på Selja. For ein slik hellar innbyr som buplass, og så seint som i yngre jernalder har slike hellerar vore buplass for menneske (Liden 1997:258). Med funna av relikviane på Selja, og deira tilknyting til den heilage St. Sunniva, kunne kong Olav Tryggvasson heimleggjere den nye religionen for nordmenn. Kristendomen vart gjennom funna på Selja ”grunnfesta” i norsk jord. St. Sunniva var den einaste norske kvinnelege helgenen i mellomalderen, og ei av dei få kvinnelege helgenane i heile Norden (Hommedal 1990:190).

Ut frå det at mellom anna Nicolaysen karakteriserar Sunnivalegenda som dikting (Hommedal 1990:190), kan ein då sjå på legenda om St. Sunniva og dyrkinga av henne som ei legitimering av innføringa av kristendomen? Det at ein skulle ha ein person å dyrke? Men når ein snakkar om St. Sunniva og følgjet hennar, må vi og ta med omgrepet Seljumenna. Dette er ein benemning på folket som vert knytt til St. Sunniva i legenda (Hommedal 1997:185). I følgje Arne Odd Johnsen sitt arbeid frå 1968 kan kjernen i Seljumannalegenden førast attende til tida omkring år 1000 eller tidleg på 1000-talet, men Sunniva-figuren ser ein fyrst utkrystallisere seg i kulturen mellom ca. 1100 og 1140 (Hommedal 1997:190).

Olav Tryggvasson skal etter skriftlege kjelder ha lete oppføre ei kyrkje på Selja. Mellom anna Odd Munk Snorresson fortel om dette i soga si om Olav Tryggvasson frå om lag 1190 (Djupedal 1966:22). I den store soga om Olav Tryggvasson i Flateyarbók vert det sagt at Olav si kyrkje ligg framfor Sunnivahellaren. Men vi veit ingenting sikkert om denne kyrkja, det er heller ikkje funne sikre spor etter ho. (Hommedal 1997:66). Den tidlegare omtala Nicolaysen ser for seg at Sunnivakyrkja oppe ved hellaren opphavleg vart bygd som ei trekyrkje i Olav Tryggvasson si tid, men at det vart erstatta av ei steinkyrkje om lag samstundes med at den eldste kyrkja nede på sletta vart reist om lag 1110 (Liden 1997:256). Framfor Sunnivakyrkja er det funne eit brannlag, truleg restar etter denne eldste kyrkja (Djupedal 1966:42).

Det å opprette ein heilagstad i Noreg var viktig for dei fyrste kongane som kom til Noreg for å prøve å kristne landet. Likså viktig var det å få ein heilag person som kunne legitimere innføringa av kristendomen i Noreg. Det ein då kan stille spørsmål om er kvifor ein valte Selja som den staden som skulle vere med på å byggje opp Noreg som eit kristent land.

Selja i eldre tider[endre]

Ein nemnar staden framfor Sunnivahellaren som ei mogeleg plassering for den fyrste kyrkja på Selja, som kanskje og var ei av dei eldste i Noreg. Hommedal (1997:66) legg fram ein interessant teori om kvifor Selja fekk ei slik sentrale rolla i kristninga av Noreg. Han kjem med ein teori om ein førhistorisk kultstad på Selja, mellom anna var historikar Yngvar Nielsen inn på dette i si bok frå 1905. Han freistar å kartleggje korleis katolske helgenar tok over tidlegare kultstadar for heidne gudar. På fastland i Selje har ein garden Hove, etter Nielsen si meining har dette vore ein gamal kultstad. Då er det heller ikkje usannsynleg at det kan ha eksistert ein liknandes kultstad på Selja. Men utgangspunkt i Odd Munk si skildring av anlegget på Selja i høgmellomalderen, kan det tyde på at kapellet i Sunnivahellaren var vigd til erkeengelen Mikael. Ein kult rundt den sterke og kjempande Mikael vart ofte plassert ved førkristne heilagdomar, for å ta opp kampen med dei heidne kreftene. (Hommedal 1997:66).

Som vi har sett vert hellaren på Selja knytt til både Mikael og Sunniva. Kan det vere ein samanheng mellom Mikaelsdyrkinga og det at ein fekk ein kvinneleg helgen på Selja? Steinsland (1997:20) set i sin artikkel ”Hulehelligdommen på Selja” fram ei hypotese om dette. På kontinentet er Mikaelsheilagdomane gjerne knytt til ein feminin helgenskikkelse. Ofte er dette til Jomfru Maria. Ei slik kopling kjem tydelegast fram i Sør-Frankrike og Nord-Spania, områder der Mikaelskulten framleis er godt befesta. Mikaelsdyrkinga er og her knytt opp mot fjellholer.

Hommedal (1997:67) skriv i sin artikkel at ein med rimeleg tryggleik kan seie at det har halde folk til ved den seinare Sunnivahellaren i gamal tid, noko som ikkje treng å utelukka ein kjerne av sanning at det har vore ei helgenlegende knytt til Selja. Gustav Storm (Hommedal 1997:67) har kome med tankar om irske einebuarmunkar som har halde til på Selja. Det er ikkje vore gjort funn som kan vise til Irland, men tradisjonen om slike einebuarmunkar – kalla papar – var kjend i norrøn tid. Mellom anna nemner Islendingsbok, ført i pennen av Ari Fródi om lag 1130, at der på Island sat irske, kristne menn då nordmennene kom dit på slutten av 800-talet. Med bakgrunn i denne kunnskapen om slike einebuarmunkar på Island på 1100-talet, kan ein trekke konklusjonen at det og var tilfelle for Noreg. Både ut frå havstraumar og med bakgrunn i naturforhold ville det ha vore naturleg for irane å slå seg ned akkurat der, i det ville og storslåtte landskapet på Selja. Crawford (1997:165) nemnar og det at det ville ha vore merkeleg om papane, som kom til Island frå Irland med dei fyrste nybyggarane, ikkje hadde nådd Noreg sin kyst i sin leiting etter moglegheiten til å fullbyrde sine åndelege lengslar. Men med tanke på at papane, etter det Ari fortel, trekte seg tilbake for sin meditasjon kan ein stille spørsmålet om Selja med sin skipstrafikk var noko ideell plass. Det kan heller vere naturleg å setje tankegangen om irsk tilhald på Selja i samanheng med eit tidleg kristent misjonsforsøk i området. Kristen påverknad har gjort seg gjeldande på Vestlandet lenge før Olav Tryggvasson si tid. Høvding- og stormannsættene, gjennom kontakt i Europa, må ha vorte merksame på og påverka av den nye religionen. Makthavaren i Selje og Ytre Nordfjord kan ha stilt seg positive til ein misjonsframstøyt med utgangspunkt i Selja sin strategiske plassering ved skipsleia. Det må vektleggast her at ein slik tankegong vert reint hypotetisk utan hald i arkeologiske funnmateriale på Selja. Samstundes er slike tankar viktig å reflektere omkring i og med at historia omkring Selja har sit utspring i St. Sunniva, den irske kongsdottera. Vi kan ikkje heilt sjå vekk frå at mellomalderlegenda knytt til Selja har utgangspunkt i ein historisk kjerne, nemleg at der har vore eit irsk anlegg i yngre jarnalder (Hommedal 1997:67-69)

Kristninga ute i Europa starta lenge før kristninga i Noreg kom i gong på slutten av 900-talet. Romarkyrkja etablerte seg i England allereie på slutten av 500-talet som følgje av eit misjonsarbeid styrt frå Roma av pave Gregor den store (Crawford 1997:160). Allereie i århundrede før dreiv St. Patrick misjonsarbeid på Irland. Han var ein romersk brite som innførte ein kyrkjestruktur basert på biskopar og bispedøme (Crawford 1997:163).

Vatn samla, det var atskilleg lettare å ta seg fram sjøvegen enn over land. Olav den heilage sin yndlingsdiktar, Sigvat, fortel kor herleg det er å la sjøhesten (båten) fosse fram over havet, i motsetning til slitet, gnagsåra og motløysheita ein opplever i uveisomt terreng på landjorda (Steinsland 1997:14). Dei som skulle vest i havet til Island, gjekk ofte ut frå Selja, for den kortaste avstanden mellom Noreg og Island er nettopp mellom Stadt ved Selja og Horn på Island. Med god bør var det sju døgns segling frå Stad til Horn. Selja låg og lagleg til for sigling til og frå andre stadar i vesterveg (Djupedal 1996:10)

Tidlegare har eg nemnt at kristninga i England og Irland var i gang lenge før kristninga tok fatt i Noreg, og det var akkurat derfrå kristningskongane som kom til Noreg kom frå. Desse tre kongane var Håkon den gode, Olav Tryggvasson og Olav Haraldson, alle tre kom frå det angelsaksiske England (Hommedal 1997:69). I følgje Djupedal (1996:10) var det Selja Olav Haraldson fyrst kom til då han skulle til Noreg for å gjere krav på kongemakta. Mykje mogeleg var det Selja dei andre kongane fyrst såg då dei kom til Noreg og.

Sunnivakulten[endre]

I sin artikkel ”Legender, helgenkult og misjonsstrategi i kristningstida” ser Else Mundal (1997:90) på kor gamal Sunniva-kulten er. Ho nemner Lind som kjelde for stadfesting av kulten tilbake til 1000-talet. Dette med belegg i dotterdottera til kong Magnus den gode som ber namnet Sunniva. Om populariteten til dette namnet, særleg på Vestlandet i seinmellomalderen, har samanheng med helgenkulten er viktig fordi det kan seie noko om kva tidspunkt Sunniva vart skild frå som ein hovudperson frå helgenkollektivet seljumenna. Johansen (Mundal 1997:90) meinar denne prosessen tok til så seint som i perioden 1100-1140. Hovudargumentet til Johnsen for at Sunnivakulten utvikla seg seint, er at Sunniva ikkje er nemnd i det heile i kristenrettane i landskapslovene. Landskapslovene nemnar derimot alle seljumannamesse. St. Sunniva dukkar fyrst opp i Bergensredaksjonen av Magnus Lagabøte si nyare bylov frå 1276. Adam av Bremen, som er den eldste skriftlege kjelda til seljumannakulten, nemner heller ikkje Sunniva. Adam av Bremen skriv i sitt sogeverk om bispane i Hamburg og Bremen om dei heilage sjusovarane som skal kvile i ei hole, ein stad langt mot nord (Djupedal 1966:24)

Ser ein på namnet Sunniva er dette eit angelsaksisk namn. Dette kan tyde på at namnet på helgenen er lansert i ei tid då angelsaksiske menn stod sentralt i den norske kyrkja. Dette gjorde dei i sjølve kristningsperioden og i den aller eldste kristne tida. Argumenta for når Sunniva vart lansert som helgen synes altså å peike i noko ulike retningar. Det som ein kan seie som rimeleg sikkert er at kulten omkring St. Sunniva i utgangspunktet må ha vore eit kollektiv. Dette vert grunngjeve med at namnet seljumannamesse har ein sterk posisjon i dei eldste norske kjeldene. Men når namnet på ein messedag fyrst har festa seg og fått tradisjon, vil namnet vere ein konservativ element som ein må vente vert ståande, og om helgenkulten på denne dagen endrar retning og innhald. Det ser vi og av norske kjelder, for namnet seljumannmesse dominerar i kjelder lenge etter at Sunniva har vorte den sentrale helgenen. Kor lang tid det tradisjonelle namnet seljumannamesse har dekt over ein Sunnivakult før helgenen Sunniva dukkar opp i skriftlege kjelder, er det svært vanskeleg å seie noko om (Mundal 1997:91)

Vi ser at det er kollektivet seljumenna som har vore dei sentrale skikkelsane i historia om Selja. I diskusjonen om når Sunniva i legendedanninga vart skild ut må vi rekne med både ei offisiell kyrkjeleg og ei folkeleg legendedanning. Sidan det fanst kyrkjelege mønster for kollektive helgengrupper, var det derfor ikkje frå ein kyrkjeleg synsstad noko problem å dyrke eit helgenkollektiv utan namngjevne helgenar. I ein folkeleg tradisjon ville dette mest sannsynleg ha ført til større problem. Det ville nok ganske snart ha kome eit krav om at gruppa måtte ha ein leiar, ei heltinne eller ein helt. Men ein slik leiar kan ha eksistert i den folkelege legendetradisjonen i ein lang periode før ho vart teken inn i den offisielle kyrkjelege tradisjonen, eller fekk ein sentral posisjon i denne. I den kyrkjelege tradisjonen vart Sunniva truleg sett i sentrum fyrst på det tidspunktet kyrkja fann det tenleg. Det kan ha vore i tiåra, eller kanskje om lag hundre år, før translasjonen til Bergen i 1170 (Mundal 1997:92-93)

St. Sunniva som legitimering for flytting av bispesete[endre]

Sunniva- og Seljumannakulten var konsentrert til Selja fram til 1170 då translasjonen av Sunnivaskrinet frå Selja til Bergen vart gjort. Bergen tok då over ein del av den sentrale kulten (Hommedal 1997:184). Helle (1982) meiner at ved dette høve vart den overleverte og endelege versjonen av Acta sanctorum in Selio, legenda om dei heilage på Selja, nedskriven, truleg i miljøet knytt til Bergen bispestol (Helle 1982:648). Med dette tok Bergen over som hovudsete for Sunnivaskrinet. Alt etter få år, i eit brev skrive mellom 1189 og 1194, omtalar biskop Pål dei offergåvene som kjem inn til Sunnivaskrinet. Med Selja treng nødvendigvis ikkje ha utspelt si rolle innan kulten. Relikviane etter både St. Albanus, klosterkyrkja si helgen, og av Seljumenna vart framleis verande på øya, og har danna grunnlag for vidare valfart dit (Hommeda 1997:185).

Som vi har sett har Selje vore eit religiøst senter allereie frå kristningstida starta i Noreg på slutten av 900-talet. Den aller fyrst kyrkja i Noreg vart mykje mogeleg bygd på Selja og legenda om St. Sunniva har sitt utspring på der. Har alt dette vorte gjort for å legitimere den planlagde translasjonen til Bergen?

Sunnivakyrkja som vart bygd oppe under hellaren var ei lita kyrkja, 14 meter lang og 6,5 meter brei. Alteret i kyrkja er bygd av stein, og over alteret har det truleg lege ein pall der Sunnivaskrinet må ha stått (Djupedal 1966:42). Sunnivakyrkja var oppført i fyrste delen av 1100-talet (Hommedal 1997:53), dette var etter at den fyrste bispen hadde si embetstid på Selja. Bjarnvard vert rekna som den fyrste bispen på Selja om lag 1067 – 1068. Det var Olav Kyrre som skipa til dei fyrste tre bispedøma her i landet, desse var Selja, Nidaros og Oslo. Kvar av dei tre bispedøma fekk knytt ein heilag skikkelse til seg, Sunniva til Selja, Olav til Nidaros og Hallvard til Oslo. På midten av 1100-talet vart dei norske kyrkjeprovinsen skipa, og dette førte med seg ein kyrkjeleg regel om at bispen skulle bu i ein kjøpstad. Dette førte med seg at bispen flytta til Bergen. Bispen flytta ut frå Selje, og benediktinmunkane flytta inn. Den siste av dei seks bispane til Selja flytta med seg Sunnivaskrinet frå Selja og sette det på høgalteret i den nye Store Kristkyrkja i Bergen i 1170. Med dette vart bispestolen flytta til Bergen ikkje berre i gagnet, men og i namnet (Djupedal 1966:48).

Kvifor var det så viktig å få eit helgennamn knytt til Selja? I Johnsen si bok frå 1968 reknar han med at målet for det geistlege miljøet på Selja tidleg på 1100-talet for det fryste var å få fram ein namngjeven helgenfigur, og for det andre å få ferdigbygd katedralen i Bergen, slik at translasjonen kunne gjennomførast. Det siste har nok vore viktig, men ser ein på dei to andre bispeseta i Noreg hadde dei på fyrstninga av 1100-talet fått sine namngjevne helgenar på grunnlag av historiske personar. Nidaros hadde fått si St. Olav og Oslo St. Hallvard. Dette kan ha ført til at miljøet rundt det vestnorske bispesete har kome med ynskje om å få ein personifisert helgen med ei legende som kunne appellere til kjensler og fantasi på ein heilt annan måte enn det dei meir anonyme seljumenna kunne (Hommedal 1997:54).

Korleis har denne prosessen rundt legitimering av St. Sunniva som ein personifisert helgen fått innverknad på anlegget på Selja? Sunnivakyrkja var ei lita kyrkje heilt oppe under Sunnivahellaren, og her var som sagt skrinet med levningane til Sunniva. Det var og her at legitimeringa av Sunniva måtte skje. Translasjonen kunne fyrst gjennomførast etter at Sunniva-figuren uløyseleg var knytt til seljumannakulturen. Med tanke på anlegget på Selja kan ein stille seg spørsmålet om kyrkja opp under hellaren på Selja var for lite med tanke på legitimeringa av St. Sunniva som ein helgen. Var det derfor at det like nedanfor Sunnivakyrkja vart bygd ein stor terrasse, terrassen er på det høgste 12 meter og med eit samla areal på 380 kvadratmeter (Hommedal 1997:50, Enger 1949:16). Ut frå ei jamføring med murverket i tårnet på Albanuskyrkja nede på sletta kan ein rekne med at denne store terrassen er oppført på 1100-talet. I Flateyarbók frå 1380-åra får Olav Tryggvasson æra for terrasseanlegget, noko som ikkje kan vere tilfelle ut frå seinare forsking. Terrasseanlegget med sitt store areal må mest truleg sjåast ut frå ein liturgisk samanheng, som ein samlingsstad for folk som valfarta til dei heilage på Selja. Den vesle kyrkja må ha vore for lita til å romma alle som søkte til heilagdomen, i alle fall på dei store festdagane. Kyrkja, der ein reknar med at hovudrelikviane på Selja har vore oppbevart, har mest lege som eit eige, stort relikvieskrin inst på terrassen (Hommedal 1997:50-52).

Som vi ser tidlegare i denne artikkelen hadde det geistlege miljøet på Selja tidleg på 1100-talet to mål; å få fram ein namngjeven helgenfigur og få ferdigbygd katedralen i Bergen, slik at translasjonen kunne gjennomførast. Men kanskje har terrasseanlegget på Selja i fyrste omgong vore viktigare. Ei legitimering kunne fyrst og fremst skje på Selja, og ei translasjon kunne fyrst skje etter at Sunniva-figuren var uløyseleg knytta til seljumannakulturen. Terrasseanlegget kan altså ha inngått som ei viktig brikke i underbygginga av den nye seljumannakultuen. Terrasseanlegget var kvitkalka og såleis i mykje større grad enn i dag stått i kontrast til landskapet rundt. Dei store, kvite flatene ville slik og vere synlege og stå som ei markering av helgenstaden for dei som berre passerte Selja ute i skipsleia. Sunniva-relikviane vart ikkje overført til den Store Kristkyrkja i Bergen då ho stod ferdig, fordi translasjonen vart ikkje gjennomført før i 1170, minst fem seks år etter at kyrkja stod ferdig. Meir sannsynleg er det at Sunnivaskrinet vart overført til Bergen i 1170 fordi Sunnivarelikviane då var vorte modne nok for ein translasjon. Translasjonen og skrinlegginga i Bergen kan ha ført til at Sunnivakulten for alvor slo gjennom i ein større del av landet. Generelt sett veit vi at ein translasjon av ein helgen ofte vart brukt for å aktualisere helgenen på nytt, det å skape ein populær kult (Hommedal 1997:54-55)

Det kan sjå ut som at terrasseanlegget er utbygd på ei tid då ein viste at translasjonen av Sunnivarelikviane kom til å skje. Men ein kan neppe sjå på anlegget som ei provisorium for tida fram til translasjonen. Anlegget må ha vore ei viktig brikke i legitimeringa av Sunniva, og kunne for all ettertid stå som eit monument over det alle visste var martyrstaden for helgenen. Dessutan var relikviane av både St. Albanus og av seljumenna verande på Selja og etter 1170. Kulten på Selja, og Selja som pilgrimsmål, kunne såleis halde fram og etter at Sunniva var overført til Bergen. Når ein ser på utbygginga på 1200- og 1300-talet av det store klosteranlegget, syner det at Selja og helgenanlegget der framleis var levedyktig og etter translasjonen (Hommedal 1997:55).

Oppsummering[endre]

Grunnlaget for den geistlege aktiviteten på Selja vart lagt allereie på slutten av 900-talet. Sunniva, den irske kongsdottera, skal etter soga ha møtt sinn skjebne her i 996. Kort tid etter skal relikviane av det som vart den heilage St. Sunniva vorte funnen i hellaren her på øya. Kongsmakta fekk med dette opp auga for Selja. Kristninga av Noreg var dermed i full gong. Men ein kan stille seg spørsmål til kva det var som skjedde her ute på øya. Etter det Odd Munk Snorresson fortel skal Olav Tryggvasson ha fått sett opp ei kyrkje her allereie tidleg på 1000-talet. Fleire kyrkjer vart reist og etter kvart vart det bygd eit klosteranlegg på øya. Mellom anna eit stort terrasseanlegg vart bygd ved kyrkja der Sunniva sine relikvie låg. Selja fekk og status som bispesete. Gjennom denne artikkelen har eg prøvd å sett på kva det var som gjorde at Sunniva vaks fram som ein helgen. Har stilt med spørsmål om dette berre vart gjort som ei legitimering av kristendomen. Ein måtte ha ei personifisert helgen før ein gjennomførte translasjonen av Sunnivarelikviane til Bergen som overtok som bispesete for Selja i 1170. Har og trekt inn Selja i eldre tider. Kome med spekulasjonar omkring kva som gjorde at ein akkurat valte Selja som eit kristent senter i tidleg kristningsperiode i Noreg og kva det var som la grunnlaget for historia omkring Sunniva. Det kan sjå slik ut at Selja var tiltenkt ei rolle som legitimerte for flyttinga av bispesete frå Selja til Bergen. Men at det akkurat var Selja som var valt ut kan sjåast på gjennom den strategiske plasseringa langs kysten, men og med den førkristne historia til staden.

Video[endre]



Kart[endre]

<googlemap lat="62.078099" lon="5.226996" type="map" height="300" width="450" zoom="9"> 62.055575,5.298285, Klikk her: Selje Kloster </googlemap>

Eksterne lenker[endre]